Takketale frå Tor-Johan Ekeland

Tor-Johan Ekeland: Rundt 1990?

Avskjed 

Kva skal ein seie ved eit slikt høve: Det var det yrkeslivet, liksom. Det lettaste er å seie takk for ein storslått tale, Jan Inge. Eg takkar for alt, så får det bli opptil andre å sortere det fortente frå overdrivingane. 

Til mine yngre kollegaer som skrekk og åtvaring: Det går fort – skrekkeleg fort. Det kjennest iallfall slik ut i dag. Eg kom hit frå Universitetet i Bergen hausten 1979 som såkalla ung og lovande – og i dag er eg ingen av delane. Sjølv med nokre avbrot er 40 år lenge – truleg atypisk for framtidige yrkesliv. Mens det før var hefta mistanke mot dei som skifta arbeid ofte, har det blitt omvendt i dagens konkurransestat: Det er sinker utan ambisjonar som blir verande på same arbeidsplass.   

Førti år er også utdanningshistorie. Sidan eg har fått vere med i styre og stell på ulike nivå kom eg til å nemne for Jan Inge, i samband med historieprosjektet om Høgskulen, at eg no kanskje var blitt kjelde. Hans kommentar var at eg burde passe meg for ikkje å bli levning.  

Det var altså ikkje HVO, men DH – distriktshøgskulen – eg kom til – og la eg nytte høve til å seie litt om dette nedlagde høgskuleslaget. Nedlagt, trass i at det i si tid vart strålande evaluert og omtalt som framtidsretta i ein OECD-rapport. I etterkant er det også interessant at DH-skulane på mange vis vart annleis og meir vellukka enn våre politikarar hadde tenkt og planlagt – m.a. var det ikkje meininga at det skulle drivast forsking ved desse institusjonane. Men det vart det!  

Det er sikkert mange grunnar til at DH-skulane vart bra, mange av oss som vart tilsett på denne tida var unge og fulle av virkelyst. Den viktigaste grunnen trur eg likevel var at dei tvers igjennom var fagstyrte institusjonar. Vi opplevde eigentleg ikkje å ha ein arbeidsgjevar – vi var meir eit fellesskap som hadde eit oppdrag og ansvar i lag. Det skjøtta vi i ei tid der det var muleg med kort veg (og tid) frå ide til handling – og ofte etter heftige prosessar med mange sterke og ulike meiningar, tidvis også konfliktar – for åndshovdingar var der opptil fleire av i kvar korridor. Men, vi kom oss vidare utan krenkingssaker – ei tid med mykje entreprenørskap og innovasjon, før slikt vart moteord.  

Trur kanskje det var meir moro å vere leiar i dei tider. Eg var rektor på DH i perioden før samanslåinga med Lærarhøgskulen. La eg fortelje ei historie frå den tida. Vi hadde etter kvart utvikla mykje samarbeid, men var også konkurrentar og fann vel ut etter kvart at VM (Voldameisterskap) i høgskuledrift var litt smått, så vi (Nils Mæhle, då rektor på lærarskulen og eg) vart samde om å kontakte departementet med tanke på muleg samanslåing. Departementet sa tvert nei, her skulle alle gå i takt og vente på Herneskomiteen (Med viten og vilje). Vi fekk likevel lov til å engasjere Statskonsult til å greie ut likskapar og ulikskapar mellom våre høgskular. Det vart m.a. gjort gjennom eit seminar på Selje der vi skulle utforske kulturskilnadane mellom dei to institusjonane ved å nytte dyremetaforar. Det enda med at Lærarskulen vart ei KU, mens DH vart ein HANE (truleg fordi vi briska oss og ga mykje lyd – men kanskje også stolt som ein hane?). Historia kan kanskje korrigere oppfatninga av at vi alltid har vore mot samanslåingar. Men, så er spørsmålet: Har HVO i dag blitt ei ku eller ein hane?  

