«Gode grunnar for å få eit eige doktorgradsprogram ved AHL»

Innlegg på AHL-seminar om ph.d. Loen, 27.11.2019

Av Gudrun Kløve-Juuhl

Eg har fått i oppdrag å snakka om gode grunnar for å få eit eige doktorgradsprogram ved AHL. Fyrst skal eg snakka om det, det vert altså punkt 1. Så skal eg seia noko om kva eg trur kan vera den faglege kjernen i ein slik. Det vert punkt 2.

1.

Det norske landskapet av høgre utdanningsinstitusjonar er i endring,

Ein viktig del av arbeidet for å sikra at HVO vil halda fram som ein institusjon som kan tilby profesjons- og fagutdanningar for regionen i framtida, vil vera å få plass eit tilbod gjennom heile høgre utdanningsløpet frå bachelor til doktorgradsstudiar.

Institusjonar som tilbyr phd-program, er sjølvakkrediterande når det gjeld utdanningane som ligg under. Dette vil gjera oss mindre avhengig av velvilje frå NOKUT.

AHL finansierer allereie mange doktorgradar i året i dag, gjennom stipendiatstillingar og femårige doktorgradsløp for allereie tilsette. Berre på seksjonen min, ein del av instituttt for språk og litteratur, er det til dømes no tre som held på med doktorgrad.

Dersom høgskulen også kan tilby doktorgradsutdanning og rettleiing, vil me som institusjon få meir ut av dei doktorgradane me finansierer. Doktorgradsrettleiing er ein del av arbeidet med å kvalifisera seg til professor som er vanskeleg å få gjort for våre tilsette slik det er i dag. Me vil også kunna driva ei meir målretta bygging av fagmiljø gjennom doktorgradsutdanninga me tilbyd – gjennom den faglege profilen den vil ha og dei faglege fellesskapane som vert bygde rundt den.

Og her kjem eg til eit viktig poeng:

For fyrste gong er det, som rektor skriv i nyhendebrevet sitt, fleirtal kvinner mellom fyrsteamanuensisane i Volda. Mellom professorane er ca 25 prosent kvinner.

Me veit frå mange samanhengar at når «tilfeldigheitene» eller «marknaden» får rå, så er det dei som har mest tru på sin eigen unike kompetanse, eventuelt spissast olbogar, som kjem på å karra til seg birettleiarstillingar for doktorgradsstipendiatar eller søkja om professoropprykk. Dersom me har eit doktorgradsprogram, kan høgskulen som institusjon tenkja strategisk på kva slags fyrsteamanuensar som kan passa til å rettleia kva slags doktorgradsprosjekt, på kven som kan vera eit tredjemedlem i ein doktorgradskommisjon osb. At institusjonen tenkjer strategisk på kva kompetanse ein har bruk for å byggja, og at ein spesielt har bruk for å auka kvinneandelen med slik kompetanse – det er slike ting me veit funkar for likestilling.

Sannsynlegvis vil det også hjelpa på eit anna problem me har i dag. Me har ein del professorar som snart vert pensjonistar utan at dei har greidd å reprodusera seg sjølve. Mange av dei har jo greidd å få ungar, det er ikkje det, men dei har altså ikkje greidd å få fram andre professorar på høgskulen. Det bør heller ikkje vera eit individuelt ansvar, men eit institusjonelt. Og eit arbeid med å få på plass og drifta eit doktorgradsprogram vil kunna gje oss som institusjon den dytten og dei strukturane me treng til det. Og me treng professorar anten dei er slik eller sånn, også for å få lov til å driva lærarutdanning

Det var det eg skulle seia om kvifor.

2.

Så gjer eg eit mentalt hopp, og går over til å seia noko om kva eg tenkjer at det faglege innhaldet i eit doktorgradsprogram for AHL kan vera.

AHL og HVO treng eit doktorgradsprogram som både kan vera relevant for flest mogleg av masterutdanningane og fagmiljøa våre, og som samstundes har ein fagleg indre samanheng, jamfør formuleringa i § 3-3 Akkreditering av doktorgradsstudier: «Området for doktorgradsstudiet skal utgjøre en vitenskapelig helhet, og det skal være sammenheng mellom de enkelte delene studiet er satt sammen av».

