Meistringsspiralen

Eg hadde køyrt heile natta, og skulle besøke ein ven av meg. Det passa liksom ikkje
å kome dit fullstendig utsliten, når ho venta seg ein laurdagskveld med prat og
selskap. Eg fann meg ein parkeringsplass bak ein bensinstasjon og la meg til å sove
i bak i bilen. Då eg vakna nokre timar seinare var bommen stengd. Eg kom meg ikkje ut.  


Bommen var låst, eg var seint ute, og bensinstasjonen var tom for folk. Ikkje ei sjel i sikte.
Eg gjekk i ring, kjende at eg vart meir og meir stressa og fortvilt, og sa til meg sjølv: #$&!
Kva skal eg gjere??? &$€%*!!!

Då adrenlinen byrja å prikke i hendene tenkte eg plutseleg: Roar, du er god på å finne
løysingar. Ta deg saman. Og eg tok meg saman.

Eg gjekk ut over rammene for situasjonen, kika utanfor parkeringsplassen og oppdaga ein
veg 100 meter lenger borte. Den låg på andre sida av eit jorde. Jordet kunne eg køyre over,
i alle fall om eg køyrde i ein U. Problemet var berre at betongkanten mellom parkerings-
plassen og jordet var for høg til bilen min. Eg kika meg rundt, og inntil ein vegg fann eg
nokre plankar og eit par lecablokker. Eg fann eit passande område, la på plass plankane
og lecaen, og køyrde over jordet og ut på riksveg 44.

Om eg ikkje hadde sett på meg sjølv som ein som er kreativ og god til å løyse problem, hadde resultatet blitt eit anna – og om eg ikkje hadde klart å løyse problemet hadde ikkje historia følgt meg som ei historie om meistring.

Albert Bandura Bandura (1977) forklarar at korleis ein meistrar ein situasjon er avhengig av kva forventingar ein har til eiga meistring. Dette kallar han self-efficacy, og er eit resultat av efficacy expectations (meistringsforventingar), og trua på at handlingar vil medføre resultatet ein ønskjer (utfallsforventningar).

Kva ein ventar av eiga meistring er tett kopla til eigne erfaringar. Om ein tidlegare har opplevd å meistre vanskelege situasjonar, er det lettare å meistre nye. OG om ein tidlegare har mislukkast, er det lettare å gi opp.

Gjenteken suksess aukar eiga meistringsforventning. Når forventinga til eiga meistring aukar, får ein mindre fokus på det som ikkje verkar, og større fokus på det som kan føre til ei god løysing.

Når ein skal legge til rette for meistringsopplevingar i sosialt arbeid, kjem pedagogikken til hjelp.

Jerome Bruner (1997) nyttar omgrepet stillasbygging for å illustrere det som går føre seg. Denne teorien er basert på Vyotsky (1978).

Vygotsky skil mellom det ein kan klare på eige hand og det ein den kan klare med hjelp og støtte frå andre. Dette kantar han den nære utviklingssona. Innanfor denne sona er det, med basis i Bruner, at  den som legg til rette for læring skal byggje stillaset. Dette må vere nært nok, høgt nok og ikkje stå i vegen for det som skal byggjast i læringsprosessen.

Når ein skal legge til rette for læring, er det spesielt viktig at ein hjelper den som skal lære til å setje seg realistiske mål, og at den som hjelper til ikkje er så involvert at den som skal lære å meistre tilskriv meistringa hjelp frå sosialarbeidaren.

——-

Bandura, A. (1977) Social Learning Theory. Englewood Cliffs, New Jersey: Prentice-Hall.

Bruner, Jerome (1997), Utdanningskultur og læring, Oslo: Ad notam Gyldendal

Vygotsky, L.S. (1978). Mind in Society. Cambridge, MA: Harvard University Press.