Utval for likestilling og mangfald og Forskingsutvalet arrangerte 15. februar 2017 seminaret «Løyper mot toppen: Likestilling og mangfald i akademia». Les program for seminaret.
Nedanfor står mi innleiing på seminaret der eg blant anna løfta fram dei kvinnelege akademiske pionerane i fag og leiing ved Høgskulen i Volda.
Forskarforbundet ved Høgskulen i Volda held 17. mars 2017 også eit seminar om litt av dei same spørsmåla: «Karrierepolitikk og karriereutvikling for vitenskapelig ansatte i UH-sektoren» – med bidrag frå blant andre Rakel Christina Granaas – tidlegare HVO-tilsett som no arbeider i UHR (Universitets- og høgskulerådet).
Kvifor har vi eit slikt seminar ved Høgskulen i Volda – og kvifor no? Er ikkje akademikarar blant dei aller mest opplyste og progressive? Der likestilling er sjølvsagt – også i karrierebygging? Det kan godt hende, men det er også slik at framsteget kjem ikkje av seg sjølv, men må få litt hjelp – eitt steg om gongen.
Kompetansebygging og karriereplanlegging hos akademikarar bør normaliserast og gjerast til noko som er naturleg og forventa av fagfolk på Høgskulen i Volda – som for alle andre institusjonar. Det kan ikkje vere slik at det er hemmeleg eller privatisert at ein har planar om å fordjupe seg fagleg og forske for å gjere faget og høgskulen betre. Det vil også studentane tene på.
Fortsett å lese Likestilling og karrierebygging: Kvinnelege akademiske pionerar i Volda