Juni er tida for sommaravslutningar, med takk og avtakking og kanskje kake. Såleis også på Avdeling for samfunnsfag og historie der sommar/årsavslutninga vart gjennomført på zoom.
Dekanen og to professorar heldt gode talar og helsingar til tilsette – og kvarandre: Dekan Randi Bergem gjorde opp status for 2021 – og såg framover mot 2022. Tor-Johan Ekeland vert emeritus etter ca. 40 års teneste på Høgskulen i Volda og fekk helsingstale frå professorkollega Jan Inge Sørbø. Dei tre har på oppmoding frå rektor delt sine talar her på rektorbloggen:
- Helsing frå dekan Randi Bergem til alle tilsette og studentar på ASH
- Helsing til professor Tor-Johan Ekeland (70) frå professor Jan Inge Sørbø
- Takketale frå Tor-Johan Ekeland
