Sommarhelsing frå rektor, semesteravslutning 13. juni 2016

Helsing til tilsette og studentar ved sommaravslutning for skuleåret 2015-2016, 13. juni 2016: 

Sommarsol ved HVO, juni 2016. Foto: Johann Roppen.
Sommarsol ved HVO, juni 2016. Foto: Johann Roppen.
Kjære alle tilsette på Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden for Sunnmøre, Møreforsking Volda AS, Nynorsksenteret og Studenttinget i Volda:

 

Det er kjekt at så mange av dykk har prioritert å kome til denne felles avslutningsmarkeringa for alle tilsette. Eg veit at det er på det travlaste no med sensurbunkar, revidering av pensumlister og å lage nye kompendium i BOLK. Men det er kanskje nettopp då vi treng ei pause.

 

Eg vil rette ein takk til alle som lagt ned ein stor innsats for studentar, forsking og for kolleger året som har gått. Eg tykkjer vi oppnår mange gode resultat – og vi skal ikkje vere redde for å fortelje om det til andre.

 

Denne samlinga er kalla ei sommaravslutning for studieåret 2015-2016. Men vi skal også sjå framover mot neste studieår 2016-2017. Og det er store og viktige saker for høgskulen som vil stå på dagsorden vidare framover.

 

Den største og viktigaste saka som høgskulen har hatt på dagsorden dei siste åra er den såkalla struktursaka – også kalla strukturprosessen. Frå 1. januar 2016 vart Høgskulen i Ålesund teken over av NTNU i Trondheim. I førre veke vart det klart at styra ved dei tre høgskulane sør for oss vil slå seg saman. Dette gjeld altså Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Frå 1. januar 2017 vil dei vere samla under namnet Høgskulen på Vestlandet.

 

Vi i Volda arbeidde i 2015-2016 for å få etablere ein høgskuleallianse i lag med Lillehammer og Molde. Som kjent ville ikkje Kunnskapsdepartementet gå med på denne modellen, og vi ser no at Høgskolen på Lillehammer og Høgskolen i Hedmark tek sikte på å fusjonere om eit år eller to.

 

Kva plass får Høgskulen i Volda i dette bildet?

 

Det har vore lite skråsikre meiningar i denne saka – men mykje velbegrunna tvil. Det har rett og slett ikkje vore opplagte fusjonspartnerar for Høgskulen i Volda. Men det er viktig å få fram at Høgskulen i Volda, altså styret, ikkje har sagt nei til dei andre høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

 

Vi har sagt ja til ein felles høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

 

Eg trur det er svært sannsynleg at vi hadde vorte ein del av Høgskulen i Møre og Romsdal frå 1. januar 2017 om ikkje Høgskolen i Ålesund hadde følgt dei politiske føringane og nytta høvet til å legge seg inn under NTNU i Trondheim då høvet baud seg. Men fagleg sett hadde Høgskulen i Volda hatt lite å tene på å gå inn ein høgskule for Møre og Romsdal. Fagmiljøa i Volda hadde i liten grad vorte styrka.

 

Vi har sagt ja til ein felles høgskule med Sogn og Fjordane.

 

Fagleg sett hadde begge institusjonane vorte styrka om Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde teke i mot invitasjonen frå styret ved Høgskulen i Volda om ein tosidig fusjon, men våre naboar i sør valde i staden å gå til Bergen og det respekterer vi naturlegvis.

 

Vi har altså pr i dag ingen aktuelle fusjonspartnarar, men til viktigare er det at vi held fram med gode faglege samarbeid på område der det er naturleg. Vi har i mange år hatt eit samarbeid med andre høgskular og universitet på Vestlandet gjennom UH Nett Vest, og dette samarbeidet held fram.  Det siste året har vi starta opp doktorgradsutdanning i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Og vi er i ferd med å få på plass ein eigen samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen. Slike samarbeid fungerer ikkje utan interesserte forskarar, og då er det kjekt å konstatere at vi dei siste månadene har tilsett tre professorarar ved Universitetet i Bergen i professor II stillingar hos oss: Det er Rune Krumsvik innanfor pedagogikk og IKT, det er Endre Brunstad innanfor norsk og norskdidaktikk og det er Kjetil Børhaug innanfor samfunnsfagsdidaktikk. Vi ser fram til eit spennande samarbeid med desse tre og håper det kan bli aktuelt med fleire på andre fagområde i tida som kjem.

