Delegeringsreglementet, vedtatt 4.5.2023

E-post frå Erling Sivertsen stila til rektor Johann Roppen og delt med alle på HVO, 12.5.2023:

Rektor, redaktør og journalist

Gjennom åtte år har du stått fram som ein dugande redaktør og journalist i dei mange nyhendebreva du har publisert. Det er blitt eit massemedium som har tent mange mål for HVO, og vi er blitt opplyst om små og store hendingar. I same periode er media blitt interaktive og publikum blir oppmoda om å ta kontakt om dei ikkje forstår noko av det som er publisert. Det gjer eg no!

I siste nyhendebrev frå 11. mai informerer du om delegasjonsreglement som styret har vedtatt. For mange inklusive meg, er det ei uforståeleg nyhende som blir delt med oss: 

«På førre møte i Høgskulestyret vart revidert delegeringsreglement for Høgskulen i Volda vedtatt. Høgskulestyret ønskjer at mandat til Forskingsutvalet og Utdanningsutvalet framleis skal kome frå høgskulestyret og vil ha framlegg til mandat på bordet i neste styremøte i juni.»  Datert 11.5.23.


Kven styret overførte mynde til er uklart, likeleis er det uklart kva makt styret har gitt frå seg. Likedan er det ikkje forklart kvifor Forskingsutvalet og Utdanningsutvalet ikkje ville gi frå seg mynde gjennom delegasjonsreglement. Desse spørsmåla er viktige å få svar på i lys av dei prosessane som vert gjennomført ved Høgskulen i desse dagar.

Volda 12.mai 2023

Erling Sivertsen

Kandidat til val av nytt Høgskulestyre  

Kort svar frå rektor:

Det er bra med engasjement frå tilsette – og andre – om saker som er oppe i høgskulestyret. Fordi styremøtet i mai 2023 vart halde på Øye vart det diverre ikkje strøyma, så formidlinga frå møtet er dermed tynnare enn vanleg.

Men det er også litt synd at spørsmål kjem etter at det er gjort vedtak. Saka var også oppe i styremøte i mars og vart då utsett til mai-møtet.

Før styremøtet vart saka også drøfta i Forskingsutvalet og Utdanningsutvalet og alle styresaker vert også drøfta med dei tilsettes organisasjonar.

Her er sakspapira til mai-møtet. Vonleg er den korte teksten i nyhendebrevet litt meir begripeleg om ein ser den i samanheng med sakspapira.

Eg oppmodar til at debatten held fram i kommentarfeltet på rektorbloggen, og dei som eventuelt ønskar å kome med meir omfattande synspunkt skal naturlegvis få eigne innlegg.

Johann Roppen, 12.5.2023.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

4 kommentarer til «Delegeringsreglementet, vedtatt 4.5.2023»

  1. Det er antakelig ikke noe nytt at vi i mange sammenhenger har pekt på at det hersker et demokratisk underskudd ved Høgskulen i Volda – og spørsmålet er i hvilken grad det nye delagasjonsreglementet bidrar til å bedre eller forverre den situsjonen. Hvem skal velge representantene til de forskjellige råd og utvalg? Blir makten samlet på færre hender og beveger vi oss i retning av et fåmannsvelde – hvor beslutninger fattes av stadig færre? Det vedtatte delagasjons reglement må vel følges opp med en avklaring for hvilke konsekvenser dette får for avdelingene – bidrar det til enda mer makt og innflytelse for dekanene? Jeg tror det snart er på tide med en grundig gjennomgang av makt og myndighet ved høgskulen. Vi har masse kompetanse til å gjøre den typen lokal maktutredning og bidra til en analyse av hvordan makt delegert og utøvd – til nytte eller skade for høgskulens samfunnsoppdrag? Bruker vi våre ressurser rett og hvordan er det med det deltakende demokratiet ved en så viktig samfunnsinstitusjon?

  2. I nyhendebrevet har eg aldri hatt ambisjonar om å lage ei internavis som går i djupna og breidda på alt som eg meiner er viktig på HVO. Men eg har prøvd å vere kort, informerande og faktaorientert. Dei som vil vite meir må følge lenker vidare til andre tekster.
    Som til dømes styrepapir der alle kan gjere seg opp ei meining om det som står der.
    Det burde spesielt vere nærliggande å gjere om ein stiller til val som styremedlem.

    Men i kortform meiner eg saka handlar om dette:
    Høgskulen fekk for nokre år sidan eit delegeringsreglement som skulle oppdaterast. Av mange grunnar vart arbeidet forsinka, men er altså no vedtatt og gjeld inntil eit nytt reglement vert vedtatt i det nye styret. Under føresetnad av at det nye styret har konkrete ønske om endringar.

    I saksframlegget til delegeringsreglement i mars 2023 vart det foreslått at direktør skulle få delegert mynde til å opprette utval og å fastsette mandat. Styret utsette saka til mai-møtet.

    Forskingsutvalet og Utdanningsutvalet hadde møte i april, og ønska å halde fram med dagens ordning der styret gir mandat for desse to utvala. Styret vil i junimøtet vedta mandat for dei to utvala.

    På mai-møtet vart det også for første gong vedtatt instruks for rektor og direktør. Instruksen er svært lik tilsvarande instruksar for rektor og direktør ved universiteta i Oslo og Bergen og vil i praksis skriftfeste innarbeidd praksis ved Høgskulen i Volda. Meiner eg.

    1. Eg les styrepapira når dei er klare, men mitt innlegg etterlyste informasjon til eit vidare publikum enn meg, og eg er vel kjend med kva mynde som er flytta. For eg trur ikkje publikum forsto noko av punktet i nyhendebrevet, følgeleg kom spørsmålet.

  3. Framleis er eg like klok etter svar. Kven fekk meir mynde, og kven fekk mindre mynde gjennom revideringa delegasjonsreglement? Det skulle vere enkelt å opplyse leserane om dette, for det er journalistane si viktigste oppgåve hjelpe publikum til å forstå kva som har skjedd. For publikum er for oppteken med undervising, med forsking og formidling til beste for studentane og samfunnet til å kunne undersøke uforståelege nyhende på eiga hand.

Legg igjen en kommentar