Helsetenestekonferanse Trondheim, mars 2017

Konferanseprogram

Utfordringar når ein skal yte gode og rette tenester

Roar Stokken1, Knut Hunnes2

  • Førsteamanuensis, Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag
  • Førstelektor, Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag

Helse- og sosialtenestene opplever eit auka krav til spesialisering, profesjonalisering og koordinering. Dette fører lett til både større skilnader og meir avstand mellom dei som må samarbeide for å yte tenester. På jakt etter utfordringar i tverrprofesjonelt samarbeid, har vi fått nokre historier.

Ei historie kan forteljast slik: Rusteamet hadde vore heime hjå ein brukar. Der hadde dei funne rekningar som burde vore betalte. Dei bad brukaren om å ta med seg rekningane og kome på kontoret deira dagen etter. Då kunne rusteamet hjelpe til, slik at dei vart betalt. Dagen etter stod sjukepleiaren frå heimebasert omsorg i kontordøra til rusteamet. Ho hadde tatt med rekningane; ho skulle jo same vegen og ville berre hjelpe til…

Ingen av historiene gir grunn til å tru at dei involverte har dårlege intensjonar. Dei har berre ulike prioriteringar og ulike måtar å hjelpe på. Dermed, trass i gode intensjonar, påverkar nokre involverte sine handlingar og strategiar, andre involverte sine handlingar og strategiar på ein negativ måte. Det oppstår med andre ord ein slags konflikt om behandlingsstrategi.

Strategikonfliktar er ikkje uvanleg i tverrprofesjonelt samarbeid, og løysinga er gjerne meir samarbeid og mindre tid til brukarkontakt. Dette prosjektet studerer grunnlaget for behandlingsstrategikonfliktar og korleis dei vert handtert. Vi fokuserer difor på korleis sosial- og helsearbeidarar handterer behandlingsutfordringar som er skapt av andre sosial- og/eller helsearbeidarar. Målet er å bidra til meir effektive samarbeidsmåtar og dermed meir effektive tenester.