Rektor lanserte før sumaren skule og skriftkultur som ei slags tematisk overbygning. Eit anna bokstavrim i same gata er læring og literacy. Ein annan mogleg, om enn mindre velklingande variant, er læring og skriftkultur. Kall det kva du vil, eg tykkjer denne samanbindinga av det som har med læring skråstrek utdanningsinstitusjonen å gjera og det som har med skriftkultur skråstrek literacy å gjera, er ein god ide, av to grunnar:

Fordi det er dette faglege landskapet me står i på AHL. Læring og lærarutdanning, breitt forstått, knytt til både barnehage og skule, er jo den eine foten HVO står på. Skriftkulturforsking er noko alle humanistiske fag, inkludert historie mediefag, driv med i større og mindre grad.

Fordi skule og skriftkultur, læring og literacy, heng saman, både historisk og i fleire levande forskingsfelt i dag. All forsking i eit slikt phd-program vil ikkje kunna stå på begge desse føtene, og det vil vera greitt, men ein god del vil det. Det historiske sambandet og det praktiske ambandet i mykje forsking i dag vil kunna vera sterkt nok til å binda dei to delane saman.

No kjem eg med nokre døme på forsking som knyter dei to kompisane læring og skriftkultur saman, og som vil vera relevant å bruka til å byggja det indre faglege sambandet som eit slikt doktorgradsprogram må ha. Det finst heilt sikkert fleire døme her:

Dei seinare åra er det produsert mykej forsking som handlar om det tette, indre sambandet mellom skriftkultur (ofte med den engelske nemninga literacy) og læring i skulen. Eit mykje brukt sitat for å understreka dette poenget er Michael Hallidays: «educational failure is, more often than not, linguistic failure» (Halliday 1995, finn ref)

Dette sitatet fangar essensen i ein viktig fagtradisjon når det gjeld forsking på sambandet mellom literacy og læring, det som vert kalla sjangerskulen, som har gjeve impulsar til fagdidaktisk utvikling i både realfaglege og humanistiske skulefag. Eit anna døme på aktuell forsking som understrekar dette sambandet, er det danske forskingsprosjektet Faglighed og skriftlighed, som undersøkte samspelet mellom faglegheit og skriftlegheit i dansk ungdoms- og vidaregåande skule (Christensen, Elf, & Krogh, 2014). I Noreg har skulereforma Kunnskapsløftet vore skildra som ei literacyreform (Berge, 2005), og har vore eit tildriv for mykje av den norske forskinga om skriftkultur/literacy og læring som har vorte gjort etterpå (sjå til dømes:  Berge et al., 2017; Maagerø & Skjelbred, 2012; Øgreid & Hertzberg, 2009).

Dette gjeld også mykje av forskinga knytt til læring og skriftkultur i Volda. Det pågåande forskingsrådsfinansierte prosjektet DigiHand, leidd av Wenke Mork Rogne, undersøkjer sambandet mellom bruk av nettbrett i byrjaropplæringa og lese- og skrivekunne. Ved Høgskulen i Volda er det dei siste åra gjeve ut fleire doktoravhandlingar som tematiserer skriftkultur/literacy og læring SAMAN på ulike måtar ( sjå til dømes Fiskerstrand, 2017; Hamre, 2014; Håberg, 2015; Opsal, 2013; Rogne, 2014).

Skriftkultur/literacy og læring, og det indre sambandet mellom dei, er altså noko Høgskulen i Volda held på å byggja opp eit fagmiljø kring.

Også dei historiske sambanda mellom læring og skriftkultur studerer me her i Volda. Jostein Fet sine verk om lesande og skrivande bønder har vore paradigmatiske når det gjeld synet på ålmugen si lese- og skrivekunne i norsk historieskriving, og seier også noko viktig om kva lærdomstradisjonar Høgskulen i Volda er sprungen ut av. Forskinga til Per Halse om nynorsk som kyrkjespråk viser også det tette sambandet mellom skriftkulturen, den religiøse institusjonen og utdanningsinstitusjonen. Og forskargruppa forum for høgskulehistorie har alle desse dimensjonane i seg.

