Dagen har gått med til å gjere klart til semesterstart på to område: Oppmøteregistrering og semesterplan.
Oppmøteregistrering
Hausten 2017 gjekk vi over til digitalt sjølvregistrert oppmøte. Før det var løysinga papirlister. Vi har eit håp om at vi skal få til ei skikkeleg digital løysing etter kvart, men fram til då må vi ha noko anna.
I haustsemesteret nytta vi rekneark som studentane fylde ut. Det var mykje tull og mykje ball, både for studentane og tilsette. Vårsemesteret prøvar vi noko anna: Web-basert registrering. Programmeringsjobben er gjort av IT-avdelinga på oppdrag frå oss. I morgon vert det spanande å sjå om det fungerer…
Semesterplan
Ei anna utfordring vi har hatt, er knytt til det å gi studentane oppdatert informasjon om førelesingstidspunkt og stadar. Vi har trykt opp hefte til dei, som omlag har vore utdaterte før dei har blitt delt ut. Med Canvas har vi høve til å lage ei kopling til timeplanprogrammet til hvo, og dermed kunne fase ut hefta. I løpet av våren håpar vi på ei betre integrering mot Canvas, slik at førelesingane kjem inn som hendingar i kalendaren.