 

Men er dette godt nok? Svaret på det må vi finne i lag. Og måten vi finn svaret på er gjennom strategiarbeid.

 

Hausten 2016 skal vi arbeide med ny strategiplan for dei komande åra, og før helga vedtok styret at det skal vi gjere ved å invitere alle tilsette med i strategiverkstader. Dette blir ein prosess der september og oktober blir dei viktigaste månadene – med styreseminar i slutten av oktober som ein viktig milepæl.

 

Gjennom strategiarbeidet i haust får  styret og alle tilsette høve til å tenkje gjennom og gjere eigne vurderingar av høgskulen i Volda i framtida:

 

Sjølvstende. Eller noko anna.

 

Som de kanskje hugsar så gjekk vi i rektoratet til val på at vi meinte det var best for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule, og per i dag har vi altså ingen alternativ til det. Eg meiner det ikkje er noko dårleg alternativ. Høgskulen i Volda og forløparane Volda lærarskule og Distriktshøgskulen i Volda har alltid vore ein særmerkt nyttevekst og prydplante i høgskulenoreg, og det skal vi vere i framtida også.

 

  • Vi har eit velkjent namn – mykje meir kjent enn det storleiken skulle tilseie. Med færre høgskular i landet håper eg vi i framtida skal framstå endå tydelegare og bli lagt endå meir merke til.
  • Vi har eitt høgskuleområde – eitt campus – som heiter det same som høgskulen. Dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta med mange studiestader får slite med å halde styr på mange einingar.
  • Våre bachelorstudentar har dei siste tre åra vore best i landet til å fullføre bachelorutdanninga på normert tid. Og gjennomstrøyming som det heiter, er kanskje den største utfordringa for norsk høgare utdanning. Vi har gode resultat fordi vi i Volda har ein lang tradisjon for at studentar blir tatt vare på, at læraranes dører og innbokser er vidopne for studentar, og at lærarar og studentar bryr seg om og tek initiativ overfor studentar som slit. Det må vi halde fram med! Men i tillegg har våre studentar bra karaktersnitt frå vidaregåande skule, husleige og transport er ikkje dyrt i Volda så studentane kan faktisk vere fulltidsstudentar.
I sum er dette viktige byggesteinar i det som kan kallast vårt omdømme – eit ord som sikkert er i ferd med å bli utslite. Men vi har ein slitesterk bodskap – eller eit godt produkt om ein vil: I Volda ser vi studenten, studentane er i Volda for å studere og blir faktisk ferdig. Vi har høg gjennomføringsgrad og låg strykprosent. Men vi er og skal ikkje vere slepphendte med karakterane.

 

Eitt viktig mål for strategiarbeidet er å ta vare på slike verdiar – dette produktet. Det betyr ikkje at vi må site musestille og håpe på minst mulig forandring. Heller tvert  mot. Vi må vere offensive og framtidsretta og ikkje vere redd for å ta i bruk ny teknologi. Blant anna.

 

Det er her kjekt å få nemne at vi ligg godt an med digital eksamen. I 2017 blir vi kanskje den første høgskulen som er fulldigitalisert på eksamen. Fulldigitalisering av kompendium gjennom BOLK er også eit område der vi ligg langt framme.

 

Vi har mange andre store, viktige og vanskelege prosjekt framfor oss.

 

Prosjektet som per i dag antakelig involverer flest personar er arbeidet fram mot femårig grunnskulelærarutdanning. Vi har trudd at vi skal søkje om akkreditering av seks nye lærarutdanningsløp – men i førre veke vart det klart at det blir åtte. Fordelt på norsk, matematikk, spesialpedagogikk, engelsk og samfunnsfag. Eg ønskjer dei involverte i dette arbeidet all muleg lukke til – vi er veldig spente på korleis arbeidet går og ser med forventning fram til resultatet.

