NUPI vart hacka i 2017.
Mistenkelege IP-adresser får tilgang til NUPI sin web-server i januar 2017. Fram til oktober skjer det berre sporadisk tilgang, men i oktober vart angrepet gjennomført ved at det vart lagt inn i bakdør i serveren. NorCERT, PST og NUPI hadde eit godt samarbeid i dette og fekk kartlagt at angriparen var interessert i nyheitsbrev og rapportar. Det store spørsmålet er kvifor dei er interessert i dette.
Foucault nyttar omgrepet governmentality til å poengtere at vi har eit samfunn der det å styre andre sine handlingar er den ultimate styringa. Sentralt i dette ligg omgrepet praksisregimer, som produserer sanning og viten. Ved å kunne styre den sanninga og vitenen som praksisregima produserer, vil ein dermed kunne påverke samfunnet.
I dette tilfellet kan vi tenkje oss at angrepet kan ønskje å forme sanninga ved å enten redusere legitimiteten til NUPI eller ved å endre innhaldet slik at hackerane sine synspunkt vert sanninga. Kort sagt svekke motstandaren. Åsmund Weltzien, kommunikasjonssjef i NUPI, antar at dette kan handle om tilgang til forsking, forgifte ein brønn av kunnskap, forfalske resultat, forfalske avsendar eller undergrave tilliten deira.
Dette er med andre ord påverknad, og om ein antar at gruppa ikkje er ein gjeng med ungdommar som først og fremst er ute etter å teste teknologi, er det rimeleg at det heile handlar om å påverke samfunnet vårt. Det å påverke forskingsinstitusjonar vert dermed ein del av ein strategi som øydelegg den tilliten vi har til samfunnet rundt oss.
Når vi då vender tilbake til Foucault, governmentality og praksisregimer, er det viktig å sjå at dette ikkje berre handlar om destabilisering av samfunnet, men om at vi har grupper som spelar ei rolle i governmentalityprosessen i samfunnet. Ein av dei viktige konsekvensane er at staten må overvake hackergruppene sin aktivitet – noko dei berre kan gjere ved å overvake det som skjer i vårt eige samfunn. Det medfører også at staten får meir innsyn i det relativt frie institusjonar held på med – og dermed vert ein ikkje så fri like vel.