Om studieåret 2020-2021: Årstale frå dekan Randi Bergem

Første disputas på eige program, ei viktig hending i 2021: Frå høgre: Dekan Randi Bergem, doktorand Stein Conradsen, komiteleiar førsteamanuensis Silje Dahl, professor Tor-Johan Ekeland (representant for Doktorgradsutvalet).

Velkommen til markering av semesterslutt og avslutning av studieåret 2020-2021. Eit år som har vore prega av koronapandemien. Kriseleiinga har hatt 85 møte, der vi har prøvd å manøvrere i situasjonen etter beste evne, utifrå informasjonen og kunnskapen vi har hatt tilgjengeleg. Studentar og tilsette har turnert på Rokken, Idrettsbygget, i samfunnshusa i Volda og Ørsta, på Uppheim og Hotel Ivar Aasen, og ikkje minst i Zoom og Teams. Regjeringa sine val har påverka våre val, i tillegg til at smittesituasjonen i regionen har vore tatt omsyn til. Vi har fått omfattande erfaringar med digitale løysingar, som kan vere føremålstenlege, men eg vil tur at dei fleste av oss nok har kome til at dei digitale møta ikkje er ei fullgod erstatning for fysiske møte med studentar og kollegaer. Vi har levd med uvisse og merkar at det er slitsamt. Men trass utfordringar, har vi fått gjennomført undervisninga, alle eksamenar og praksisar, om enn ikkje i utlandet. På veldig mange måtar har vi i Volda truleg hatt ein betre situasjon enn dei fleste andre UH- institusjonar. Det gjeld både studentar og tilsette, i alle fall generelt og i det stor bildet.

Norge er i det tredje steget i gjenopninga i gang. Så det kan sjå ut til at det går rette vegen. Oppmodinga om heimekontor er ved vegs ende, og etter sommarferien kan fleire av oss møtest i gangar og på høgskuleområdet. Men meteren gjeld framleis, og det gir utfordringar for fysisk undervisning. Men for våre utdanningar, ser det ut til at vi har fått på plass bra løysingar for undervisninga til hausten. HVO leiger framleis Rokken og Uppheim. I tillegg leiger ASH Volda Campus Arena og rom ved hotellet i Ørsta nokre dagar. Då ligg det altså an til at tilsette har eit betre utgangspunkt for å planlegge undervisninga enn det som var tilfellet i den tida vi har lagt bak oss.

Når starten på ombygging av Strøm-huset ikkje kjem i gang i haust, som planlagt, men i  mars 2022, så gir det oss den fordelen at vi får pusta ut etter manøvreringa i koronatida, og får tid til å tenke gjennom og førebu perioden med ombygging. Så utsetjinga er ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.

I studieåret som har vore har det også skjedd mykje bra, i tillegg til dei eventuelt positive erfaringane og læringa vi kan ta med oss frå nytenking på grunn av pandemien. Den første disputasen i doktorgradsprogrammet vårt og i HVo sine eigen regi, gjekk av stabelen då Stein Conradsen disputerte 19. februar i år. Det var stas! Av andre store hendingar, vil eg nemne at Egil Arne Standal har disputert, Gro Bårdseth har blitt førstelektor og Vidar Myklebust har blitt dosent. Inger Marie fekk FoU-prisen i 2020 og Roar Amdam får han i 2021. Vi har fått nye folk i kollegiet, May Catherin Ulstein i kvalifiseringsstilling, Kristin i vikariat, og Reidunn Håøy Nygård og Erlend Walseth som har starta i faste stillingar, og vi har fått fleire nye stipendiatar. Av andre hendingar på personalfronten kan nemnast at Eli Røys og Ingun Klepp har blitt pensjonistar.

I studieåret som har gått opna Vekselstrøm i september. Det er eit rom som mange studentar og tilsette har positive erfaringar med. Og som endåtil statsminister Erna besøkte i går, der ho fekk sjå romet, studentar og tilsette i aktivitet. Eg håper endå fleire får høve til å bruke – og vil bruke – romet framover.

Det skjer mykje på høgskuleområdet og i nabolaget. Mediehuset er snart ferdig, og vi møter veggen når vi ser vestover frå Strøm-huset. Volda Campus Sparebank1 Arena er teken i bruk, og den vil vi også kunne kome oss til nytte på ulike måtar. Mellom anna ser vi for oss noko undervisning der til hausten. Meir skal skje på byggefronten. I løpet av 2022 vil Aasenkvartalet, som det no heiter, bli satt i bygging. Det skal mellom anna huse Norsk Innovasjonssenter.

