Aviskommentar: Høgskulen i Volda held fram som sjølvstendig høgskule

Kommentarartikkel sendt til ei rekkje aviser i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 12. juni 2016.

 

Høgskulen i Volda er ein av få høgskular i Noreg som held fram som sjølvstendig høgskule. Det er klart etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane 9. juni bestemte seg for å fusjonere med to andre høgskular.
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Styret ved Høgskulen i Volda inviterte tidlegare i vår Høgskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar, men dette blei avvist av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Først ved at Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok å innleie fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Og like før helga vart det klart at styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane med røystetala 6-5 vedtok å godkjenne fusjonsforslaget og dermed går sørover og ikkje mot Volda. Dette kan vi i Volda berre respektere og akseptere, men ønskjer å halde fram med faglege samarbeid.
Tidlegare har det vorte klart at Høgskulen i Møre og Romsdal ikkje blir noko av, fordi NTNU overtok Høgskolen i Ålesund. Vi prøvde også å få til ein allianse mellom Volda, Molde og Lillehammer, men dette har Kunnskapsdepartementet avvist.
Men det er inga ulukke for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule. Land og strand rundt strevar universitet og høgskular med til dels svært kompliserte fusjonsprosessar der mange fagmiljø og studiestader skal finne sin plass. I Volda kan vi i staden konsentrere oss om det jamne, harde arbeidet med å levere stadig betre kvalitet på utdanning og forsking. Og det er svært gledeleg å legge fram tal som syner at vi lukkast på mange område.
Særleg viktig er det at studentane ved Høgskulen i Volda er dei flinkaste i landet til å fullføre bachelorutdanning. Etter nasjonale målingar dei tre siste åra er det ca 60 prosent av våre bachelorstudentar som blir ferdige på dei tilmålte tre åra. Landsgjennomsnittet er 50 prosent. Dette er ikkje berre viktig for oss, men også for OECD og produktivitetskommisjonen som seier at dårleg gjennomføring av utdanning er ei av dei største utfordringane i norsk høgare utdanning. Så dette er ikkje viktig berre for Volda og for regionen – men også nasjonalt og internasjonalt.
Kvifor lukkast vi så bra i Volda? Dette handlar både om gode lærarar som bryr seg om studentane, motiverte studentar, eit godt studentmiljø og at studentane faktisk har råd til å vere studentar på fulltid i Volda. Det er korte avstandar og mange hyblar til ein grei pris i Volda. Eiksundtunnelen og Kvivsvegen har også gjort det lettare for fleire studentar i regionen å bu heime og å pendle til Volda. Enn så lenge har vi også gratis parkering. Hausten 2016 kjem vi truleg til å sette ny rekord i tal på studentar, noko som heilt sikkert kjem av at også studentane veit kva kvalitetar det er ved å studere i Volda.
Studentane rapporterer då også om at dei trivst godt i Volda og har i praksis vist seg å vere våre viktigaste ambassadørar for å rekruttere nye studentar.

 

Høgskulen i Volda har mest alltid vore ein spissa og profilert høgskule. Vi utdannar stort sett lærarar, sosialarbeidarar og medie- og kulturarbeidarar. Dette er utdanningar som gir arbeid i vår region – som regionen treng. Vi utdannar ikkje sjukepleiarar, ingeniørar eller økonomar. Dette er utdanningar som er viktig for andre høgskular. På toppnivå tilbyr vi masterutdanning innanfor dei fleste av våre fagområde, og det siste året har vi også tilbydd doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag.Høgskulen i Volda står overfor spennande endringar i åra som kjem. Frå hausten 2017 blir grunnskulelærarutdanningane femårige og det har vorte skjerpa krav til kva studium høgskulane får lov å tilby. I Volda vil den nye lærarutdanninga tilby fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk. Høgskulen har også som ambisjon å vere blant dei beste på digitale verktøy. Samarbeidet med Ulstein kommune om Læringsarena Ulstein er eit spennande pilotprosjekt som passar godt inn i dette bildet.

Kjem så Høgskulen i Volda også i framtida til å vere sjølvstendig? Det er naturlegvis vanskeleg å spå, men politiske signal tyder på at samanslåings- og fusjonsbølgja kanskje stoppar opp no – i alle fall fram til neste stortingsval. Vi er stor nok og har høg nok kompetanse til å halde fram som sjølvstendig høgskule. Gjennom samarbeid med andre høgskular og særleg Universitetet i Bergen meiner eg vi også i framtida vil stå godt rusta til å gje god utdanning og drive god forsking til beste for regionen og for landet.

Av Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda.