NOKUT presenterte onsdag 14. september nye analysar frå Studiebarometeret 2015 på eit frukostmøte på NTNU. Møtet vart også strøyma og gav alle interesserte lett tilgang til presentasjon og diskusjon om viktige tema av felles interesse i sektoren vår.
*) Presentasjonane frå møtet var ikkje tilgjengelege på NOKUTs nettsider då eg skreiv dette blogginnlegget, men ut frå det som eg oppfatta på møtet er det mykje som virkar svært interessant og relevant for alle i høgare utdanning. Så får eg vere open for at eg kan ha mistyda detaljar.
Les også omtale av NOKUT-frokosten på Universitetsavisa (NTNU).
Hovudtema for møtet var ei gåte for NOKUT: Kvifor er mange studentar nokså nøgde med studiet sitt – trass i at dei fortel om få tilbakemeldingar? Ein skulle tru at få og dårlege tilbakemeldingar og lite rettleiing ville gi dårlege vurderingar av studium og institusjonar – men mange studentar rapporterer altså om at dei likevel er nokså nøgde med studiet og studiestaden.