Ser ein på kva Høgskulen i Volda prøver å byggja opp eit fagmiljø kring, kan ein sjå på kva stipendiatstillingar ein har lyst ut:

  • Barnehagepedagogikk
  • Skriftkulturar
  • Samfunnsfagsdidaktikk med vekt på berekraftperspektiv
  • Kreativ visuell kommunikasjon
  • Kvinner og motkulturar i norsk historie
  • Møre og Romsdal distriktshøgskule Volda og regionen (1969-1994)
  • Framtidsferdigheiter med innretning mot praktisk-estetiske fag

Alle desse ville ein kunna plassera innanfor eit breitt forstått skriftkultur / literacyomgrep. Utdanningsinstitusjonen er ein skriftkulturell institusjon, også barnehagen. Kvinner og motkulturar i norsk historie – ein kan ikkje studera det utan å bry seg med tekstane desse kvinnene las, skreiv og formidla. Historie er i stor grad eit skriftkulturfag, også mediefag.

Det er altså dette me held på med her på høgskulen, og her på AHL. Difor er det ei viss moglegheit for at me vil greia å byggja opp ei doktorgradsutdanning rundt det.

Kva ville vera relevante felles emne på ei doktorgradsutdanninga innanfor Læring og skriftkultur?

  • Fortolking og hermeneutikk, både knytt til tekstar og andre menneskelege uttrykksformer, vil vera ein sentral komponent i eit metodekurs, meiner no eg. Når ein forskar på tekstar og menneske, kjem ein ikkje unna refleksjon om fortolking.

Eit emne om utdanningsinstitusjonen

Berge, K. L. (2005). Skriving som grunnleggende ferdighet og nasjonal prøve – ideologi og strategier. In A. J. Aasen & S. Nome (Eds.), Det nye norskfaget. Bergen: LNU/Fagbokforlaget.

Berge, K. L., Skar, G., Matre, S., Solheim, R., Evensen, L. S., & Thygesen, R. (2017). Introducing teachers to new semiotic tools for writing instruction and writing assessment: Consequences for students’ writing proficiency. Assesment in Education: Principles, Policy & Practice, 24(3).

Christensen, T. S., Elf, N. F., & Krogh, E. (2014). Skrivekulturer i folkeskolens niende klasse. Odense: Syddansk Universitetsforlag.

Fiskerstrand, P. (2017). Språkfag og fagspråk. (Doktoravhandling), Universitetet i Bergen,

Hamre, P. (2014). Norskfaget og skjønnliltteraturen. Ein studie av norskfaglege normtekstar 1739-2013. (Doktoravhandling), Universitetet i Bergen,

Håberg, L. I. A. (2015). Didaktisk arbeid i barnehagen. Kvalitativ studie av korleis assistentar og barnehagelærarar planlegg, gjennomfører og vurderer samlingsstund og femårsklubb. (Doktoravhandling), Universitetet i Oslo, Oslo.

Maagerø, E., & Skjelbred, D. (2012). Skrivehendelser i yrkesfaglig program i videregående skole: Martin og jim gjør oppgave i faget industriteknologi. In S. Matre, D. K. Sjøhelle, & R. Solheim (Eds.), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser (pp. 225-238). Oslo: Universitetsforlaget.

Opsal, H. (2013). Bruk av elevbøker i matematikk på ungdomssteget: Ein kasusstudie. (Doktoravhandling), Universitetet i Agder,

Rogne, W. M. (2014). På sporet av meining. Korleis unge lesarar arbeider med multiple, delvis motstridande tekstar. Ein empirisk mixed-methods-studie av sjuandeklassingar sine strategiske aktivitetar. (Doktoravhandling), Universitetet i Oslo,

Øgreid, A. K., & Hertzberg, F. (2009). Argumentation in and across diciplines: Two norwegian cases. Argumentation, (2009)(23), 451-468.