Høgskulen i Volda har i konkurranse med fleire andre tilbydarar vunne oppdraget med å gje styrarutdanning til barnehagestyrarar på Nordre Sunnmøre. Oppdragsgjevar er Sunnmøre Regionråd. Utdanninga starta opp med ei markering i Ålesund, 21. september 2016.
Les også Sunnmøre Regionråd sin omtale av styrarutdanninga.
Les også omtale av styrarutdanninga på HVOs nettsider.
Her er helsinga eg heldt til deltakarar på opninga i Ålesund, 21. september 2016:
«Som rektor ved Høgskulen i Volda er eg svært glad for å kunne få kome med ei helsing til alle dykk som skal ta til på styrarutdanning no i haust. Eg vil rette ein takk for innsatsen så langt til våre tilsette som har arbeidd for å lage eit best muleg opplegg for vår samarbeidspart og oppdragsgjevar Sunnmøre Regionråd, og så vil eg ønskje alle aktørar lukke til med studiet – særleg de som er deltakarar. Det er no arbeidet verkeleg tek til, både for dykk og for oss.
Dette er eit regionalt samarbeidsprosjekt, og eg håpar og trur at dette vil bli ein vinn-vinn på alle vis.
Høgskulen i Volda reknar si institusjonshistorie tilbake til 1861 då det vart skipa både ungdomsskule og lærarutdanning i fjordbygda. Skulen retta seg mot omgangskulelærar, eller almuelærere som det heitte. Det fulle namnet er framleis langt, presist og imponerande: «Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Almuelærere».
Dette skjedde etter initiativ frå Volda kommune, men i samarbeid med andre regionale aktørar fordi det var behov for det i vår del av landet. Det var langt til dei statlege lærarskulane på Stord og Levanger.
Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt i underkant av 4.000 studentar og er profilert og spissa inn mot lærarutdanningar og skulefag, sosialfag og samfunnsplanlegging og media og kulturfag. I vårt fylke syter vi for forsking og utdanning på område som Molde og Ålesund ikkje driv med – og omvendt. Vi har ei klar arbeidsdeling i regionen.
Som rektor er eg glad for at vi kan bruke våre krefter og fokus på å gje best muleg undervisning og forsking og ikkje må bruke tida på samanslåingsarbeid, sidan vi i dag ikkje har andre planar enn å halde fram som sjølvstendig høgskule. Eg håper det vil kome alle studentar – og spesielt dykk som kursdeltakarar til gode.
I Volda har vi drive barnehaglærarutdanning eller førskulelærarutdanning sidan 1971, og søkjartala for hausten 2016 syner at dette er ei populær utdanning. I staben har vi mange dyktige fagfolk som bidreg til fagutvikling både gjennom kursverksemd – som her – og i forskingsbidrag – også på doktorgradsnivå.
Vi har eit «Leik-prosjekt» som vi køyrer for alle barnehager i Ålesund, der Silje Ims Lied er ansvarleg.
Vi har også prosjekt innanfor «Kompetanse for mangfold», som Utdanningsdirektoratet står bak.
Når det gjeld forsking så er Professor Peder Haug ein av dei mest kjende – kanskje den mest kjende – forskaren ved Høgskulen i Volda. Hans faglege utgangspunkt var som lærar og forskar på barnehagelærautdanninga og han har gjennom mange års fagleg arbeid vorte ei røyst det blir lytta til i norsk skule- og utdanningspolitikk. Men han har fått mange arvtakarar ved Høgskulen.
Ei av dei er Gerd Sylvi Steinnes. Ho er prosjektleiar for denne styrarutdanninga, og har skrive doktoravhandling om samarbeidet mellom førskulelærarar og assistentar i eit profesjonsteoretisk perspektiv. Liv Ingrid Aske Håberg har skrive om didaktisk arbeid i barnehagen, nærmare bestemt om korleis assistentar og førskulelærarar planlegg og gjennomfører samlingsstund og femårsklubb. Det kan leggast til at Gerd Sylvi og Liv Ingrid disputerte for doktorgraden i 2014 og 2015, så her snakkar vi om oppdatert forsking!
Og fleire er på veg opp. Vi har andre som forskar på doktorgradsnivå på tidleg språkutvikling, livssynsspørsmål i barnehagen – og om barnehagepolitikk – og om småbarn si kunstoppleving.
Så forskinga strekkjer seg altså frå dei heilt overordna politiske perspektiva – og inn i kvardagen i barnehagen.
Men det er viktig for oss å få fram at når styrarutdanninga blir gjennomført av Høgskulen i Volda, så blir koplinga mellom regionen og høgskulen forsterka. De som deltek på studiet vil få dykkar synlege prov på høgare kompetanse gjennom innhaldet i studiet og eksamen – men de har også bidrege til å heve kompetansen til Høgskulen i Volda slik at vi kan gi endå betre utdanningar i åra som kjem.
Styrarutdanninga er eit studium på masternivå. Når vi no har fått høve til å starte opp dette tilbodet i samarbeid med Sunnmøre Regionråd så vil vi følgje dette opp med å tilby studiet i framtida som eit permanent tilbod ved Høgskulen i Volda. Det vil vere muleg å byggje på styrarutdanninga ved at den blir ein del av vårt veletablerte studium: Master i samfunnsplanlegging og leiing, som også vert tilbode som deltidsstudium over fire år. De vil seinare få møte professor Roar Amdam, som er ein av dei som har vore med på å byggje opp masterstudiet i planlegging og leiing, og han vil kunne gje svar på praktiske spørsmål om masterstudiet.
Så: Vi vil gjerne bli betre – og trur at gjennom regionale samarbeid kan vi både styrke oss sjølve og regionen vi er ein del av. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om de har idear som de kunne ha lyst til å utvikle i lag med oss. Det er ikkje nødvendig å vente til ideane er modne som ferdigstrigla og stivpynta som konfirmantar. Ideane kan godt vere spontane og vitale som små, ivrige barnehagebarn. Berre spør!
Lukke til med styrarutdanninga!»