Tidleg innsats i skule og barnehage – på norsk

Kunnskapsdepartementets utdanningspolitiske toppmøte 2018.

Kunnskapsdepartementet held år om anna såkalla «utdanningspolitiske toppmøte» – og i 2018 skjedde det 16. oktober.

I 2018 var temaet: «Tidlig innsats og samspillet mellom forskning, høyere utdanning, barnehager og skoler». Eller sagt på ein annan måte: Alle er samde om at det trengst meir og betre tidleg innsats i skule og barnehage – det er antakelig eit viktig tiltak for å få ein kvalitativt betre skule – og barnehage.

For meg var det ein stor skilnad på årets toppmøte og tidlegare toppmøte: Alle innleiarane – og dermed møtedeltakerane – snakka på norsk. Vi får tru at statsråd Nybø med dette også har gjort ei aldri så lita språkpolitisk markering.

Men språk vart også teke opp i dei faglege innlegga. Robert Ullmann som snakka om språkmeistring i barnehagane til Kanvas, også inspirert frå Finland. Eller Thomas Nordahl som prøvde å minne seg sjølv – og forskarkolleger – på at ein «er ikkje dum sjølv om ein snakkar slik at folk forstår ein». Eller Camilla Nereid frå Trondheim kommune – tidlegare NTNU – som ikkje forventa at slitne barnehage-/lærarar akkurat kasta seg over nivå 2 tidsskrift når dei skal drive fagutvikling på kvelds- og helgetid. Øystein Gilje ved UiO fortalde om døme på fagleg utvikling og formidling ved hjelp av nye media i samarbeid med Oslo kommune og andre kommunar i UiOs nærregion.

Korleis skal så tidleg innsats og kvalitetsutvikling i barnehage og skule følgjast opp?

Kunnskapsminister Iselin Nybø framheva blant anna at regjeringa i sitt framlegg til statsbudsjett har øyremerka 14 offentlege ph.d.-stillingar retta inn mot skule og barnehage.

I Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning skal kvalitet i skulen styrkast gjennom utlysing av prosjektmidlar på det som blir kalla ein «Nasjonal konkurransearena». I tillegg kjem ei rekkje andre tiltak, der FINNUT-programmet i Forskingsrådet forvaltar heile 160 millionar kroner.

For å få mest og best muleg valuta for desse satsingane bør det stillast tydelege krav om formidling – på norsk – i desse satsingane.

Dette er ikkje sjølvsagt. Dei akademiske trendene har på dei fleste vis gått i motsett retning der publisering i internasjonale tidsskrift på engelsk har vore det einaste saliggjerende. Men om ein verkeleg ønskjer å oppnå læring og kunnskapsdeling i norsk skule og barnehage så bør det skje på norsk.

Dei fleste både på det utdanningspolitiske toppmøtet – i skule- og barnehage – og i lærarutdanningane – både skriv, snakkar og tenkjer betre på norsk enn på engelsk.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar