Tusen takk til elevar og lærarar på Øyra skule – vår næraste partnar i utdanning like over gjerdet! Takk også til rapparane Side Brok! Vi gler oss til å høyre meir av dei!
I Volda ønskjer vi å sette studenten i sentrum – og viser det også på denne opninga ved at dei fleste som står på denne scena her i dag er noverande, tidlegare – og vonleg framtidige studentar ved Høgskulen i Volda.
Fylkesmann. Inviterte gjester. Tilsette ved Høgskulen i Volda: Som rektor på Høgskulen i Volda er eg takksam for at de har kome hit i dag for å ta i mot dagens hovudpersonar: Nemleg dei nye studentane! Velkomne til Volda!
På Høgskulen i Volda vil de møte opne dører. Gå gjennom dei. Møt nye menneske. Skap ei ny framtid i lag med oss. I lag med dine framtidige medstudentar. Lærarar. Og alle andre som har med høgskulen å gjere.
Eg er også glad for at mange kommunar i Nordfjord og Sunnmøre er representerte her i dag. Vi ønskjer å vere ein høgskule for heile regionen – og det er vårt mål at heile regionen skal kjenne Høgskulen i Volda som sin høgskule. Både på ein festdag som i dag – og i det daglege arbeidet. Og ferdige kandidatar frå Høgskulen i Volda vil også i framtida vere attraktive arbeidstakarar for arbeidslivet i regionen.
Nye studentar kan gjerne få ei lita påminning om at Sunnmøre og Nordfjord har reisemål i verdsklasse: Geirangerfjorden står på UNESCOS verdsarvliste. Andre reisemål er Flø, Runde, Stadlandet, Ervika, Stryn, Jostedalsbreen, Jugendbyen Ålesund og ikkje minst sunnmørsalpane og Hjørundfjorden.
A particular welcome to all new international students who are here today. Also, welcome back to those who have returned to Volda for another academic year.
International students, international staff and guest lecturers, and our many international student festivals, add an extra dimension to our college and our community as a whole. It makes Volda that much more interesting and colorful. We are very happy that so many new international students have chosen to study here with us.
I encourage all students and faculty members to take full advantage of the possibilities that lie in our diverse student body. When you engage with people from other backgrounds, you may see your academic field, and the world in general, from a new perspective. At Volda University College you can meet the world, its cultures, customs and languages without actually leaving Volda. You just have to stop by the desk and chairs of Pangaia, the international meeting place located in the Berte Kanutte building behind me. Remember that Pangaia and all the events it hosts are open to all, not just international students.
We are glad to see that the number of international students is increasing steadily. We are at the top among universities and colleges in Norway in terms of outgoing student numbers. Close to 1 out of 4 graduates have spent a semester abroad as a part of their degree. In addition to established partners in Europe, the United States and Australia, we are sending our first students on exchange to new partner universities in South Korea and Chile. So it is true that when you study in Volda, you have the world at your feet.
På skjermen til høgre ser de bilde av ein skulptur. Den vart laga av Per Inge Bjørlo i 1998. Den står på den andre sida av dette huset – bak meg. Skulpturen har tittelen: «Utan tittel». Den svevar liksom litt over bakken.
Men la oss seie at den også kan vere eit vassmolekyl. Vatn, regn og skodde har vi hatt nok av i Volda, men ikkje akkurat brukt det som turistreklame – eller som reklame for å dra nye studentar.
Men etter ein sommar og vår, der vår verd har vore varm, vorte varmare enn vi kanskje likar. Der skogbrannar og vassmangel har vorte samtaletema. Så har det å bli våt av kjølig regn vorte ei velkomen gåve frå himmelen. Slik kjendest i alle fall ut då eg gjekk heim frå høgskulen i førre veke og vart skikkeleg, deilig våt i håret og ansiktet.
Skulpturen til Bjørlo er laga rustfritt, syrebehandla sveisa stål. Sandblåst, blank og fin, men liknar kanskje litt på ei svær bombe. I ei framtid der vatn blir ein knapp ressurs både for straumprodusentar og i vår daglege bruk, så ser vi også ei verd der vatn blir eit våpen – kanske sterkare og styggare enn vanlege våpen i stål.
Millionar kan kome til å døy av vassmangel. Kanskje kjem ingen nokon gong til å døy av hydrogenbomber.
