På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.
I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.
Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:
- Opptak, studiestart og SHOT
- Lærarutdanning – regionale samarbeid – Aasenkvartalet
- SFU-søknad
- Khrono-oppslag
- Ukraina
- Strategiplan og handlingsplan
- Økonomi, avsetningar og Hans Strøm-prosjektet
Opptak, studiestart og SHOT
Studentopptaket for hausten 2022 gir eit blanda inntrykk. Vi får ei eiga orienteringssak om dette.