Forskrift, det vi gjorde sist eller tradisjon?

Eg har gjennom praktisk arbeid lært at det er dårleg handverk å ta utgangspunkt i det førre i staden for eit fast punkt.

Om ein skal legge eit bjelkelag, så er det ikkje lurt å måle 60cm, og deretter 60 cm frå den bjelken, og 60 cm frå den neste og så vidare. Måler ein 2 mm feil då, så vert det ein heil del etter kvart. Då er det nemleg slik at 60+60+60+60 ikkje alltid vert 240, men gjerne 241 eller 239. Ein skal difor måle frå kanten og merke av på 60, 120, 180, 240 og så bortetter. Då er sjansen for at feila et på seg vesentleg mindre.

Slik er det også når ein planlegg undervisning. Når ein i revisjonar tek tak i førre år og erfaringar med førre år, så driv ein kvalitetsarbeid på ein god måte, men ein må også halde fast på det stabile. Det faste punktet. Eit emne på 15 vekttal skal etter norma på sosialfag ved HVO ha omlag 1000 sider pensum. Om ein i revisjonar legg til 25 sider kvart år, og eit anna emne reduserer tilsvarande, så tek det ikkje lang tid før landskapet vert ulikt kartet. Slik er det også med talet undervisningstimar. Når ein i tillegg byttar ut namna på emna med det ein definerer som betre namn enn dei som er i rammeplanen – då vert det enno lettare å gjere feil.