For snart 20 år sidan jobba eg også på Høgskulen i Volda. Då kom eg i snakk med Ivar Lotsberg som la på bordet ei erfaring om at talet på aktive studentar i dialogundervisninga er uavhengig av gruppestorleik. I ei gruppe på 8 studentar, er alle 8 studentane aktive. I ei gruppe på 100, er det også 8 studentar som er aktive. Om det er 6, 8 eller 10 som ikkje er aktive, er ikkje poenget her, men at store grupper gjer at studentane vert mindre aktive.
Eg har aldri lest meg opp på empirisk forsking på dette temaet, men erfaringane mine er dei same som Ivar Lotsberg sine. Eg veit også nok om sosiologi og psykologi til å kunne stable på beina ei rekkje teoriar som kan støtte opp om denne erkjenninga. Det har eg heller aldri gjort, for erfaringa med store grupper si passiviserande effekt, er at den legg seg side om side med ei anna sterk erkjenning: Den som lærer mest i eit klasserom, er den som er mest aktiv. Alt for ofte er det læraren.
Desse to erkjenningane gjer at eg i første rekkje har fokus på kva og korleis studentane skal lære. Deretter kjem kva eg skal gjere, og til slutt kva eg skal seie. Det å legge til rette for at studentane skal vere aktive, vert såleis svært viktig. Spesielt sidan det å bli sosialarbeidar handlar om mykje meir enn å ha den rette kunnskapen.
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) slår mellom anna fast at studentar som har gjennomført ei bachelorutdanning skal kunne utveksle synspunkter og erfaringer med andre med bakgrunn innenfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis. Når ein kombinerer dette med at dei også skal kunne anvende faglig kunnskap og relevante resultater fra forskningsog utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillinger og treffe begrunnede valg, då vert det å ha god forståing for sentrale omgrep innanfor faget svært sentralt. Når ein skal lære omgrep, er det å teste ut eige forståing for omgrepa heilt avgjerande.
Som lærar, har eg eit rikt register av måtar å legge til rette for det å teste ut eiga forståing. Frå den klassiske dialogundervisninga, via gruppearbeid, til prosjektarbeid. Det er berre det at mange av desse metodane vert svært vanskelege når gruppa ein underviser er stor. Sjølv dialogundervisninga vert altså vanskeleg. Eller det vil seie, ein kan kome i dialog med 6-10 av dei som sit fremst, men det er ikkje nok om ein tek på alvor at ein skal legge til rette for refleksjon og omgrepslæring.
Om det er få som er aktive bidragsytarar til undervisninga, er det få som får testa ut om deira forståing for omgrepa er rett. Då har vi altså ein situasjon der mange, av ulike grunnar, vert sitjande att med omgrep som dei ikkje har fått testa ut og gjort til «sine». Dei forblir passive. Det er som med anna språkopplæring. Det er eit viktig skilje mellom aktivt og passivt ordforråd.
Den store utfordringa i det å ha ansvaret for undervisningsøkter med mange studentar, er såleis å legge til rette for at studentane kan flytte omgrepa frå deira passive ordforråd og over i det aktive ordforrådet. Det å nytte dei «rette» orda er trass alt ein viktig premiss for å bli tatt på alvor som profesjonell.
For å legge til rette for studentaktivitet i store grupper, prøvar eg ut ulike metodiske og teknologiske løysingar.
I andre bloggpostar har eg skrive om min bruk av:
- Summegrupper og Twitter
- Gruppearbeid og Kahoot (kjem snart)