Nesna – Volda – og Kristiansund: Eller strukturprosessen i høgare utdanning

Dette innlegget vart presentert i form av ein video som vart spelt av på ein konferanse om høgare utdanning i Nesna i september 2020.

Eg har ikkje nær eller lokal kunnskap om Nesna eller Nordland, så må snakke mest om Volda og mitt eige fylke. Så: Look to Møre og Romsdal.

Høgskulen i Volda har røter tilbake til 1861 og har hatt samanhengande lærarutdanning sidan 1895. I 1969 vedtok stortinget å opprette distriktshøgskule i Volda, og i 1994 vart lærarskulen og distriktshøgskulen slått saman til Høgskulen i Volda. 

Vi held berre til i Volda og har i 2020 ca 4.500 studentar og ca 360 årsverk. Vi driv med lærarutdanning, språk og historie, vi gir sosialarbeidarutdanning og har nasjonalt kjente utdanningar i kultur- og mediefag.

Volda har ikkje vorte ein del av ei større eining, eller eit større universitet eller høgskule. Mi eiga meining – gjekk til val på det som rektor – og vart attvald. Rett nok utan motkandidatar begge gongane.

Fleire grunnar til at eg meinte at det var best for Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule.

For det første hadde vi ikkje fått ein god begrunnelse for kvifor det var bra for Volda eller for regionen at vi blei ein del av ei større eining og skulle bli styrt frå for eksempel Bergen eller Trondheim. Det var ingen signal om større ressursar eller fleire tilsette eller at aktiviteten i regionen skulle bli opprettholdt. Det var berre å bli overtatt av ein større institusjon – så skulle alt bli bra.

For det andre så var eg usikker på kva som var dei langsiktige perspektiva. Vi såg jo at rundt oss vart det inngått avtalar eller fusjonsplattformer som skulle sikre at intensjonane med overtakingane vart vidareført. Men kor lenge varer slike garantiar? Til neste styre kjem på plass? Dette var i alle fall ein del av ein større tendens der makt blir overført frå det demokratiske systemet til eit meir utydleg mellomnivå.

For det tredje så hadde vi i Volda ikkje EITT klart fusjonsalternativ – det var ikkje slik at det var sjølvstende eller ein bestemt fusjonspartnar. Det var vel kanskje 4-5 ulike alternativ som verserte: Ein felles institusjon for Møre og Romsdal, ein felles institusjon for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, fusjon med det som blei Høgskulen på Vestlandet, overtaking av NTNU, overtaking av Universitetet i Begen. På eitt tidspunkt inviterte vil Høgskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar, men dei valde i staden å gå inn i Høgskolen på Vestlandet. Vi diskuterte også ein friare allianse med Høgskolen i Molde og dåverande Høgskulen på Lillehammer. Så i dette landskapet var det ingen alternativ som peika seg ut som opplagt. Og det var kanskje derfor det var vanskeleg for høgskulestyret å samle seg i ei retning. 

I ettertid kan det sjå ut til at strukturreformen eigentleg berre hadde ein innebygd trussel i seg: De er for små til å klare dykk i framtida, så finn nokon å fusjonere med – samma kven det blir.

Det regionale aspektet var ikkje framtredande – det vart teke for gitt at større einingar med meir konsentrerte ressursar ville føre til betre kvalitet og også meir attraktive institusjonar også for regionalt arbeidsliv.

Kva betydning har så utdanning i din region? Kollega professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda har i samarbeid med andre forskarar blant anna ved Oslo Met analysert eit gigantisk datasett som handlar om kvar studentar kjem frå, kvar dei tek si utdanning – og kvar dei buset seg etterpå. Forskingsresultata er tydeleg på at geografi er viktig for studentar i eit livsløpsperspektiv: Dei som tek utdanning i sin eigen region kjem faktisk til å busette seg i regionen også framtida. Dei som flyttar ut av regionen for å ta utdanning kan gjerne ha planar om å kome tilbake – men dei gjer det i mykje mindre grad. Så det er kritisk viktig for alle regionar å ha relevante utdanningar innanfor regionen.

