Etatstyringsmøtet.
Etatstyringsmøtet 2022 vart gjennomført som planlagt 13. juni. Vi fekk 8. juni tilsendt KDs utkast til skriftleg tilbakemelding. Den har omlag same format som tidlegare år, men vi oppfattar årets tilbakemelding som noko meir balansert enn tidlegare år. Blant anna får vi skryt for at den alt høge gjennomføringsgraden på bachelor har auka endå meir – og departementet har også merka seg – med glede – at andelen masterstudentar som gjennomfører på normert tid har auka klart.
Vi har nokre få kommentarar som har vorte sendt til KD og det endelege resultatet kjem om kort tid.
Hovudinntrykket er at Kunnskapsdepartementet – som før – har god oversyn over den overordna utviklinga ved Høgskulen i Volda men at vi gjennom etatsstyringsmøta får forklare – og i somme tilfelle oppklare – kva som ligg bakom tala.
Korona og forskrift
Vi har kanskje fått ei oppblomstring av korona heilt i det siste, men no er eksamen gjennomført ved Høgskulen i Volda og vi har ikkje hatt merkbare koronaproblem det siste halvåret. Vår lokale mellombelse forskrift om studium og eksamen på grunn av korona vart vedtatt i juni 2021 og går ut 20. juni 2022, og vi ser per i dag ingen grunn til å forlenge forskrifta. Skulle pandemien endre seg igjen vil det naturlegvis vere aktuelt å innføre forskrifta på nytt.
Strøm-prosjektet, flytting og arbeidsmiljø
Dei tilsette i Hans Strøm-huset har no flytta ut av huset og har installert seg i andre hus på høgskuleområdet. Flyttinga har gått bra og vi håper det også går greit når vi startar opp att undervisninga til hausten. Det er også gledeleg at vi har fått på plass den siste godkjenninga frå Kommunal og distriktsdepartementet så vi reknar med at arbeidet med ombygginga kan starte etter planen.
Arbeidsmiljøkartlegginga ARK har vorte gjennomført i tråd med opplegget frå NTNU og med lokale tilpassingar. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) følger ARK-arbeidet tett og vil på møtet 20. september lage ei oppsummering av ARK som det deretter vil vere naturleg å orientere styret om.
Lærarutdanning – regionale samarbeid – Aasenkvartalet
Vi har i 2022 uteksaminert dei aller første studentane som for fem år sidan starta på master i GLU. Vi har ikkje klart tala på kor mange som har gjennomført, men vi har hatt sterkt fokus på masteroppgåva og har oppfatta det som eit kritisk punkt i studieprogresjonen og møter denne utfordringa gjennom kursing i rettleiing på masternivå og vidare ved at studentane ikkje blir overlatt til seg sjølv men følgjer kvarandre også gjennom masterprosessen.
Vi har også sendt to søknader om midlar til HK Dir med sikte på å etablere lærarutdanning i Kristiansund. Søknadene handla om PPU som kanskje kan starte hausten 2023 og den andre gjaldt planlegging av Grunnskulelærarutdanning i Kristiansund – i så fall frå hausten 2024 når første byggetrinn av Campus Kristiansund står ferdig.
Fylkestinget har møte 20. juni. Innstillinga er positiv til å løyve midlar til planlegging av vidare utvikling av lærarutdanning, både grunnutdanning og vidareutdanning for Kristiansund og Nordmøre. Fylkestinget skal også ta stilling til om fylket skal vere med på den vidare utvikling av Aasenkvartalet og innstillinga er positiv.
Forskingsrådet
Det har vore mykje omtale av Forskingsrådet den siste månaden med utskifting av styret og uvisse om storleik på løyvingar for framtida. Vi har ikkje fått nokon signal som tyder på at prosjekta som alt er i gang vil bli direkte ramma, men vi har fått oppmoding om å utsette oppstart og gjennomføring av delar av prosjekt om det er mogleg. Så i sum reknar vi med at dette ikkje får konsekvensar for prosjekta som Høgskulen i Volda alt er involvert i. Samtidig verkar det klart at konkurransen om forskingsmidlane i åra som kjem blir om mogleg endå hardare enn i dag så våre ambisjonar om å auke inntektene frå Forskingsrådet blir ikkje akkurat lettare å oppnå.
Ukraina
Høgskulen fekk tildelt 10 studieplassar som har vorte vidare fordelt til NIS (Norsk for internasjonale studentar). Desse midlane vil også kunne nyttast på andre flyktningar enn Ukrainske. Vi har fått desse midlane over fire år, så det vil vere naturleg å vurdere bruken i høve til kor mange flyktningar som faktisk kjem.