Siste månadene har ASH vore involvert i ymse grupper som har vurdert ulike sider ved ombygginga av Strøm, og det ser ut til at resultatet har blitt at styret ved høgskulen går inn for alternativ 1, dvs.

ombygging både i første og andre etasje. Eg er sikker på at det blir eit løft for studentar og tilsette, og for undervisning, forsking og innovasjon, sjølv om byggeperioden vil gi oss utfordringar. Det blir verre før det blir betre. Vi veit no at Kunnskapsdepartementet har løyvt 10 millionar som tilskott til ombygginga av Strøm-huset, og det har vore eit viktig signal med tanke på at styret er positiv til å gjennomføre det ombyggingsalternativet vi ønskjer. Sjølv om 10 millionar sjølvsagt ikkje dekker heile ombygginga. Avsetjingar og husleige er andre finansieringskjelder.

Av andre aktivitetar i studieåret som har gått er ekstra søkelys på kvalitetsarbeid i masterutdanningane. Det vil vi høyre meir om også komande studieår.

Elles ser det ikkje ut til at koronapandemien for HVO sin del har sett mange kjeppar i hjula for forskinga. Men vi veit at somme stipendiatar har møtt på ymse utfordringar i denne tida, anten det er på grunn av situasjon med heimekontor eller fordi det har vore vanskeleg å gjennomføre datainnsamling. Heilt uavhengig av pandemien, må vi framleis arbeide for å auke forskingsaktiviteten, og få endå fleire til å bli med i prosjekt og skriveprosjekt. Det er grunnleggande nødvendig for den forskingsbaserte undervisninga og for å ha tilstrekkeleg kompetanse for akkreditering av utdanningane våre. Men eit anna poeng er sjølvsagt det at våre tilsette, våre utdanningar, vår institusjon bør vise igjen regionalt og nasjonalt på våre fagområde.

Vi er i gang med å få oversikt over kompetansen i programma, og det vil truleg vise at ASH har behov  for fleire med førstekompetanse og toppkompetanse. I dag skal vi bringe helsing til éin professor som vert pensjonist og det er minst ein professor til som sluttar i 2021 og fleire av professorane som reduserer stillingane.

Vi arbeider kontinuerleg med rekruttering, og særleg dei siste månadene merkar vi at det har vore større utfordringar enn tidlegare med å rekruttere folk. Så det er fint viss alle kan bidra med å gjere utlysingar kjende, og tipse meg og andre når det får kjennskap til folk som potensielt kan rekrutterast.

Kva kan vi sjå for oss i året som kjem?

Utdanningane ved ASH har framleis bra med søkarar. Så vi kan sjå for oss sånn sirka det same talet på/omfanget av studentar som vi har i dag. Framover håper eg vi kan legge endå meir vekt på studentaktive læringsformer og alternative vurderingsmåtar. Vi veit det skjer meir juks på eksamen, som mellom anna kjem av fleire heimeeksamenar, og det tilseier at vi må arbeide meir med å utvikle nye og meir varierte vurderingsformer. Det håper eg kan bli eit av stikkorda ved emneplanrevisjonen komande studieår. I september blir det miniseminar om nettopp vurderingsformer (Arild Raaheim, UIB). Elles vil eg arbeide for at endå fleire kan ta i bruk Vekselstrøm framover. Så skal vi arbeide vidare med plan for og søknad om mastergradutdanning i barnevernsarbeid.

For å nemne konkrete ønske når det gjeld forskingsfronten, så vil eg spesielt nemne at eg ønskjer  – og eg vil prøve å legge til rette for – at fleire  frå våre fagmiljø kan delta på Fjordkonferansen i juni 2022. Innlevering av abstrakt skjer i løpet av vinteren, så eg oppmodar om at de tenker på om det kan vere aktuelt for dykk. Konferansen er meint å vere relativt lågterskel tiltak for å kome i gang med paperpresentasjon og artikkelskriving, som kan munne ut i publisering i Fjordantologien. Elles håper eg at det blir fleire disputasar blant stipendiatar i doktorgradsprogrammet og i andre fagmiljø ved avdelinga.