Det har på mange vis vore ei veldig utvikling i vår sektor i mi yrkesaktive periode  – først og fremst ein svært stor vekst i andelen som tek høgare utdanning –  i dag bortimot 35% mot omtrent  10% då eg starta. Det er klart at ein slik vekst gir mange utfordringar – ikkje berre av materiell og organisatorisk art, men også fagleg – og verdimessig.  

Det er ikkje slik at alt var betre under krigen som det heiter, men det er gjerne slik at framgang på visse område, etterlet seg tap på andre. Det er liten tvil om at aktivitetsnivået er høgt, profesjonaliseringa i verksemdsdrift av eit heilt anna slag og nivå enn tidlegare  – men, samstundes er vesentlege verdiar i vår (vestlege) akademiske tradisjon under forvitring. Og eg seier vestleg fordi det er eit internasjonalt fenomen. Grunnen er at nemnde vekst skjer i ein periode der måten å tenke styring på har endra seg fundamentalt. For å seie det enkelt: alt skal vurderast som bedrift. Professor i fransk litteratur Asbjørn Årnes kommenterte på nittitalet denne utviklinga med følgjande: Du skal itte trø i graset – det kan ligge en bedrift der! (Årnes gjekk forresten på landsgymnaset i Volda under krigen, og i Wikipedia står det at der “ble han tilhenger av riksmål og utviklet interesse for fransk litteratur” !!).  

Han sa også at det ikkje er noko problem å gjere Universitetet til ei bedrift, men då er det ikkje lenger eit universitet. Poenget er at ei bedrift eksisterer i kraft av at den produserer varer som markedet vil ha, mens eit universitet, i  klassisk  tyding, ikkje kan ha noko føremål utanom å verne om kunnskapen sin eigenverdi: Sanninga før nytten. Difor kunne slike institusjonar berre styrast av dei som hadde dette som oppgåve – dei fremste blant likemenn og kvinner. Difor heitte t.d. styret ved UiB “kollegiet” – inntil det vart styre. Liberale statar har utvikla og verna om slike frie institusjonar på utsida av maktapparatet. Det har vore heilt avgjerande for vår demokratiutvikling. Den akademiske fridomen er altså ikkje skapt for å vere frynsegoder for gamle professorar, slik ein får inntrykk av at somme trur. Å snakke om dette i dag, har eg erfart, syns mange er pompøst. Dessutan: lova gir godt vern om denne fridomen. Ja, det er ikkje slik at den blir utfordra direkte, sjølv om vi ser tilløp også til det – seinast no i Danmark.   

Kanskje meir til bekymring er forvitringa, den som skjer langsamt utan at vi merkar den. “Du skal ikkje ha andre gudar enn marknadskreftene” har også slått inn i vår sektor: utdanning har blitt vare, studentane kundar og lærarane tenesteleverandørar – og makta gradvis overført til produksjonsbyråkratiet. Summen av dette er ei heilt ny form for disiplinering: den vi pålegg oss sjølve for å føle oss trygge og overleve i eit  konkurransesystem vi intuitivt skjønar berre set pris på lojale prestasjonar. Poenget er poeng: studiepoeng og publiseringspoeng.  

I attersyn må eg innrømme at eg (og min kohort) har vore heldige. Perioden for mitt yrkesliv i akademia var kanskje ein gullalder som ikkje kjem igjen – og eg er glad for å ha vore tilsett i ein institusjon der det eingong sto i tilsettingspapiret mitt: Ein forventar at den tilsette nyttar faget sitt til å ta del i samfunnsdebatten.  

Mi avskjedshelsing handlar ganske enkelt om ei oppmoding om å styrke den faglege offentlegheita, då meint i Habermas tyding – og takk Jan Inge, for å ha lært meg litt om han. Slik bør vi jamt diskutere samfunnsmandatet og danningsmandatet vårt, heilt uavhengig av departementet sine kvantitative måleparametre på kvalitet. Det er alltid ein fare for at når det viktigaste ikkje kan målast, vert det som kan målast viktig. Til slutt har vi gløymt skilnaden. 

Når eg no takkar for meg, må det vel nemnast at eg vert å sjå litt i korridorane, og som emeritus blir eg sittande ei stund til på mitt vante kontor.