Kasusarbeid

I andre semester av sosialarbeidarutdanningane, er innhaldet delt i bolkar. På slutten av kvar bolk er det lagt inn eit opplegg som skal hjelpe studentane å kople saman kunnskapen frå bolken.

På slutten av den bolken som omhandlar oppvekst og familie, har vi lagt inn eit opplegg der studentane arbeider med tenkte barnevernssaker.

Opplegget startar med ein felles time. Deretter har studentane (nesten) to dagar til å arbeide med kasusa i læringsgrupper på 5-7 studentar. Siste dagen startar med at dei samlast i forelesingssalen. Der får dei vite korleis dei fire kasusa dei har jobba med heng saman. Etter dette samlast dei i seminargrupper beståande av 3-4 læringsgrupper for å diskutere korleis dei nye opplysningane påverkar saka deira.

 Første del

Kyrre Grimstad som er teamleiar i barnevernstenesta for Volda, Ørsta, Ulstein og Hareid starta økta med å gi ei lita orientering om korleis dei jobbar, kva saker dei har og kva rammevilkår dei har.

Deretter fekk studentane vite kva dei skulle lage og korleis dei skulle jobbe. Hovudsaka var at dei skulle lage bekymringsmeldinga dei fekk, eit dokument for kvar person dei snakka med, og til slutt ein tiltaksplan.

Etter dette gjekk dei i læringsgruppene og jobba. Eg gjekk rundt og svarte på spørsmål. Kvar gruppe fekk tildelt eit kasus, slik at det vart tre eller fire ulike kasus per seminargruppe. Dette var viktig for at opplegget siste dagen skulle verke.

Kasusa er:

Kasus 1: Jente 8 år. Bekymringsmelding frå skule grunna høgt fråvere. Far klarer ikkje å få barnet på skule. Mor kan ikkje forstå problemstillinga. Det er aldri eit problem når barnet er hos mor (har 20% samvær). Ho har få vener, held seg mykje for seg sjølv, dårleg orden i skulearbeidet.

Kasus 2: Gut 14 år. Bekymringsmelding frå skule fordi han som slo ned ein annan elev. Kjem lett i konflikt, klarer ikkje å vere i klassen, har vanskeleg for å tilpasse seg skulesituasjonen. Passast ekstra på i friminutt ol. Foreldra seier at det ikkje er eit problem heime. Han sit på rommet sitt og er snill som eit lam.

Kasus 3: Gut 12 år. Mor er bekymra for barnet når han er hos far. I følgje mor drikk far ein del, og er ein «forbanna idiot». Barnet seier til mor at far er mykje sint og sur og ropar ein del.

Kasus 4: Helsestasjon rapporterer om jente (15 år) med framandkulturell bakgrunn som er i konflikt med heimen. Jenta vil flytte heimanfrå. Ho er lei av at foreldra mistenkjer henne for alt mogeleg. Ho klarer seg godt på skule.

Andre del

Først samlast alle studentane, og eg køyrde ei evaluering av gruppearbeidet ved hjelp av Kahoot. Resultatet av dette kjem lenger nede.

Etter evalueringa, fekk studentane vire korleis dei skulle arbeide utetter dagen, og korleis kasusa hang saman. Dei hang saman slik:

  • Mor til kasus 1 har eit forhold til far til kasus 3
  • Kasus 2 har plaga kasus 1.
  • Det går rykte om at kasus 4 har opplevd seksuelle overgrep frå kasus 2
  • Det seiast at Kasus 4 og kasus 3 er kjærastar

Deretter gjekk studentane i seminargrupper. Først ga alle ei orientering om saka og tiltaksplanen, og fekk kommentarar på den frå dei andre. Deretter vurderte dei kva nye undersøkingar som må gjerast og endra tiltaksplanane på grunnlag av diskusjonen dei har hatt. Desse endringane orienterte dei kvarandre om.

Avhengig av historiene studentane har skapt og tiltaksplanen dei har laga, kan dette vere enkelt eller mykje arbeid å få justert slik at tiltak vert til barn og familie sitt beste. Rolla til rettleiarane var å hjelpe gruppene framover.

Evaluering

På starten av dag 3 køyde vi evalueringa. Dei hadde altså ikkje gjennomført andre del av opplegget. Det var 84 svar. Under gjennomføringa fanga eg opp at det var nokre av svara som kom frå meir enn ein student.

Evalueringa hadde sju spørsmål. Spørsmåla og svarprosentane er i tabellane under.

I seg sjølv er resultata bra, og i seg sjølv grunn nok til å gjenta opplegget, eller køyre tilsvarande opplegg ein annan gong.

Når ein ser på korrelasjonane mellom svara får ein nokre interessante funn. Det som overraska meg, var at der ikkje er signifikante samanhengar mellom samarbeidet i gruppa og kor godt resultatet vart. Det er heller ingen signifikant samanheng mellom kor lenge dei jobba med oppgåva og andre faktorar enn kor godt resultatet vart. Einaste forklaringa eg kan tenkje meg her, er at resultatet kan bli bra, sjølv om det berre er ein eller to som jobbar. Det tyder at eg i røynda manglar ein faktor: Kor stort var ditt bidrag.

Det som er meir naturleg, er samanhengen mellom læring og at det var kjekt, og samanhengen mellom læring og bra resultat.