Helse- og sosialtenestene opplever eit auka krav til spesialisering, profesjonalisering og samarbeid. Når ein set saman tverrforfesjonelle grupper, så er det fordi ein meiner at ulike faglege perspektiv er viktige for å løyse oppgåvene. Med auka spesialisering aukar også ofte skilnadane og avstanden mellom dei som må samarbeide for å gi pasientar/brukarar så gode tenester som råd.
Godt samarbeid er kritisk for å yte så gode helsetenester som råd, men det er ein kompleks prosess som må synkroniserast – men ting er ikkje så enkelt som ein ofte kan håpe – nemleg at dess meir samarbeid og dess sterkar leiing dess betre. Endre Sjøvold (2010) har eit godt døme frå to lag som deltek på to militærøvingar. Det laget med den sterkaste uformelle leiaren løyser dei enkle oppgåvene fort, medan eit anna lag, utan ein sterk leiar, jobbar seinare men løyser dei vanskelege oppgåvene betre. Når han mappar rolleforståingane i forhold til fire dimensjonar, ser han at det raske laget er forholdsvis samla, medan det beste laget har større spreiing. Når planlegginga av ein operasjon vert mappa, ser Sjøvold at eit team endrar seg når ein sterk senior-lege kjem inn i planlegginga. Teamet går frå å sjå ut som det beste laget til å likne på det raskaste laget.
Sjøvold meiner at det er fire aspekt ved teamarbeid som må takast omsyn til om ein skal forstå team:
- Målorientering – frå kontroll til omsorg
- Autonomi – frå opposisjon til avhengigheit
- Læringsevne – frå tilbaketrekning til synergi
- Påverknad – frå innflytelse til passivitet
Eit godt team har i seg kontroll og omsorg, opposisjon og avhengigheit, tilbaketrekking og synergi, og innverknad og passivitet – i varierande grad, frå varierande aktørar – og alt etter samahengen. Dette viser kor krevjande det er å vere i eit team.
Det er lett å vere sterk når ein har sikre fakta, og det er lett å legge seg bakpå når det ein har med seg er litt meir ullent. Når sosialarbeidarar skal vere i team med helsearbeidarar, er det lett for desse å legge seg litt meir bakpå enn dei burde. For, med unntak av juss er kunnskapane til helsearbeidarane mindre objektive enn mykje av helsearbeidarane sine kunnskapar. Men at kunnskapar er mindre sikre, medfører ikkje at dei er mindre viktige – i alle fall ikkje i teamsamanheng – for når alt kjem til alt – så er det dei ulike perspektiva som legitimerer teamet.
For sosialarbeidarane er det dermed viktig å «stå på sitt» lenge nok, og for oss som utdannar sosialarbeidarar er det viktig å gi studentane nok tryggleik til at dei kan framhande sine perspektiv i møte med andre profesjonar på ein god måte.
(2010) Ledelse og utvikling av høytelsesteam – et spørsmål om mestring av kompleksitet og balanse. Scandinavian Journal of Organizational Psychology. vol. 2 (1).