Eg hadde 6. januar 2016 gleda av å få vere litt med på opninga av eit splitter nytt studium ved Høgskulen i Volda: BLUFMM – Barnehagelærar, fordjuping i mangfald og meistring.
Les omtale av opninga på våre nettsider.
Mi helsing til dei nye studentane – og lærarane deira:
For meg som rektor ved Høgskulen i Volda er det med stor glede eg har fått i oppdrag å kome med ei helsing i høve opninga av det nye studiet BLUFMM – Barnehagelærar, fordjuping i mangfald og meistring. Dette er eit framtidsretta, innovativt og spennande studium, og heilt i tråd med det som har vore Høgskulen i Voldas sterke tradisjonar, men også framtidsretta, forskingsbasert studium som syner at høgskulen tek på alvor endringar som skjer lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Høgskulen Volda har som overordna mål: «Kompetanse for framtida».
Det betyr at både gjennom forsking og undervisning skal vi legge vekt på kompetanse og kompetansebygging og at dette skal vere framtidsretta. Framtidsretta, kva betyr det? For dykk som studentar skal det bety at utdanninga de no tek skal sette dykk i stand til å møte utfordringane i eit framtidig arbeids- og samfunnsliv.
For oss som høgskule stiller målet om «Kompetanse for framtida» store krav. Ein måte å byggje kompetanse på er å drive eiga forsking – både for å nå fram til nye innsikter for den einskilde forskaren og miljøet ho er ein del av. Men forskinga må også styrke undervisninga. Forskinga må få betydning for andre enn forskarsamfunnet. Og på dette studiet har eg fått vite at innsikt frå mange av våre nyaste doktorgradsprosjekt vil bli formidla til studentane. De bør forvente både resultat frå forskarane sjølve – men like viktig: Kunnskap om kva andre forskarar har funne ut – kvar forskingsfronten ligg.
Frå dei involverte har eg fått vite at over halvparten av studentane på barnehagelærarutdanninga har valgt denne fordjupinga, og at eit utanlandsopphald er ein viktig del av studiet. I tillegg har nokre av dykkar medstudentar også valgt å reise til utlandet for å ta si fordjuping der. Eg tykkjer dette er svært lovande og syner at barnehagelærarutdanninga tenkjer internasjonalt og verkeleg i praksis oppfyller høgskulens overordna mål: Kompetanse for framtida.
Lukke til med studiet!