Orientering til høgskulestyret, 5.3.2020

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på våre nettsider.

Koronavirus
Vi følgjer nøye med på utviklinga og vil forholde oss til og formidle internt nasjonale retningsliner der det er aktuelt. Eg viser her til våre nettsider der det er informasjon på norsk og engelsk. Vi har hatt ein viss beredskap på dette i fleire veker og har blant anna mint om at Høgskulen har ein pandemiplan som også er tilgjengeleg på våre nettsider i lag med andre styringsdokument.

Nybygget og campusutvikling – sak 41/19

Husbygginga på høgskuleområdet viser no godt igjen, også på bygginga av det nye mediehuset. Vi har ikkje noko nytt å melde når det gjeld tilskot på nasjonalt nivå til mediehuset. Det har vore regjeringsskifte og kome ein ny statsråd og ny politisk leiing for Kunnskapsdepartementet. Vi skal ha møte med Mørebenken om ei veke, torsdag 12.mars og set vår lit til at regionale politikarar ser verdien av dette prosjektet.

Struktursaka

Som sagt i førre orientering til høgskulestyret ser eg på struktursaka som noko som det er naturleg at høgskulestyret, tilsette og studentar arbeider med både som ein del av strategiplanen og som vidare oppfølging etterpå. Styret ved Høgskolen i Molde har bestemt seg for å lage eit notat om samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Universitetet i Bergen skal ta opp spørsmålet om samarbeidsavtale med Høgskulen i Volda på sitt styremøte i april.

Mange nasjonale og regionale konferansar

Høgskulens fagmiljø inngår i svært mange og mangslungne faglege nettverk – og vi ønsker ein aktiv aktør.  No i mars og april er det stor aktivitet med 7 nasjonale eller regionale konferansar som blir arrangert i volda, Ålesund, Molde og Bergen – dei fleste med høgskulen som med-arrangør. Tema og målgruppe er PPU, matematikk, nyutdanna lærarar, digital skaparkraft og dømmekraft;  Seanse har ein tverrfagleg kunstverkstad i Bergen, skuleleiarar i Møre og Romsdal skal ha konferanse med tema meistring og så skal vi i samarbeid med Sjustjerna-kommunane på Søre Sunnmøre ha ein fagdag om traume og stressrelaterte lidingar hos barn og unge. 

Retting av statistikken for masterutdanningar

Eg har ei gledeleg nyheit som gjeld våre masterstudentar. Vi har hatt låg gjennomstrøyming på våre masterutdanningar. Det har vore nokså få studentar som har fullført masterutdanningar på 2 år. Tala har vore litt rare og gått mykje opp og ned i åra 2015 til 2019. No har DBH – Database for statistikk om høgre utdanning retta våre tal for 2015 til 2019. Dei retta tala syner at høgskulen har hatt ei positiv utvikling for alle desse åra. I 2015 var det 12 prosent av masterstudentane som fullført på to år. I 2019 har dette talet kome opp i 28 prosent. Dette er tal også må oppdatert i vår årsrapport og er blant våre styringsparameter.  

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar