Kongnitiv interferens og endring

Eg er nettopp tilbake frå England og 70 mil med leigebil. Både der, og her, opplevde eg kognitiv interferens når eg køyrde. Denne opplevinga har merkeleg nok noko med sosialt arbeid å gjere….

Omgrepet interferens hentar eg frå fysikken, og er når to eller fleire bølgjer legg seg oppå kvarandre. Då kan ein få ei bølge som er høgre, lenger eller lågare.  Når ein bølgjetopp og ein bølgjedal legg seg over kvarandre, vil bølgjene jamne kvarandre ut. Det er altså tale om to signal som påverkar kvarandre. «They interfer with one another».

Å køyre bil på venstre side er eigentleg veldig enkelt. Ein kan stort sett berre gjere som dei andre, og om der ikkje er andre, så følgjer ein berre vegmerkinga. Men det er inntil noko uventa skjer. Då skjer det interferens. I Nottingham køyrde eg gjennom eit kryss og skulle svinge til høgre. Eg skulle altså ta ein yttersving. Samstundes som eg fekk grønt lys, fekk dei på andre sida av krysset grønt lys. Det hadde eg ikkje venta, og plutseleg var eg på veg inn i ein innersving. Då eg såg at det stod bilar der, gjekk det opp for meg at eg var på veg feil veg, og styrde retninga mi i retning av venstre felt igjen.

Det var altså to kognitive prosessar på gang i hjerna mi – ein automatisk og ein kontrollert (desse omgrepa er henta frå det som vert kalla «dual process theory«. Når eg vart overraska og svinga i ein innersving, då handla eg automatiks – men så slo den kognitive prosessen inn, og eg svinga mot yttersving igjen.

Tilbake i Noreg var eg på veg ut på E39 på ein praralellveg. Eg skulle altså snu 180grader. I Noreg skal eg til høgre for trafikkøya, medan eg i England skulle til ventre. Som korrekt er, følgde eg vegkanten og la meg inn til høgre for trafikkøya. Det var berre det at det er veldig ope der, og ganske mykje rom til høgre for bilen – altså var eg så lengt frå høgre vegkant at eg kunne ha køyrt på venstre side av vegen. Midt i svingen tenkte eg: dette er feil. Det var berre ein brøkdel av eit sekund, men tanken var der.

Det eg opplevde var med andre ord at tanken og dei automatiserte handlingsmønstera mine var i utakt og sa motstridande ting. Kva relevans har dette for sosialt arbeid?

For det første: Det er enkelt å gjere noko som del av ei gruppe. Ein kan berre følgje etter dei andre. Alstå berre køyre på venstre side, bak den andre bilen.

For det andre: Når ein kjem til uventa situasjonar, då slår den gamle kunnskapen inn. Når ein har utvikla eit handlingsmønster over tid, så vil det ligge der på eit instinktivt plan lenge. Utfordringa er å la den kontrollerte prosessen overskugge den automatiserte. Dette er kjernen i kognitiv terapi.

Poenget mitt er altså todelt:

  1. La den som skal endre handlingsmønster lære av andre
  2. Det er når ein opplever situasjonar som er «nye» i det nye handlingsmønsteret, at ein lett fell attende.

….og dette er vel nettopp det AA har erfart, når dei har det opplegget dei har…