I løpet av hausten som kjem er endå fleire ved ASH tilbake på kontora og vi kan møtest fysisk på fleire arenaer enn det som har vore mogleg dei siste tre semestera. Kanskje kjem vi oss endåtil på eit avdelingsseminar. Til hausten skal HVO markere at sosialfaga i Volda er 50 år, det skjer med eit godt og spennande program under eit jubileumsseminar 21. og 22. oktober 2021. Historisk institutt skal også jubilere komande studieår, og det skjer med antologi og markering truleg i løpet av vinterhalvåret. No i vår er det 20 år sidan dei første kandidatane vart uteksaminerte frå Masterutdanninga i samfunnsplanlegging og leiing. Vi rakk ikkje markering i vår, så det blir til hausten. Roar Amdam har vore sentral for å få etablert og drifte den utdanninga, og Kolbein Halkjelsvik var blant dei første kandidatane.

På institusjonsnivå kan nemnast at styret i løpet av hausten skal vedta ny strategiplan som skal gjelde frå 2022. Høgskulen får ny studiedirektør og økonomidirektør ved høgskulen. Elles vil arbeidet med ombygging i Strøm-huset og riving av Aasen-huset prege studieåret som kjem.  

I fleire fora er det debattar om ytringsfridom og akademisk fridom. Eg oppmodar dykk om å lese eit debattinnlegg i Khrono. Det er Vidar Strømme – som er påtroppande fagdirektør i Norges institusjon for menneskerettar – som skriv. https://khrono.no/akademisk-frihet-use-it-or-lose-it/589731

Folk å takke og gratulere

No er vi komne til avdelinga for andre helsingar og takketalar. Først vil eg nemne at Roar Stokken blir 50 år 6. juli 2021, og vi gratulerer på førehand. Eg har eit gåvekort til deg her, Roar, som du skal få.

Elles er det på sin plass med helsingar til kollegaer, som av ulike grunnar skal slutte. Det er Kristin Ljoså Sørheim og Anders Bergstøl, som har hatt engasjement her. Så er det Berit Kalland, som har sagt opp stillinga etter permisjon frå hausten 2020. Sist, men ikkje minst, gjeld det Tor-Johan Ekeland, som blir pensjonist.

Berit Kalland har hatt permisjon sidan hausten 2020, og har sagt opp stillinga her for å halde fram i stilling ved Ålesund Sjukehus. Kristin har hatt vikariat ved Institutt for sosialfag og går tilbake til stillinga ved Volda sjukehus, DPS. Anders og er snart ferdig i kvalifisieringsstillinga,  men har søkt stipendiatstilling i doktorgradsprogrammet, og kanskje ser vi han igjen som stipendiat.

Først skal Knut få seie nokre ord til Kristin og Anders, før ordet går til Ann-Iren.

Berit, Anders og Kristin får blomsterhelsingar frå ASH, og vi takkar for innsatsen og for godt samarbeid, og ønsker dykk hjarteleg velkomne tilbake til HVO når det byr seg høve til det. Vi lyser stadig ut stillingar.

Då, Tor-Johan, er det din tur! Tor-Johan har vore tilsett sidan 1979 og han vert pensjonist frå 1. august 2021. Eg er glad for at  Jan-Inge Sørbø sa ja då eg spurde om han kunne tenke seg å stå for talen til Tor-Johan i dag. Så då gir eg ordet til deg Jan Inge.

Tor-Johan får gåvekort i dag og skal få blomster. Du får gåvekort frå Høgskulen i Volda, i tillegg til blomar frå ASH. På kortet står det: Tusen takk for innsatsen du har lagt ned ved HVO i alle åra frå du starta i 1979. Tusen takk for godt samarbeid. Tusen takk for alt du har gjort for å bidra i kollegiet. Tusen takk for at du (nesten) alltid seier ja. Tusen takk! Med dei beste helsingar frå HVO og særleg ASH. Eg kjem til å sakne deg!

Det er fleire som sluttar i stillingar og / eller blir pensjonistar ut over hausten, men vi ventar med deira helsingar til eit personalforum etter sommarferien.

I år blir det ei sommarhelsing til alle frå ASH. Det er sider. Alle kan forsyne seg med ei flaske frå kassa i personalromet. Vi kan diverre ikkje sende, så dei som ikkje har høve til å hente sjølve, får ev. avtale med kollegaer om det.

Sommarhelsinga får følgje av eit musikalsk innslag, som Victoria Nilsen Voldnes skal stå for.  

Takk alle for stor innsats i studieåret 2020-2021 og GOD sommar!

ASH, 21. juni 2021

Randi Bergem