Historisk institutt arrangerte torsdag 6. september ope seminar om historieskriving for UH-institusjonar generelt, og HVO spesielt.
På seminaret argumenterte Oddbjørn Melle for at ein viktig dato for Høgskulen i Volda er 20. juni 1969. Då vedtok Stortinget å opprette dei første DH-institusjonane som ei prøveordning, så det er antakelig det næraste vi kjem ein fødselsdato for DH-skulen i Volda.
Vedtaket aleine kan vere litt forvirrande – det står slik:
… men her står jo ingenting om nokon DH-skule i Volda. Berre Molde er omtala. Men av debatten i Stortinget går det klart fram at det var føresett at det skulle starte prøvedrift med DH-skule også i Volda.
Les debatten over meir enn 30 sider i Stortingstidende.
Høgskolen i Molde arbeider også med planar om ei jubileumsmarkering i 2019.
I 2019 er det også 25 år sidan samanslåinga av DH-skulen og Volda Lærarhøgskule i 1994.
Og så vil truleg og vonleg dei første spadetaka på Sivert – nybygget for mediefaga – bli teke rundt sommarferietida 2019.
Så oppsummeringsvis:
- 50-års jubileum for oppretting av DH-skulen i Volda
- 25-års markering av samanslåinga av Volda lærarskule og DH-skulen i Volda
- Byggjestart på Sivert Aarflot-huset («Mediehuset»)