Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen heldt innleiing om kvalitet i høgare utdanning på representantskapsmøtet i Universitet- og Høgskulerådet (UHR) på BI 19. november. Isaksen innførte der det astronomiske fenomenet svarte hol som ein ny metafor for kvalitetsarbeid i høgare utdanning. Det handlar om at kvaliteten ved universitet- og høgskular kan vere vanskeleg å analysere utanfrå, men syner seg gjennom sterk påverknad på omgjevnadene. På same måten som svarte hol er uråd å observere direkte, men syner seg gjennom effektar på andre fenomen.
Isaksen kunne nok også lagt til at svarte hol inneheld enorme mengder med energi og har sterk tiltrekningskraft. Men det finst visstnok både store og små, og dei største er resultat av slokna stjerner som i sluttfasen forbrenner enormt med energi og veks voldsomt før dei kollapsar inn i seg sjølv og altså blir eit svart hol. Metaforen er vonleg ikkje heilt parallell til strukturdebatten.
Mindre attraktive sider ved svarte hol vart påpeika av rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen som blant anna meinte at det var ganske få som verkeleg hadde lyst til å ha sin arbeidsplass i eit svart hol.
Ei anna side ved svarte hol er at det foregår intens forsking på svarte hol – og dei store endringane som skjer med fusjonar og alliansar i høgskule- og universitetssektoren hadde definitivt fortent eit forskingsprosjekt. Det ville nok vere etterspurt forsking både innanlands og utanlands – det er jo eit fullskala-eksperiment som no blir gjennomført, og som Isaksen seier: Vi må kanskje vente i 10 år før vi kan seie korleis dette gjekk. Men vonleg kan god forsking på området gje svar på kva og kvifor i prosessen.
Rektor ved Universitetet i Tromsø Anne Husebekk tok også til orde for følgjeforsking i løpet av paneldebatten, og også i kaffepausen fekk eg inntrykk av at forsking på endringar i forskingsinstitusjonar ikkje var så dumt. Isaksen virka ikkje avvisande. Bra!
Isaksens mål med den komande stortingsmeldinga om høgare utdanning er at det ikkje skal vere overraskande for sektoren kva som blir kvalitetskrava. Han ønskjer seg ein god og brei debatt om desse krava. Det er eit godt mål å sikte mot. Meldinga skal kome i 2017.
Men då er altså strukturprosessen fullført.