Allmøtet: Ein visjon for sjølvstende?

På allmøtet om HVOs framtid kom tidlegare rektor Gunnar Stave med ei utfordring – kanskje særleg til meg: Kva er visjonen for å halde fram som i dag- som sjølvstendig høgskule? Eg hadde nok teke for gitt at status i dag og strategiplanen vår sa mykje om dette, men sidan spørsmålet kom så var det nok ikkje sjølvsagt – lenger. Vi treng nok uansett å sjå på strategiplanen på nytt.

Sidan andre høgskular har gått inn i større einingar – til dømes har Høgskolen i Ålesund vorten teken over av NTNU – så kan det kanskje vere slik at det må forteljast på nytt kvifor det trengst små, sjølvstendige høgskular i det nasjonale utdanningslandskapet? Det raske svaret på det er naturlegvis at det er nødvendig med eit mangfald av høgskular.

Spørsmålet kunne også vore snudd: Er det anna enn frykt og uvisse og ei avmaktskjensle som skuvar oss i retning samarbeid i retning av større institusjonar? Det er i alle fall ikkje eit godt utgangspunkt for å kunne oppnå spennande resultat.

På allmøtet svarte eg Stave litt på kva eg meiner er verdifullt og viktig med å halde fram som sjølvstendig høgskule, og tek det litt vidare her – men eg håper at også andre har tankar om dette.

  • Høgskulen i Volda har gode resultat på nasjonale kvalitetskriterier – og på studentvurderingar, no sist i Studiebarometeret. Og ting som fungerer bør ein ha gode grunnar for å endre. Eg veit ikkje korleis Ivar Aasen ville sagt det, men på engelsk blir det vel formulert slik: «If it ain’t broken, don’t fix it».
  • Høgskulen i Volda er mykje meir kjent enn storleiken skulle tilseie. Ei undersøking frå Sentio tyder på at Volda er nesten like kjent for folk flest som dei store universiteta. Korleis vil det bli muleg å profilere studiestaden Volda innanfor ein stor, kanskje utydleg organisasjon?
  • I ein nasjonal samanheng er høgskulen i Volda spesiell ved at vi har eit sterkt nynorskfokus – og er ein viktig aktør på medieutdanning. Om høgskulen skulle bli ein del av ei større eining så vil profilen bli utydlegare og fokuset blir ikkje skjerpa.
  • Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har sagt at fusjonane må få ti år på seg før vi ser resultat. På desse ti åra kunne Høgskulen i Volda fått halde fram med det daglege strevet for å bli stadig betre på undervisning og forsking i staden for å bruke tid på å sitje på møte for å samordne og fusjonere og justere. Det blir ikkje mykje kvalitet av det aleine.

PS: Nytt for mange i salen var det kanskje at portalen Studiebygda.no no har vorte bygd om til ein rekrutteringskanal for nye studentar. Utforminga og ikkje minst reklamefilmen fortener å bli lagt merke til!

Sjå filmen her: www.studiebygda.no

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar