Helsing i høve Stein Conradsens doktordisputas på Høgskulen i Volda, 19.2.2021. Les meir om disputasen på nettsidene våre.
Den akademiske prosesjon: Dekan Randi Bergem, doktorand Stein Conradsen, komiteleiar førsteamanuensis Silje Dahl, professor Tor-Johan Ekeland (representant for Doktorgradsutvalet). Diskret i bakgrunnen seniorrådgivar Geir Tangen, forskingsadministrasjonen, ein av støtteseplarane for arrangementet.
Kjære doktorand, kommisjon, rettleiarar, doktorgradsutval, dekan og fagmiljøet elles:
I førehandsomtalen av denne disputasen så vart det formulert slik at Stein Conradsen skriv seg inn i høgskulen si historie. Og det er eg heilt sikker på at det stemmer. Så i dag har vi alle vore vitne til at historie har vorte skapt.
Ein historisk dag!
Høgskulen i Volda reknar sine røter attende til 1861. 1895, 1922, 1969 og 1994 er andre viktige årstal i høgskulens etterkvart lange historie. Eg trur at vi i framtida også bør hugse 2021 som eit årstal der høgskulen tok eit nytt og viktig steg gjennom at vi såg vår første doktorand gjennomføre ein doktordisputas.
Det var hausten 2015 vi tok opp våre første studentar på ph.d.-studiet i helse- og sosial: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Det kom etter fleire års godt og utviklande samarbeid med Høgskolen i Molde og der sentrale fagfolk på Høgskulen i Volda fann fram til eit godt samarbeid der gode krefter drog i lag. Eg er difor glad for at Høgskolen i Molde er representert her i dag.
For Høgskulen i Volda vil eg særleg framheve tre fagfolk som var sentrale i dette arbeidet og som eg er glad for å sjå er her i dag. Eg vil be dei om å reise seg: