Helsing til Tor-Johan Ekeland – frå Jan Inge Sørbø

Sørbø og Ekeland kjenner kvarandre frå mange faglege samarbeid – her er dei i lag i Volda og Moldes første felles ph.d.-utval 2014, fotografert på Storfjord Hotell. Bak frå venstre: Bente Hasle (vara), Stål Bjørkly, Jan Inge Sørbø, Tor-Johan Ekeland. Framme frå venstre: Else Lykkeslet (vara), Eva Gjengedal, Solfrid Vatne og Kåre Heggen. Foto: Johann Roppen.


Tale til Tor-Johan Ekeland i høve sommaravslutning på Avdeling for samfunnsfag og historie, 21. juni 2021.

Kjære Tor-Johan!

Trass i at eg høyrer til dei som «slevar når dei ser ein mikrofon», er det ved ei viss ærefrykt og otte eg  grip ordet i dag. For den eg skal tala til, er jo ein berømt talar. Då vi for nokre år tilbake – kor mange skal vera usagt – feira 70-årsdagen din, sa brødrene dine, etter eit av dine innlegg: Ja, det er det vi alltid har sagt: Gi den mannen ein talarstol!

Og då du starta turneen om nåde i det nådelause samfunn i sjølve reformasjons-året (2017) i Sæbø kyrkja, så var det nok ein og annan som gnei seg i augo, og lurte på om sokneprest Ekeland var tilbake.

No må du finna deg i å vera tilhøyrar i 10 minutt.

Også karrieren din er, om ikkje frykt-inngytande, så i alle fall imponerande. Utdanna psykolog frå UiB i 1976, held fram på psykologisk faktultet, tilsett ved MRDH i 1979, 1. amanuensis 1985, dr.philos. 1999 (Med avhandlinga «Meining som medisin» på – ca. 600 sider), rektor på DH frå 1986 til 1990, professor 1997: Faktorens orden er likegyldig! Først professor, så doktorgrad! Du hadde eit avbrot frå HVO tidleg på 2000-talet som professor ved UiB, men kom plutselig tilbake! Ikkje til ei gradvis nedtrapping, men i spissen for arbeidet med ny doktorgrad, der du har vore så uunnverleg at ein seriøst har diskutert å forfalske fødselsattesten for å få deg til å halda på lenger.

Og når eg no vil omspenna deg av hyllestens fosfor, med diktarens ord, så vil eg starta med dei to spora du har fylgt i karrieren. Det eine sporet ligg i utdanningspolitikken; der du og din generasjon – Kåre Heggen, Gunnar Stave, Jørgen Amdam og andre kom til ein splitter ny DH, der ein først laga studieprogramma, og deretter underviste i dei. Folk i slutten av tjueåra laga heile profesjonsstudier, reiste til Oslo og fekk dei godkjende, kasta seg rundt om de fekk motstand, skreiv nye planar og kjørte på. Vi som er seinare tilkomne har gått til dekka bord: Studia var etablerte, for oss var det berre å førebu ein dobbelttime om Hans Skjervheim, vi slapp å laga studiet først. Både som studie-entreprenør og seinare rektor var du aktiv i nasjonale nettverk, både knytt til psykologifaget og ikkje minst sosialfag, og vart ei stemme folk lytta til. Eg har ikkje oversikt over alle verv av dette slaget du har hatt; det har eg ikkje fått forskingstid til. Men det vi kan kalla den administrative karriera di har nådd Wikipedia.

