Eg er invitert til å seie noko om korleis vi nyttar Canvas på ein konferanse etter påske.
Eg fekk tilsendt ein «Concent form» der det stod:
Instructure will solely own the Materials and all rights related to the Materials, in whole or in part, and have the exclusive, worldwide, perpetual and royalty-free right and license to use the Materials in any manner or media without notifying me,
Eg forstår utan vidare behovet som Instrucure (firmaet bak Canvas) har til å kunne nytte mitt arbeid i deira arbeid. Det er fint med omsyn til forskingsformidling og deling og alt det der. Det er ikkje kan akseptere er “exclusive […] right and license to use the Materials”.
Det å gir frå meg offentleg finansiert arbeid til eit kommersielt foretak, er etter mitt vit feil. I tillegg kan eg i prinsippet ikkje nytte den same ppt-fila eller modellane t.d. undervisning. Eg svara dei:
Since my work is publicly funded, I cannot sign the consent form. To give away publicly funded work to commercial interests in this way is extremely problematic in many ways. What I can do, is to release it as CC BY-SA. I certainly hope that is sufficient for your purposes.
…og det var det. Eg skreiv om «concent form» til den som er lagt ved, og Instructure sitt «legal department» godtok den utan vidare.
CC BY-SA er ein lisens som er utvikla av Creative Commons. Dei har fleire ulike lisensar. Dette er den lisensen som eg trur passar best i denne samanhengen. Eit oversyn ulike lisensar er å finne her: https://creativecommons.org/licenses/
Oppmodinga mi er dermed:
Bruk så langt det er råd Creative Commons lisensar når de må signere concent-forms i staden for å gi frå deg eksklusive rettar.
(Denne teksten gjekk som e-post til alle ved HVO)