Om nokre små år kan Høgskulen i Volda markere fire-fem – ja kanskje seks jubileum på nesten same tid. Jubilea eg tenkjer på er:
- 2020 – 125 år sidan Volda lærarskule vart starta (1895)
- 2022 – 100 år sidan Kaarstad-huset vart opna (1922)
- 2020 – 50 år sidan Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda vart starta (1970)
- 2021 – 50 år sidan Ivar Aasen-huset vart opna (1971)
- 2019 – 25 år sidan Høgskulen i Volda blei til gjennom fusjonen mellom DH-skulen og Volda Lærarhøgskule (1994)
Kvart av desse årstala hadde i grunnen fortent si eiga feiring. Men vi kan også legge til at i 2021 er det 160 år sidan Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Almueskolelærere vart etablert i 1861. Men 160-års dagar er vel ikkje så vanleg å feire – men det er no litt stas å minne oss sjølve og andre på at vi har halde på ei stund med høgare utdanning i Volda.
Alle jubileum med sine runde og halvrunde årstal byggjer på konvensjonar og talmagi. Men det viktigaste med jubileum er uansett at det høver seg med ei skikkeleg feiring med vist og gale, ettertanke og framtidstankar. Når Høgskulen i Volda då har 4-5 jubileum på gang dei komande åra trur eg det er lurt å samle alle desse jubilea til ei stor feiring, og det blir inga skikkeleg feiring utan ei jubileumsbok! Og eg håper vi kan ta denne fleirfaldige feiringa og jubileumsmarkeringane i 2020.
Fortsett å lese Jubileumsåra 2019-2022: Her trengst det ei bok! Og ein fest.