HVO-styremedlem Terje Heggem beklagar i eit intervju med høgskuleavisa i Molde at det ikkje blei noko av Høgskulen i Møre og Romsdal. Men han rosar Høgskolen i Ålesund for at dei nytta høve til å bli overtatt av NTNU:
Terje Heggem: – Den historiske sjansen [til å etablere Høgskolen i Møre og Romsdal] forsvant når Høgskolen i Molde ikke slo til da Høgskolen i Ålesund var positiv til en slik løsning. Ære være Ålesund som tok et dynamisk grep og knyttet seg opp mot NTNU.
Etter mi meining heng Heggems tankar om dette ikkje heilt i hop. Om ein først meiner at ein fylkeshøgskule er best for Møre og Romsdal, så burde jo Høgskolen i Ålesund få kritikk og ikkje ros sidan dei valde å bli overtatt av NTNU, i staden for å halde fram arbeidet for Høgskulen i Møre og Romsdal.
I høgskulestyret var det Heggem som lanserte ideen om at Høgskulen i Volda burde ta ein titt på samarbeidsmulegheitene med Molde og Lillehammer, og som leiinga ved Høgskulen har følgt opp med eit fellesmøte.
Les heile intervjuet med Heggem her (panorama.himolde.no).