 

Det største og dyraste prosjektet på dagsorden på Høgskulen dei komande åra vert å byggje nytt hus: Hus for mediering og kulturformidling som det litt uoffisielt blir kalla. Medie- og kulturfaga er viktige utdanningar for Høgskulen i Volda, men utdanningane er trangbodde og treng meir og betre plass og lokale for å kunne møte dei raske endringane som skjer i medieverda. Eg håper vi om eitt år kan samlast og konstatere at det nye medie- og kulturhuset skal byggast i samarbeid med Volda kommune. Dette er eit godt prosjekt for Høgskulen og eit godt prosjekt for Volda kommune. Fredag 24. juni skal høgskulen og Statsbygg møte Kunnskapsdepartementet og eg har godt håp om at vi der får tommelen opp for at Statsbygg kan starte planlegginga hausten 2016.

 

Eit anna viktig prosjekt i haust er revisjon av studiekvalitetssystemet vårt. Vi kan rekne med at NOKUT vil kikke oss i korta på dette våren 2017, og dei siste signala frå NOKUT-direktøren er at NOKUT faktisk vil studere korleis institusjonane brukar kvalitetssystemet – ikkje berre at det finst eit kvalitetssystem. Eg er ikkje bekymra for den samla kvaliteten på våre studium, men ein treng ikkje vere dårleg for å bli betre.

 

Vi kan nok bli betre på å gjere pensumlistene ferdig tidlegare og dermed også få på plass kompendium tidlegare gjenno det digitale BOLK-systemet. Alle studentar i heile landet – også i Volda – etterlyser meir varierte læringsformer. Vi bør nok spørje studentane kva dei eigentleg meiner med det – og bruke svara aktivt. Dette er også ei utfordring til studentane om å bli meir aktive og å delta i fagutval for å påverke eige læringsmiljø. Vi kan også bli betre til å dra Studiebarometeret inn i evalueringa av emne og program for å gjere dei betre. Her meiner eg vi finn døme på at Studiebarometeret har resultat som vi ikkje har avdekt i våre interne vurderingar. Dette er spennande arbeid, og eg trur vi bør kunne å endå betre resultat på Studiebarometeret i neste runde hausten 2016.

 

Men vi har ei anna kjempeutfordring som eg har vorte meir og meir klar over det første året mitt som rektor, og som eg håper strategiprosessen kan hjelpe oss med å finne løysingar på: Vi må kommunisere betre med studentane og med kvarandre. Vi må nå studentane på tvers av emne og studium. Den obligatoriske og studienødvendige informasjonen trur eg vi stort sett når fram med: Pensumlister, innleveringar, eksamensdatoar, klagerett og så vidare. Men det er kommunikasjon til alle studentar på tvers av emne, program og avdelingar eg er bekymra over og trur vi kan bli betre på.

 

La meg ta eitt døme: I 17. maitoget i Volda går Høgskulen i Volda sist. Det går på omgang mellom avdelingane og fellesadministrasjonen kven som skal bere fana. Men det er utruleg få tilsette og studentar som går i lag med dei som er utkalla til å representere høgskulen. Men har studentane fått beskjed om at dei er inviterte? Har dei tilsette fått oppmoding? Antakelig ikkje nok eller tydeleg nok. Dette er berre eitt døme på fellestiltak for våre 4.000 studentar og 400 tilsette. Andre tiltak som alle studentar og tilsette bør vite om er: Deltaking i studiebarometeret, val til høgskulestyre, avdelingsråd, studentting og mykje anna, informasjon om festivalar, seminar og spennande gjesteførelesarar og så vidare og så vidare. Vi har stor, mangfaldig og spennnade aktivitet  på Høgskulen i Volda, men informasjonen om dette er fragmentert og ad-hoc. Her må vi bli betre, og eg håper at strategiarbeidet vårt kan peike ut ei retning slik at det blir endå meir spannane, interessant og givande å vere student ved høgskulen i Volda også i framtida.

 

Og så får vi sjå om vi blir fleire under HVO-fana i 17. maitoget i åra som kjem.

 

Takk for eit spenannde og givande studieår, god sommar til dei som går laus på det, og eg ønskjer alle velkomne til semesteropninga 16. august.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar