Styret ved HVO deler ut FoU-prisen for å heidre framifrå forsking og utviklingsarbeid, FoU, etter framlegg frå Forskingsutvalet ved høgskulen, som igjen får framlegg frå fagmiljøa. Det har vere fleire gode kandidatar til prisen dei siste åra, og det er ei glede å kunne dele ut prisen kvart år. Historia om FoU-prisen er ikkje så veldig lang. Den går tilbake til eit styrevedtak hausten 2005 om å opprette ein slik pris i samarbeid med Møreforsking Volda. Prisen vart første gong utdelt i 2006. Dagens tildeling er den ellevte prisen i rekka. Prisen består av kr 30 000 til enkeltpersonar og eit diplom som er utforma av vår eigen Thomas Lewe.
Prispengane skal brukast til ‘tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar, miljø og nettverksbygging eller utstyr’.
I tillegg til å heidre prisvinnarane, er intensjonen med prisen også å framheve personar og miljø som kan fungere som modellar for andre, og inspirere til meir FoU-aktivitet.
For å få prisen må ein ha utmerka seg på eitt eller fleire område: Levere FoU-arbeid med høg kvalitet, ein må ha publisert på høgt nivå, ein må ta del i nasjonalt og internasjonalt samarbeid, ein må vere miljøbyggar, og ein må formidle FoU til samfunnet rundt.
Om årets vinnar vil eg seie følgjande:
Prisvinnaren i 2016 er ein produktiv forskar og ikkje minst formidlar. Ho har stor breidde i forskingsproduksjonen sin – og har skrive både for lek og lærd.
Og ikkje minst har ho skrive for eit svært internasjonalt publikum. Om Noreg og nordmenn.
Ei av bøkene ho har redigert er det spesielt kjekt å nemne: «Er det typisk norsk å vere uhøfleg?» heiter boka på norsk.
Boka er å få også på andre språk:
Tysk: Unhöflichkeit : Typisch Norwegisch?
Spansk: Ser descortés ¿Es Típicamente Noruego?
Polsk: (Nie) Uprzejmy jak Norweg?
Boka har blitt gjeven ut på norsk, engelsk og tysk, russisk, kinesisk, arabisk, polsk, spansk og swahili. Om det finst piratutgåver på andre språk ser eg ikkje bort frå!
Då vil eg få gratulere prisvinnar Reidun Aambø og be ho om å kome fram og ta imot diplomet for FoU-prisen 2016.»
Reidun Aambøs arbeid hos norske bibliotek (Oria).
Reidun Aambøs publiseringar (Cristin).