Framlegg til nye språkpolitiske retningsliner: Høgskulen tek større ansvar for nynorsk

Men korleis skal ein formulere vårt forhold til nynorsk på rett måte i eit dokument med tittelen «språkpolitiske retningsliner»?

Her kan det passe å løfte fram heile det andre avsnittet i framlegget frå arbeidsgruppa:

I Lov om språk blir det streka under at offentlege organ har «eit ansvar for å fremje det minst brukte språket». Høgskulen i Volda har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk språk og kultur, både fordi nynorsk er eit mindretalsspråk som har rett på særskilt vern, og fordi Høgskulen i Volda ligg midt i kjerneområdet for dette språket. På denne bakgrunnen skal nynorsk vere hovudspråket ved HVO, slik at institusjonen står fram med ein tydeleg nynorsk profil.

Mi vurdering er at framlegget går eit hakk eller to opp i våre ambisjonar om å ha ein nynorsk profil. Eller kanskje med ei noko meir høgstemt formulering: «Vi skal varveitsle nynorsk» – ta vare på nynorsk så godt vi kan, på våre område.

Det må her leggast til at den nye språklova enno ikkje er vedtatt av Stortinget, men formuleringa «det minst brukte språket» får vi tru overlever behandlinga.

Les meir om framlegget til ny språklov og stortingsmeldinga om språk på Kunnskapsdepartementets nettsider.

Her er Høgskulen i Voldas høyringssvar på framlegget til ny språklov.

Frå før har Høgskulen på Vestlandet (HVL) også profilert seg som ein høgskule som ønskjer å ta vare på nynorsk språk. Nettavisa PåHøyden gjorde eit poeng av dette i eit oppslag:

HVL vil ta plassen som høgskulen for nynorsk (PåHøyden, 28. april 2018).

Bakgrunnen for oppslaget var at den nyfusjonerte høgskulen hadde skrive språkpolitiske retningsliner der seniorrådgivar Georg Arnestad i følgje PåHøyden lova at HVL skulle bli «den fremste i landet» på språk. Og HVL seier blant anna at «HVL skal ha ein tydeleg nynorsk profil, og bruke eit levande og godt nynorsk språk.».

Her er HVLs språkpolitiske retningsliner, vedtatt av høgskulestyret 26. april 2018.

Men tilbake til Høgskulen i Voldas framlegg til nye retningsliner. Korleis skal vi i praksis ta eit særleg ansvar og praktisere nynorsk som «hovudspråk»?

I framlegget til retningsliner er det særleg nemnt lærar- og barnehagelærarutdanningane og vist til nasjonale rammeplanar. Men så kjem utvalets kompromissformulering når det gjeld andre utdanningar ved høgskulen:

«Også andre utdanningar bør førebu studentane på den språklege kvardagen dei skal arbeide i.»

Med «andre utdanningar» er det nok særleg tenkt på profesjonsutdanningar som sosionom, barnevern, administrasjon og leiing – og ikkje minst mediefaga.

Sosionom, barnevern og administrasjon/leiing er jo særleg retta inn mot offentleg sektor og der er det særlege forventningar til at tilsette skal kunne meistre både bokmål og nynorsk.

For mediefaga er dette veldig variert. Språkval i media både kan handle om den einskilde medarbeidar sitt personlege val, somme mediebedrifter har ein språkpolitikk eller eit konsept som tilseier den eine andre eller begge målformer. Og i andre delar av mediebransjen må ein følgje oppdragsgjevar sine krav til språk.

Eg både håper og reknar med at dette punktet  blir diskutert i høyringssvara – og i fagmiljøa også etterpå.

Sjølv både håper og trur eg at formuleringane om nynorsk som hovudspråk blir halde fast på.

Meir enn nynorsk

No handlar dei språkpolitiske retningslinene om meir enn nynorsk, og her er er nokre moment:

  • Retningslinene seier det bør vere eit mål at både tilsette og studentar skal kunne utrykkje seg skriftleg i eit forståeleg fagspråk. «Forståeleg fagspråk» er lett å skrive – og skikkeleg utfordrande å få til. Kanskje burde vi legge til at dette også bør gjelde munnleg framføring?
  • Engelsk eller andre språk skal nyttast der det er føremålstenleg, foreslår retningslinene. Men vi kunne vel forsterke dette ved å seie at engelsk er ein føresetnad for internasjonalisering?
  • Det er fagmiljøa (avdelingane) som etter retningslinene skal avgjere språkval (engelsk eller norsk) – men retningslinene seier også at vi forventar at alle studentar skal kunne «gjere seg nytte av faglitteratur både på norsk og engelsk».
  • I kva grad kan eller bør vi stille krav til nye tilsette om at dei skal lære seg norsk, for ikkje å snakke om å stille krav om nynorskkompetanse? Eitt perspektiv på dette er om studentar som skriv på nynorsk skal kunne få god rettleiing uansett kven som er læraren deira. Er det praktisk og juridisk muleg å oppnå?
  • Klarer vi aleine eller saman med andre å tilby kurs i norsk språk, kultur og samfunnskunnskap for nye tilsette og for studentar?
  • Retningslinene handlar også om norsk fagterminologi: Kva ambisjonar skal vi ha på dette området, og korleis skal vi få det til i praksis?
  • Korleis skal vi gjennomføre prinsippa på adminstrativt område? Det handlar både om saksbehandling, formidling på nettsidene, rekrutteringsmateriell og mykje anna skriftleg produksjon. Mi meining er at vi bør utforske internkontroll-mekanismane for å sette krav til oss sjølve. Eller som Digitaliseringsdirektorate (DIFI) seier det: «God kommunikasjon er ein føresetnad for god internkontroll.» Om det finst andre og betre måtar å gjere det på så er eg interessert i å høyre om det.

Er her nokon manglar i retningslinene? Heilt sikkert. Dei er korte og konsise og forståelege. Heilt i tråd med sine eigne krav til godt språk på Høgskulen i Volda. Men sidan dei er korte kan heller ikkje alt omtalast.

Sjølv kunne eg i tillegg ønske meg at retningslinene sa noko om at vi også bør vere opne for andre skandinaviske språk.

Høyringsfrist: 1. april

Høyringsfristen vart forlenga til 1. april, og eg er glad for signal som tyder på at retningslinene no blir diskutert i mange fora. I høyringsbrevet står følgande om høyringssvar: «Avdelingar, institutt og tilsette kan sende innspel». Og høyringssvar vert å sende til postmottak@hivolda.no.   

(Her må det vel også leggast til at også studentar er hjarteleg velkomne til å kome med innspel.)

Takk til arbeidsgruppa og deltakarar på høyringsmøte

Ein takk til dei som deltok på høyringsmøtet for innspel i diskusjonen: Dei som deltok var:

Dei andre medlemmene av arbeidsgruppa var Line Lauvsnes Oddekalv og Ane Bergset Mandal.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar