Etter at Venstre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet har lagt fram sine alternative statsbudsjett ser det ut til at det er støttepartia Høgskulen i Volda må sette si lit til om budsjettet til høgskulen ikkje skal bli kutta i åra som kjem.
Dei tre partia har fleire framlegg som dreg i same retning ved at dei foreslår meir pengar til forsking og høgare utdanning, fleire studieplassar og fleire stipendiatstillingar. Men det er berre Venstre og Kristeleg Folkeparti som foreslår at Høgskulen i Volda skal få kompensasjon for nytt finansieringssystem.
Eg kan ikkje sjå at Arbeidarpartiet i sitt alternative budsjett har kome med eit alternativt framlegg til regjeringa på dette punktet.
Det høyrer også med å minne om at alle dei politiske partia i sine fylkesprogram for Møre og Romsdal har sagt at dei ønskjer fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Møre og Romsdal er eitt av fylka med færrast statlege arbeidsplassar.
Det blir ikkje fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal av å skjere ned på løyvinga til dei regionale høgskulane.
Fortsett å lese Statsbudsjettet 2017: Høgskulen i Volda må håpe på V og KrF?