Vaffelhjarte, Lillyhammer og Harry Potter – Studiestadanes semesteropningar

Semesteropning Høgskulen i Volda 2017

Mangfaldige Møre og Romsdal med sine mange studiestader har nærare 10.000 studentar på sine fire studiestader. I førre veke ønska Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU Ålesund nye studentar velkomne, og gjorde det på tradisjonelt vis med opningshøgtider – som var veldig ulike. Eg var så heldig å få vere med på alle tre og har naturlegvis gjort mine tankar om korleis dei tre studiebyane har valt å presentere seg for nye studentar og for samfunnet elles.

Det er store arrangement vi snakkar om. Tusenvis av nye studentar møtte opp, ein stor del av dei tilsette deltek og ikkje minst har høgskulane og NTNU invitert gjester utanfrå: Samarbeidspartar, politikarar og andre. Eit regjeringsmedlem og to ordførar heldt opningstalar og det var også tilløp til pomp og prakt. Direkte og indirekte kostnader med scenerigging, honorar til deltakarar, mat og drikke til gjester og reiseutgifter og arbeidstid til gjester blir nok truleg mellom ein halv og ein million til saman på dei tre stadene.

Også i 2015 fekk eg høve til å delta på opninga ved alle dei tre stadene og tenkte då at om opningane skulle passa inn i NRK, så hadde opninga i Volda med vårt eige symfoniorkester på plass truleg passa godt inn i P2. Ikkje minst fordi opningstalar var Fritt Ord-direktør Knut Olav Aamaas som heldt eit glimrande føredrag som kunne gått rett inn i P2-akademiet. Ved Høgskolen i Molde hadde dei i 2015 flytta opninga inn til Rådhusplassen, midt i byen, og satsa på heftige rytmer og talar på engelsk. Så det minte mykje om P3. I Ålesund hadde miljøstatsråd Vidar Helgesen meldt avbod – men vikaren var Erna Solberg. Fin tale – og opninga plasserte seg i NRK-samanheng litt som «Politisk kvarter».

Kva så med 2017? Har ting forandra seg? Dei ytre rammene på dei tre arrangementa er dei same. Vi i Volda hadde utandørsopning i hjarta av høgskuleområdet for tredje året på rad. Molde har framleis opning i sentrum – med bussing av studentar frå høgskuleområdet til sentrum – og tilbake. I tillegg har dei opning også i Kristiansund, men den veit eg ikkje så mykje om. Og i Ålesund er framleis opninga midt inne i hovudbygningen på Fogdegården.
Når eg har tenkt gjennom kva som skjedde på dei tre opningshøgtidene så er det film- og fjernsynsseriar som fortel litt om korleis dei tre institusjonane har profilert seg gjennom desse opningane.

Volda: Vaffelhjarte

I Volda veksla vi i år mellom det nære, superlokale og det internasjonale – på nynorsk. Så her snakkar vi «Vaffelhjarte». Og det var eit heldig samantreff at årets opningstalar var ordførar Lena Landsverk Sande frå Vanylven – heimkommunen til Maria Parr. Det største problemet med denne samanlikninga er nok at på Høgskulen i Volda er det hjartevarmande sveler som rår grunnen, og ikkje vaflar. Kanskje blir det Maria Parr som blir opningstalar seinare ein gong? Det hadde ikkje vore eit dårleg val.

Høgskolen i Molde: Lillyhammer

Høgskolen i Molde: Lillyhammer

I Molde har rektor gått av midt i valperidoen og høgskulen har valt ny rektor. Diskusjonen handlar om nye overtyrar mot NTNU-samanslåing. Innhaldet i opninga i år var også i år sterkt prega av nordmenn som heldt engelske talar: Rektor og ordførar i jazz-byen med det internasjonale preget. På kveldstid vart scena overlatt til musikk som appellerte mest til ungdomen – som ei kulturell gåve til byen og studentane frå Høgskolen i Molde. Lillyhammer-serien er ikkje heilt borte vekk som samanlikning. Utan at det skal reknast som kriminelt, men jazzen er jo litt tøff av seg.

NTNU Ålesund: Harry Potter

NTNU Ålesund: Harry Potter

I Ålesund var det også i år eit medlem av regjeringa som hadde prioritert å møte opp – og no kom faktisk Vidar Helgesen. Men det som blir hugsa frå opninga er utan tvil kjortlar og kjolar. Inntrommande på raud løper kom den akademiske prosesjonen med kappekledde kvinner og menn – somme flyborne frå Trondheim. Og jammen hadde også studentleiar Langset ikledd seg svart kjole for å få fram viktige poeng om toleranse. Så dette blei nok litt Harry Potter. Universitets-ordet har som kjent også litt magisk dåm over seg.

Det er eit privilegium å få møte leiarar, kolleger, studentar og politikarar frå fylket på desse opningane. Det er verkeleg nyttig og gledeleg å møte og sjå kvarandre på denne måten – det gjer det også lettare å ta kontakt og få gode samtalar når kvardagen kjem.
Studiemiljøa i Volda, Molde, Kristiansund og Ålesund står framfor spennande utfordringar i tida som kjem, og sjølv om vi høyrer til ulike organisasjonar og har svært ulik fagleg og geografisk orientering så håper eg vi også i framtida kan få til godt samarbeid på område der det er naturleg.

Og eg har alt begynt å gle meg til opningane i 2018!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar