Dykkar samarbeid, forskingsinteresser og forskingsinnsats og ikkje minst bidrag i rettleiing og undervisning har vore avgjerande både for planlegging, akkreditering og start på arbeidet med fellesgraden.
Treng vi ein doktorgrad?
Det var ikkje i 2013-2014 sjølvsagt at vi skulle prioritere å søke om akkreditering og å gjennomføre planane for ein doktorgrad.
Eit uttrykk som folk utanfor akademia av og til brukar er: «Fordervaskulte». Altså – for mykje utdanning. Eller kanskje det betyr overkvalifisert? Og i alle fall helst teoretisk orientert.
Må ein ha tilsette med doktorgrad for å undervise framtidas lærarar, sosialarbeidarar eller andre som tek utdanningar som har vore på bachelornivå?
Det er nok ikkje veldig lenge sidan kanskje mange på Høgskulen i Volda ville svart nei på det. I dag trur eg dei fleste ser at vi må ha forskarar, vi må ha tilsette med doktorgrad – rett og slett for å oppfylle vår samfunnsrolle og kanskje også for å vere relevant i det som vert kalla det framtidige kunnskapslandskapet. Det handlar både ytre forventningar til at vi skal vere ein leiande og relevant kunnskapsinstitusjon både nasjonalt i vår region, for arbeidslivet her på Nordvestlandet. Men også fordi heile samfunnet og dermed også våre eigne studentar får høgare og høgare kompetanse:
- Grunnskulelærarutdanningane har vorte femårige, dei har vorte masterutdanningar. Barnevernsutdanninga står for tur.
- Og i haust startar vi master i barnehagekunnskap.
- På avdeling for kulturfag arbeider vi også med planar for masterutdanning.
Og når fleire og fleire av våre studentar arbeider med mastergrad bør både studentane og vi sjølve forvente at fleirtalet av dei tilsette har doktorgrad – eller arbeider for å få det. Vi som driv med utdanning må ha tru på at utdanning virkar og hos oss betyr utdanning forskingsbasert utdanning.
Vil det fungere?
Før doktorgraden i helse- og sosial kom i gang var nok også mange som var spente på om dette var eit fagtilbod som ville fungere? Om det var behov og interesse for ei slik utdanning?
Begge dei to høgskulane prioriterte tydeleg den nye doktorgradsutdanninga gjennom prioritering av stipendiatstillingar. No er det vel ca. 30 doktorgradsstudentar til saman som er inne i programmet, eller som alt har disputert.
Så vi kan konstatere at dette tilbodet har vore etterspurt både i det etablerte fagmiljøet og hos yngre forskarar som vel å satse fleire år av livet på å gå gjennom eit doktorgradsprogram ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde. Det skal vi vere glade for – ikkje minst i eit regionalt perspektiv.
Møre og Romsdal er eit fylke som må heve den formelle kompetansen både generelt men også på forskingsinstitusjonane i fylket. Og då er doktorgradsutdanning viktig og nødvendig. Og det er derfor Høgskulen i Volda no også arbeider med planar for ei ny og eiga doktorgradsutdanning som vil utfylle fellesgraden på Helse og sosial, nemleg innan humaniora og utdanning. Eg håper vi får til å sende ein søknad før jul 2021.
Kva gir doktorgraden?
Det vi også har sett som følgje av doktorgradsutdanninga er at vi også har fått eit større forskingsnettverk, vi er meir attraktive for andre fagfolk og fagmiljø, både regionalt og nasjonalt. Som nemnt ligg samarbeidet med Høgskolen i Molde i botnen og er verdfullt for begge institusjonane. Vi har ein stipendiat i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og Muritunet og Stein Conradsen har tidlegare arbeidd i Helse Møre og Romsdal og eg har godt håp om vidare og djupare samarbeid med helseføretaket. Eg håper og trur på fleire slike samarbeid framover.
For kort tid sidan fekk vi gjennomslag for eit forskingsrådsprosjekt på ein samla verdi på over 40 millionar kroner. Professor Kjartan Leer-Salvesen er både prosjektleiar for dette prosjektet og også leiar i det felles Doktorgradsutvalet. Her har samarbeidet gjennom fellesgraden vore eit avgjerande fagleg fundament for at dette prosjektet kunne nå fram.
Så når vi no 6 år etter ser den første disputasen så er det etterlengta, og vi har godt håp om at det blir fleire disputasar seinare i år. Etter å ha opplevd ein så flott disputas i dag så trur eg fleire enn meg alt har begynt å gle seg til den neste! Og eg håper dagen også kan vere inspirerande for dei som arbeider med – eller kunne tenke seg – å arbeide med ein doktorgrad.
Så på vegne av studentar, tilsette og styret ved Høgskulen i Volda: Gratulerer med dagen til doktorand Stein Conradsen og alle involverte i doktorgradsarbeidet – og lukke til vidare!