Men etter rektorperioden vart det andre sporet tydelegare: Du tok fatt på eit stort akademisk arbeid, med utgangspunkt i Gregory Bateson, ein teoretikar som var godt eigna til å forsvara synet på mennesket som eit kommuniserande og meininssøkjande vesen. Eksemplet var effekten av placebo; ei form for medisin som verkar i opp mot 40 prosent av tilfella, og som er så seia utan biverknader. Dette at menneske kan bli friske av meining og sjuke av meiningsløyse er ei viktig og kanskje rebelsk innsikt, som ikkje står i motsetnad at vi også kan bli sjuke av asbest-støv og baconfeitt. Kvifor vart dei innlagde på dei gamle asyla så dårlege, var det på grunn av nedarva sjukdom og  biologi, eller var det kanskje også på grunn av meiningsløyse? Å manipulera kroppen med sakser og insulin for plagene i sjela er ein tung og lite ærefull arv i helsestellet, og noko av din skarpaste kritikk har du formulert mot folk som held fram med denne tenkemåten i nye praksisar.

Det framstår difor som ein vennleg ironi frå Forsynet at du og kollega Vidar Myklebust vart berga frå ein galen hund i Massachusetts av ein vennleg psykiatar; for om eg har tolka deg rett, kan psykiatrien kan vera vel så farleg som hunden.

I 2008 fekk du prisen for Årets beste tidsskrift-artikkel, (NTFP),  eitt av 683 treff i Cristin, og i artiklane dine brukte ein kombinasjon av Skjervheim og Bateson for å visa korleis meining kan gjera både sjuk og frisk – det første ved at at diagnosespråket blir identitetsdannande. Det er ein del av objektiviserings-kritikken din: Når ein forstår og behandlar eit menneske som objekt, ser det utanfrå, måler og les av, så sluttar ikkje dette mennesket å vera eit subjekt, og difor tileignar det seg desse måleresultata som ein ny identitet: Eg har ikkje vondt i hovudet lenger – eg er migrenikar! Det er ubehageleg, men det er i alle fall eit latinsk namn.  Denne bekymringa for objektivering er vel også kjernen i di mest berømte kampsak: Mot evidensrørsla sitt krav om same procedure every year  og overfor alle kunnskapstyper i alle disiplinar, for å seia det litt krigersk.

Motstanden mot å avskilta sjelslivet og subjektet og erstatta det med biologi og fysikk er ein modell ein kan finna i mangt av det du har stelt med, og det har gjort deg svært etterspurt. Epostane dine til institituttet vart til små reisebrev, svært kortfatta. Måndag: Foredrag til AA-klinikken i Stavanger. Tysdag: Foredrag for Helseføretaket i Tromsø. Onsdag Møte i Tanketenken for medisin i Oslo, Torsdag, evidens-diskusjon i NRK. Fredag: Er staten blitt terapeut – møte med familievernet i Ålesund. Og neste helg i Cardiff, arbeid med A tale of two countries.

 Og slik har dagane gått. Aldri var veret for dårleg eller reisa for lang; eg har sett deg laga foredrag i pausen to programpostar før du skulle på talarstolen, men då du fyrst stod der tala med med mynde, og ikkje som ein av dei skriftlærde, som skrifta seier.  Gi den mannen ein talarstol!

Ein replikk som har blitt bevart i ettertida: Motparten i ein evidens-diskusjon: Det ville vera heilt galt å nekte pasientane den best tilgjengelege behandlinga (altså den evidensbaserte). Tor Johan: Vi skal ikkje gløyma at lobotomi og insulinbehandling var den best tilgjengelege behandlinga i si tid. (Anker i Dagsrevyen: Så får vi ei vermelding).

Denne grunnlagsproblemtikken er sterkt tverrfagleg. Difor skryt du, ein gong i mellom, av at du har vore opponent på avhandlingar på alle fakultet. Tannlegane inkludert!  Unntatt teologien. (Kom igjen, teologar – gje den mannen ein talarstol!) I Christin ser vi at du svært ofte publiserer saman med andre, både kolleger her, stipendiatar og strange people far away (t.d. Oslofolk)

På wikipediasida stod det under omtalen av deg: Sjå også Jørgen Amdam og Johann Roppen. Men les ein fagartiklane dine, vil ein finna heilt andre referansar, ein kunne skriva: Sjå Michel Foucault, Gregory Bateson, Hans Skjervheim, Robert Spitzer, osv osv.