Kva rolle har ein høgskule med sin lærarar og studentar i ei slik verd?
Den naturvitskaplege kunnskapen om vatnet, om miljøet, om klimaendringar: Den har vi. Den har vi hatt lenge. Men det betyr diverre ikkje at vi har vore i stand til å ta det inn over oss eller å gjere dei rette vala. Det trengst difor også andre typar av kunnskapar og dugleikar for at menneske skal lære, tenkje og endre seg.
Og her er det faktisk slik at alle høgskulens fagområde – alle våre studentar – kan ha ei rolle. Kva skal vi fortelje barna våre – i barnehagen og i skulen? Kva skal vi formidle gjennom litteratur- kunst- og kulturuttrykk? Kva er dei viktige spørsmåla som massemedia tek opp? Korleis skal samfunnet og offentleg forvaltning planleggast og utførast? Kva kan vi lære av historia? Eller i sum: Kva kunnskap er det vi skal formidle? Kva måte skal vi gjere det på slik at både vi og alle andre kan lære, leve og oppleve. Få ny kunnskap, ta samfunnsutfordringane inn over oss?
Dette er spørsmål som alle de som no blir studentar ved Høgskulen i Volda vil bruke år av dykkar liv på å studere her på høgskulen – og i yrkeslivet etterpå. Og som også er viktig for oss som samfunnsborgarar, som opplyste og danna menneske.
Alle makthavarar veit at den oppveksande slekta og kva som er rett og gale vert påverka av det som blir lært i skulen, formidla i kunst og kultur, gjennom massemedia og nedfelt i lov og rett og offentleg forvaltning. Og det vi ser rundt oss i verda er at i mange land vert sentrale samfunnsinstitusjonar sett under press, og både forsking, lærebøker, media og kunst blir forsøkt styrt av makthavarar sine ikkje-vitskaplege fordommar og brutale politiske mål.
Og sjølve ideen om at dette er greit – det autoritære samfunn – kryp nærare og er kanskje i ferd med å bli normalisert. Det er ikkje nødvendig å reise heilt til Kina eller Iran for å møte det. Det er berre ei lita flyreise eller ein helgetur til Polen, Ungarn, Russland – eller kanskje Italia.
Som høgskule ønskjer og må vi også gjere vårt for miljøet. Og det gjer vi.
- Vi har fått på plass eitt av dei største solcellepanela i Møre og Romsdal opp på taket av huset bak meg – Berte Kanutte-huset.
- Vi har nettopp vorte sertifisert som miljøfyrtårn, som betyr at vi skal ha miljøperspektiv på drift og planar.
- Og vi er i ferd med å starte opp miljøsamarbeid med dei andre høgskulane i Møre og Romsdal i prosjektet «Grøn campus».
No har eg snakka mykje om det å studere, formidle og samskape – for resten av livet. Men det første som skal skje er at de skal bli studentar – møte lærarane og bli kjent med nye folk.
Vi har over hundre studentfadderar som skal legge til rette for dykk.
Har vi dei her? Kan dei bruke utestemme, og rope og klappe så aller ser kven som er fadderar?
Studentfadderane vil ta over her på scena ca kl 12.45 og vil deretter hjelpe alle nye studentar med å finne fram til sine klasserom der dei vil møte lærarar – som er minst like spente som studentane før dette nye studieåret.
Til slutt vil eg seie to ting som ligg meg sterkt på hjarta å få fram:
Ha opne dører mellom kvarandre. Ta vare på kvarandre. Bry deg om dine medstudentar. Ta ansvar. Spør korleis folk har det. Og bry deg om svaret.
Det var det eine. Det andre er dette:
Vi har verdas vakraste natur: Skarpe tindar, ville vindar, reint vatn i store mengder – både på hav, på land – og ovanfrå.
Men fjord- og kystbygdene våre er berre ei smal trygg stripe mellom eit av verdas villaste og vakraste hav på den eine sida og farleg fine tindar på den andre sida.
Så gå ut av døra. Bruk naturen. Bruk havet. Bruk snøen. Men bruk først og fremst vitet.
Ta vare på deg sjølv og andre. Skaff deg kunnskapen som trengst for å ferdast trygt og vit kva du gjer.
Gled dykk til Volda! Volda gler seg til dykk! Og om kort tid vil de oppleve at de er ein viktig del av Volda.
Lukke til med studieåra i Volda!