HVO er ein regional institusjon, og difor er det veldig kjekt å få vere med på ei anna regional hending: Opning av Ulstein Arena.
Lære – leve – oppleve
Desse tre orda seier mykje om kva HVO ønskjer å tilby våre studentar. Og dei same tre orda seier også mykje om ambisjonane for Ulstein Arena.
Lære – leve – oppleve: Aller best blir det om ein kan få innhaldet i desse tre orda til å smelte i hop. Og det ligg det godt til rette for i Ulstein Arena. Her får ein tilgang til bøker, til digitale tekster, til symjing og vassleik, hallidrett, klatrevegg og andre kulturelle opplevingar.
Kultur og mediefag, idrett, kreative fag og samfunnsplanlegging og samfunnsutvikling er sentrale fagområde for Høgskulen i Volda og vi er difor spente og forventningsfulle til kva resultat som kan kome ut av prosjektet Ulstein Arena i framtida.
For Høgskulen i Volda har Ulstein Arena alt gjeve viktige resultat.
Det er gjennom samarbeid med Ulstein kommune og til og med før sjølve opninga.
Det siste året har høgskulen og Ulstein kommune utvikla spennande samarbeid innanfor IKT i skulen. Initiativet kom frå Ulstein kommune og ideen læringsarena Ulstein, som er ein spanande arena for digital nyskaping i biblioteket. Med fylket som ein viktig medhjelpar har vi utvikla eit program for vidareutdanning i IKT for lærarane i skulen.
Dette har igjenført til at vi i lag har fått gjennomslag for eit nasjonalt FoU-prosjekt innanfor IKT i skulen. Eitt av desse prosjekta hadde vi nok ikkje fått utan eit godt samarbeid med skular i regionen, som i Ulstein og Volda. I lag med eit anna prosjekt snakkar vi her om prosjekt til ein samla verdi på ca 25 mill på området IKT i skulen.
Les meir om dette på våre nettsider.
Både læring og forsking blir betre når ein samarbeider – og vi ser fram til vidare samarbeid på – gjennom og i Ulstein Arena.
Vi gler oss difor mykje til vidare samarbeid i skulen i Ulstein – og er spente på Arena Ulstein og læringsarena Ulstein kan bli i framtida.