Tenkjeskrive eller viseskrive

Fram til oktober 2016 var eg lærar for 12-åringar. No er «elevane» dobbelt så gamle, men mange av prinsippa er dei same.

Når ein skal lære, er skriving ofte viktig. I min røyndom er det i hovudsak to sortar skriving. Tenkjeskriving og viseskriving. Tenkjeskriving handlar om å ta inn noko, frå ein lærar, frå eit intervjuobjekt, frå ei bok, eller frå fantasien for den del. Då skriv ein for sin eigen del. Viseskriving er for andre. Då skal ein vise andre kva ein veit eller ein skal vise dei andre kva ein har fantasert fram (til dømes i ein roman). Prøva, avisartikkelen, novella og visa kjem inn i denne kategorien skriving.

Når ein skriv bearbeider ein ny kunnskap på fleire måtar. Dette gjeld enten ein tenkjeskriv eller viseskriv, men vekta er ulik. Skilnaden viser godt om ein tenkjer på tenkjeskriving som det journalisten gjer når ho intervjuar, og viseskriving det ho gjer når ho forfattar artikkelen.

Ved tenkjeskriving kjem det noko inn gjennom sanseapparatet. Noko av dette vert lagra i hovudet, og noko vel ein å skrive ned, gjerne for å kunne hente fram det som er i hovudet. Det fører til ein distribuert kognisjon. Delar av tenkinga skjer i hovudet, og delar på papiret eller i datamaskina. Korleis ein vel å lagre informasjonenen er avhengig av kva verkty ein har. Ein skriv meir om ein har god penn og mykje papir, enn om ein har dårleg tusj og avgrensa plass, eller på ei datamaskin der det å “dekorere” i form av piler og teikningar er vanskelegare.

Ved viseskriving er det ikkje eigen tanke som er det primære, men mottakaren sin tanke. Då er det viktig å få ned tankane på ein måte som gjer at dei er lette å lese. I den prosessen er reformulering viktig. Når ein reformulerer, fører det til betre læring ved at ein reflekter over det ein har i hovudet. Reformulering er såleis ein viktig prosess, men vel så viktig er truleg rekonseptualiseringa. Medan reformuleinga handlar om å seie det same på ein betre måte, handlar rekoseptualisering om å endre omgrepa ein nyttar. Når eg starta på denne teksten, nytta eg læreskrive. Det tok ikkje lange tida før eg såg at det omgrepet ikkje var bra nok, og eg endte opp med tenkjeskriving.

På bakgrunn av det eg har skrive over, er der to typar lærdommar ein kan ta til seg om ein skal endre pedagogikken i klasserommet.

Den første gjeld tenkjeskriving. Her må ein legge til rette for auka refleksjon og rekonseptualisering. For å få til dette, må ein legge opp til å skilje fakta og refleksjonar. Det krev litt tilrettelegging – om ikkje anna enn i form av eit minutt no og då til refleksjon. I så fall bør studentane tipsast om å bruke tokolonenotat: Ei kolonne til fakta, ei kolonne til notatar. Eller: Ei kolonne til spontanlogg, ei kolonne til refleksjonslogg.

Det andre gjeld viseskriving. Viseskriving handlar om å vise nokon noko. Då må skriveoppgåva ha ein mottakar. Det må vere autentiske skriveoppgåver med autentiske mottakarar. Bloggen er eit godt eksempel her – men då må også evalueringsforma endrast. For det første må studentane vite at tekster som er gjennomarbeidde og reflekterande gir betre resultat (les karakter). For det andre må mappevurderinga vere noko meir enn mange små eksamenar. Pedagogikken bak mapper var collection-reflection-selection. Då må ein ha fleire små oppgåver, og at studentane vel kva av dei som går inn som grunnlag til eksamen.