Referanser

Kva stil du vel, er av og til gitt, og av og til ikkje. Om du nyttar referanseverktyet i Word eller EndNote, er det enkelt å endre stilen i etterkant. Bruken av sidetal er likevel uavhengig av stil. Reglane er slik:

  1. Om ein siterer ordrett – også kalla direkte sitat – då skal det alltid vere sidetal.
  2. Om foretar ei lett omskriving, viser til døme, konkrete opplysningar, tabellar eller liknande,- då skal det alltid vere sidetal.
  3. Om ein viser til at kjelda har eit gjennomgåande tema, viser til hovudlinjer eller hovudkonklusjonar – som strekkjer seg over mange sider – då er det ofte naturleg å sløyfe sidetal. Føresetnaden er at dei som kjenner kjelda vil vere samde med deg om at dette er ei hovudsak i kjelda.

Etter mitt vit, er den beste ressursen for hjelp til referanser å finne på kildekompasset

Det kan likevel vere bra med nokre døme. Alle døma under er henta frå:

Stokken, Bruntveit og Heldal (2017): Fagprosedyrerenes forvandling. Om hvordan fagprosedyrer blir mer enn bare dokumenter når de møter praksis

Referanse til teoretikar(ar):

I dette dømet løftar vi fram Polanyi sin teori om taus kunnskap ved å vise til det kjende namnet og deretter setje inn referansen til boka han skreiv i 1967. Neste gong namnet hans vert nytta, har vi ikkje sett inn referanse. Det er fordi vi ikkje har vore innom andre tema i mellomtida.

Michael Polanyi (1967) forklarer at vanskene med å forklare vi kan, med at vi flytter fokuset fra prosess eller egenskaper til resultatet og konklusjonen. Det er for eksempel ofte svært vanskelig å beskrive et ansikt man ikke ser, selv om vi ikke har problemer med å kjenne personen igjen når vi ser vedkommende. Det skyldes i følge Polanyi at vi er mer opptatt av personen enn ansiktet.

Definering av omgrep:

I denne teksten har vi sett referanse bak «objektteori». Ved å setje inn ein eit utval referanser bak dette omgrepet, har vi definert kva vi meiner med omgrepet.

Fagprosedyrene er spesifikasjoner av hvordan en jobb skal gjøres. De kan dermed fungere som bærere av kunnskap over grensene i organisasjonen. For å forstå hvordan fagprosedyrene kan fungere på denne måten, ser vi på dem i lys av objektteori (Bowker & Star, 2000; Law & Singleton, 2005; Mol, 2002; Star & Griesemer, 1989) . 

På same måte som over, definerer vi omgrep i dei to setningane under, ved å vise til (metode)teori. På denne måten kan ein vere sevært spesifikk på kva ein gjer og/eller meiner utan å bruke så mange ord.

Studien er en kvalitativ case-studie (Yin, 2014)  med et intensivt design (Busch, 2014). Stegvis deduktiv induktiv tilnærming (Tjora, 2012) er benyttet i analysen.

Det same skjer i setninga under:

Dette fører til at prosjektlederne har en såkalt Janus-rolle (Stokken, 2015) der de utfører sitt arbeid på grensen mellom de to kunnskapstypene.

Bruk av teori i drøfting

Når ein skal kople teori og empiri må ein passe på at referansen ikkje står på ein slik måte at den gir seg ut for å skape belegg for det du seier. Det gjer ein lettast ved å vere tydeleg i teksten. Ein enkel måte å gjere dette på, er vist her:

Star and Griesemer (1989) beskriver at et av kjennetegnene ved grenseobjekt er at ulike aktører tillegger de ulike meninger. Vi ser at KHMS-leder beskriver meningen med fagprosedyrene som et initiativ for kunnskapsdeling som samler og formulerer beste praksis, og som overfører kontraktkunnskap til fagarbeidere.