Så med strukturreformen gav politikarane frå seg verkemiddel i regionalpolitikken og overlot det ansvaret til høgskule- og universitetsstyra. Nesna er jo sikkert det beste dømet på det.

Dette kan sikkert både tolkast som avmakt eller mange på interesse for regionale spørsmål. Eventuelt ei stadfesting av somme store universitet kan få gjere som dei vil. Kanskje til og med at dei er «too big to fail» som det heiter.

Vi i Volda og andre små høgskular vart altså skremt med at vi ikkje ville klare oss i framtida. Men denne framtida var det jo det same  departementet som skulle legge rammene for. Så i mange av utgreiingane av fusjonsprosessane konkluderte jo forskingsinstituttet NIFU med at det var vanskeleg å sjå fusjonsfordelar, men det var litt risikabelt å legge seg ut med departementet.

Historia om strukturreformen blir nok skriven ein dag, men akkurat no har eg nok kjensla av at det er vinnarane som skriv historia og at vi er litt der at «spist er spist» som reven sa.

Det er vanskeleg å sjå fusjonar blir reverserte. Det er i grunnen det motsette prinsippet av i næringslivet der det er like naturleg og vanleg å fusjonere som å fisjonere. Så det er eigentleg ein veldig stor risiko å ta å gjere noko som eigentleg berre er einvegsprosess – altså å bygge store einingar.

Det er jo veldig spennande med dei offensive planane som vi av og til kan lese om Nesna og det som foregår der. Når geografi og regionsgrenser tilsynelatande ikkje skal vere så viktige lenger så opnar det for at det kan vere fritt fram for Universitetet i Tromsø eller andre å etablere ny aktivitet på Nesna. Eller i Volda. NTNU har jo etablert seg i Oslo.

Strukturreformen var på mange måtar ein kopi av universitetsreformane i Danmark. Og i Danmark har dette vorte slept heilt laus og Universitetet med namnet Ålborg har flest studentar i København. Eg trur at geografi er viktigare i Noreg enn i Danmark og tvilar på at regionalpolitikken har så stor overføringsverdi frå Danmark til Noreg.

  • Kva så med framtida for høgskulen i Volda? Korleis har det gått?
  • Vi er jo framleis ein sjølvstendig høgskule.
  • Vi har fleire studentar og tilsette enn nokon gong før.
  • Vi er eigentleg ikkje så små – vi har like mange universitet og høgskular som er større enn oss og som er mindre enn oss, igjen målt i tal studentar
  • Så så langt har det ikkje gått så verst.

Dei fleste statlege høgskular som var mindre enn oss har gått inn i større einingar og meir ressursterke universitet, så blir vi no samanlikna med heilt andre institusjonar enn tidlegare. Så krava til oss vil bere stige i åra som kjem.

Så får vi sjå om framtidige politiske regime på toppen av Kunnskapsdepartementet vil tenke nye tankar om samanhengen mellom regionale utdanningsinstitusjonar og regionalt arbeidsliv.

Det kan hende det er håp, og igjen kan vi kikke litt på Møre og Romsdal. Heilt nord i fylket, i byen Kristansund, har vi eit kjempegodt eksempel på at det går an å tenke heilt annleis. I tett samarbeid mellom Kristiansund kommune, arbeidslivet i regionen, Høgskolen i Molde – og Kunnskapsdepartementet – blir det no bygd opp nye utdanningar under paraplyen Campus Kristiansund. Der er langt færre studentar enn i Nesna – men har planar om vekst.

Strukturreformen var ein politisk reform. Oppbygging av Campus Kristiansund går i stikk motsett retning – men er også eit resultat av politiske beslutningar. Så ver så god igjen: Look to Møre og Romsdal!