Det faglege sporet har altså ført deg ut i utanrikspolitikken; der du har spela ei rolle internasjonale nettverk og vore ein markant figur i dei nasjonale diskusjonane.

Og her ser vi ein annan versjon av to spor: På den eine sida har du søkt og fått viktige posisjonar. På den andre sida har din sympati og solidaritet alltid vore hos dei posisjons- og maktlause. Det blir sagt at det akademiske spørsmålet til nye teoriar er det gretne: «Kva er feilen med dette», eventuelt kva kan bli betre i dette. Men det etiske spørsmålet til nye teoriar, trendar og metodar i behandlingsapparat og politikk er: Kven vil dette gå utover? Det kan stillast til nye diagnose-manualar, samhandlingsreforma, omleggingar i psykisk helsevern, lokaliseringsdebattar osv osv. I eit top-down-perspektiv er problemstillinga gjerne kva som er billegast, mest effektivt, har størst gjennomstrøyming osv. I eit bottom-up perspektiv handlar det om noko anna: Kva skjer med dei som har minst ressursar til å greia seg åleine, dei som misser språket, virkelighetssansen, kontrollen over følelse og åtferd, økonomi og arbeidsliv. Ofte vil svaret variera med høgda over havet, eller distansen til dei lidande. Her står du, med alle dine posisjonar, saman med dei elendige, og du blir der. Det er kanskje den viktigaste lærdommen du har etterlete deg i akademia.

Vi som har arbeidd saman med deg, kjenner også denne sida ved deg, sjølv om du ikkje sit i pauserommet og driv  intimitetstyranni i det daglege. Mange har bede om råd når det røyner på, og fått det.

Vi som dreg på åra og nærmar oss slutten av yrkeslivet, kan i svake stunder spørja oss sjølv om nokon vil hugsa det vi arbeidde med. Generelt er svaret på det nei, «om hundre år er alting glemt»  skreiv Hamsun, og måtte gjera eit spektakulært landssvik for å bli hugsa. Men det hender at det dukkar opp sitat i studentoppgåver av ting vi har sagt eller skrive, eller på ingen måte har sagt eller skrive. No i vår las eg eit slikt sitat: «Konflikter skal ikke alltid løses, men leves med. (Ekeland)». I institusjonar som våre er det alltid konfliktlinjer, mellom nivå og mellom ulike einingar. Det er konflikter mellom ulike profesjonar og deira utdanningar. Mi erfaring med institutt for sosialfag, er at vi har utvikla ei fin evne til gjensidig respekt på tvers av slike konfliktlinjer. På sitt beste kan slike motsetnader verka stimulerande, vi må tenkja gjennom kvifor vi tenkjer og handlar som vi gjer. Eg innbiller meg at dette også er ein del av arven etter  to-spors-tor: vera usamde og leva godt med det. Elles ein utsett verdi i våre dagar.

Til det trengst både humor og gode historier, gjerne frå Sæbø, som spelar same rolle i di forteljing som landsbyen St. Margareths Mead hos Agatha Christie; det finst ingenting i verda som ikkje alt har vore observert på Sæbø. Eit av ordtøka dine lyder slik, sitert frå ei kone oppi dalen, når ein nabo vart for vrang: No e de so gale, at no må det snart heitte inkvart! Det må få eit namn!

Av deg har vi lært kva det heiter; det heiter å vera eit menneske.

Det kan vi læra av dine mangfaldige skrifter: bak terminologien handlar det om menneske.

Du har også vore eit menneske vi trivst i lag med, og vi håpar difor at du vil unna deg eit halvår eller to til å rydda kontoret, og legg inn kaffi-økter innimellom.

På veg av HVO og ASF – og eg slenger på Erna Solberg, som var innom i går:
Takk for innsatsen!