Praksisnært

Eg har siste veka (som er mi første), fleire gongar høyrt at sosialarbeidarstudia må vere praksisnære. Sjølv om intensjonen i at noko skal vere praksisnært er god, er der eit ibuande problem i dette som ein må jobbe medvite for å unngå.

Sosialarbeidarstudia er profesjonsstudium, til liks med sjukepleiarutdanninga og lærarutdanninga. Eg har høyrt desse skildra som akademiserte yrkesskular. Dette er ei skildring som gir meining i mitt hovud, ikkje minst fordi det peikar på at studia ligg i spenningsfeltet mellom handverket og akademia.

Eg trur at tanken om at studiet skal vere praksisnært er ein kritikk mot at dei akademiske aspekta ved studiet har fått for stort fokus, og at handverket har tapt på det. Det treng ikkje vere slik. Det er ikkje ein motsetnad mellom akademisk og praksisnært, slik det er ein motsetnad mellom det abstrakte og det praksisnære.

Eg er ikkje sosialarbeidar; eg er lærar. I lærarutdanninga har innhaldet to hovudaspekt: 1)Kunnskap ein skal lære for å kunne lære den vekk og 2) danning i form av det å verte ein lærar med dei «rette» haldningane og verdiane. Sjølv om også sosialarbeidaren bedriv kunnskapsformidling, har den mindre vekt enn hos læraren. Studiet har såleis ein større danningsdel enn mi profesjonsutdanning, noko som kan gjere kravet om at studiet skal vere praksisnært enno farlegare enn i den profesjonmsutdanninga som eg har.

Eg opplever lærarar som svært praksisorienterte. Det som kan brukast i klasserommet er bra; lite anna er bra. Dette gjer vidareutdanning av lærarar utfordrande, men eg trur at det praksisnære kan gjere utdanning av sosialarbeidarar enno meir utfordrande.

Danning er ikkje praksisnært. Det handlar om å tenkje på andre måtar, og det krev refleksjon. Det er såleis noko av det minst praktiske ein kan tileigne seg. Det tek tid, og ein har ikkje kjensla av å ha lært noko. For det handlar ikkje om klare eller ikkje klare – det handlar om å bli ein annan.

Ein kan dannast gjennom praksisnære oppgåver – og ein kan dannast gjennom akademiske øvingar. Men ein vert ikkje danna av å lære sakshandsamingsreglar. Det er yrkesskulen. Og der skal vi ikkje vere – det meiner eg (kanskje fordi eg har blitt danna gjennom det akademiske systemet).