På andre semester har vi i utgangspunktet ein struktur, der to veker med undervisning vert etterfølgt av ei oppgåveveke. Ideen at at studentane skal ha høve til å aktivere og utvide kunnskapen som dei har jobba med i dei føregåande vekene, aktivere omgrep frå teorien, opparbeide erfaring med tenkemåten i undersøkingsfasen av saker og opparbeide erfaring med faglege samtalar og skjønnsutøving.
Veka har tre delar:
- Introduksjon der studentane i tillegg til orienteringa om oppgåva fekk høyre Kyrre Gimstad, som er teamleiar for undersøkingsteamet for barnevernstenesta i Volda, Ørsta, Hornindal, Ulstein og Hareid fortalde om korleis dei jobba.
- Gruppearbeid i der studentane skulle spesifisere kasuset nærare, identifisere relevante informantar, skrive ut tenkte referat frå samtalar med informantar, og skrive ut ein tiltaksplan.
- Seminar der vi slår saman fire grupper. Her presenterer studentane kasusa sine, får ny informasjon om koplinga mellom kasusa, og dermed skal sjå kva innverknad denne nye informasjonen har for kasuset.
Kasusa var veldig opne. Grunnen til det, var at studentane skulle ha høve til å utvikle kasusa og dermed aktivere kunnskap i ein kreativ prosess. Eg har stor tru på at dette aktiverer kunnskapen på ein betre måte, enn om dei er på jakt etter det som dei trur vi definerer som det «rette» svaret.
Den nye informasjonen vart gitt i form av ein video, som kopla alle kasusa til kvarandre på ein eller annan måte. (Og for dei som har grunnlag for å tolke konteksten i videoen, opnar det også for å tolke leiaren av barnevernstenesta i eitt nytt lys….) Poenget med desse koplingane var at diskusjonen ikkje skulle bli at medstudentar eller rettleiar utførte ei vurderinga av det studentane hadde prestert, men at dei kunne ta tankane eitt steg vidare inn i ein ny kreativ prosess der dei kunne leite etter nye tolkingar. I kva grad studentane opplevde dette avheng av om dei hadde godt gjennomarbeidde kasus, om dei er trygge nok i gruppa til å vere kreative saman, og ikkje minst om rettleiaren klarer å legge til rette for denne typen prosessar.
For å setje oppgåveveka inn i eit større læringsperspektiv, spelte Gerd Skjong og eg inn ein ny video som vi la ut til studentane på slutten av dagen.