Nettsidene til Høgskulen i Volda har fornya seg, og det skjedde i dag 25. oktober 2017. Det er i god tid før juletida 2017 då mange nye studentar for alvor tek til å orientere seg mot eit nytt studieår hausten 2018.
Nye studentar fortel at nettsidene er den viktigaste staden for å få informasjon om studia ved Høgskulen i Volda og Volda som studiestad. Det er også her studentane ventar å finne enkle og raske lenkjer til alt som studiekvardagen inneheld – frå Canvas og Oria til informasjon om eksamen og e-post til lærarar.
Eitt mål på kor viktige nettsidene er trafikktala:
Til no i år har www.hivolda.no hatt over 300.000 unike brukarar og nesten 4 millionar sidevisningar. Sidene blir brukt.
Høgskulestyret sette av 1 million til å fornye nettsidene – og fleire tilsette har arbeidd med prosjektet dei siste to åra. Eg håper vi får god valuta for pengane – førsteinntrykket er i alle fall godt: Nettsidene er fine å sjå på, innhaldet er relevant for studentar og tilsette og det er lett og logisk å manøvrere.
Når nettsidene no er på lufta skal vi likevel ikkje rekne det som eit ferdig arbeid – men heller som eit glimrande utgangspunkt både for å kunne fortelje endå tydelegare og meir effektivt om kva vi driv med – og som ein portal for studentar til å kunne få rask, oppdatert og enkel tilgang til det viktigaste på Høgskulen i Volda.
Det vil heilt sikkert vere ting som ikkje fungerer optimalt – gi beskjed til vev@hivolda.no slik ting kan bli fiksa.
Høgskulen i Volda er i ferd med å bli fulldigitalisert på alle område. Det er knapt nok eit papirskjema igjen å finne – og vi ventar i grunnen på at andre aktørar skal kome med gode løysingar for sikker elektronisk signatur før vi kan fjerne dei siste papirskjemaene. Så om ikkje så lenge kan vi nok rekne oss for å vere heildigitalisert, vonleg og venteleg som ein av dei første i Noreg. Og dei nye nettsidene vil vere med på å hjelpe oss på vegen dit.
- Til arbeids- og styringsgruppa: Gratulerer med gjennomført prosjekt!
- Til alle studentar og tilsette: Dette er ei nyttig gåve – pakk den opp – studer den på alle mulege måtar – og bruk den for alt den er verd.
Involverte i prosjektet:
Den nye publiseringsløysinga er levert av byrået Frontkom i Fredrikstad. Designet er utarbeidd av Kib&Morits, som er totalleverandør av høgskulen sin grafiske profil. Internt har prosjektet vore organisert med styringsgruppe, prosjektgruppe og referansegruppe.
Mest arbeid har nok falle på prosjektgruppa her er dei:
Eit lite attersyn – digital arkeologi:
Eit utval av tidlegare nettsider på HVO (henta frå archive.org):