Mangfald og inkludering – millionstøtte frå Forskingsrådet
HVO har fått ein million kroner frå Forskingsrådet til satsinga «Vidsyn for framtida: Mangfald og inkludering ved HVO», som går frå 2026 til 2028. Arbeidet byggjer vidare på prosjektet«Likskap i sikte» (2024–2025), der delen kvinnelege professorar og dosentar auka frå 25 til 41,5 prosent. Den nye satsinga skal utvikle ein leiings- og organisasjonskultur med større medvit om mangfald og inkludering, og motivere tilsette med ulik bakgrunn til å velje ein akademisk karriereveg. Verkemidla er møteplassar, dialogverkstader, seminar og dialogbasert læring. Førstelektor Leif Longvanes og seniorrådgivar Solbjørg Nossen Leite har eit særleg ansvar i prosjektet, og fleire fagmiljø og delar av fellesadministrasjonen er involverte.
Opptaket hausten 2026
Søkjartala gjennom Samordna opptak gjekk ned ved HVO i år, med om lag fem prosent færre søkjarar enn i fjor, medan søkinga nasjonalt gjekk opp med vel seks prosent. Gjennom Samordna opptak fekk likevel fleire tilbod om studieplass enn i fjor, medan talet gjekk noko ned i det lokale opptaket. Så langt har så vidt fleire søkarar registrert seg som student enn i fjor – vel 2 700 har registrert seg og betalt semesteravgift, litt over tilsvarande tal for i fjor.
Lærarutdanningane går i ulik retning. Grunnskulelærarutdanningane hadde oppgang i søkinga i hovudopptaket, tydelegast på 1.–7. trinn, medan 5.–10. trinn ligg om lag som i fjor. Det er ei anna utvikling enn den nasjonale trenden for desse utdanningane. Barnehagelærarutdanningane har nedgang både i søking og i ja-svar. Barnehagelærar er eit yrke både vi og Kunnskapsdepartementet arbeider for å få fleire søkjarar til, og utviklinga følgjer vi tett.
Tala er førebelse. Resultata frå restetorget er ikkje kvalitetssikra, og endelege møtt-tala ligg ikkje føre enno. Styret får eigen rapport om opptaket i seinare møte.
Medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor
Medlemskapet i Vest-Norges Brusselkontor er no formelt på plass, og HVO er den tredje høgskulen i nettverket. Styret handsama saka før sommaren, så dette er ei stadfesting av at vi er inne. Gjennom kontoret får fagmiljøa våre tilgang til europeiske samarbeidsmoglegheiter saman med kommunar, fylke og næringsliv frå heile Vest-Noreg. Verdien ligg ikkje i medlemskapet i seg sjølv, men i arbeidet framover med å utvikle samarbeidet og gjere det til noko fagmiljøa faktisk nyttar.
Suppleringsval – vararepresentant for dei vitskapleg tilsette
Valstyret har gjennomført suppleringsval til den siste varaplassen for dei vitskapleg tilsette, der seks kandidatar stilte til val. Valresultatet er godkjent, og Veronica Kvalen Pilskog er vald som 3. vararepresentant for dei vitskapleg tilsette for resten av styreperioden 2023–2027. Eg gratulerer, og takkar alle som stilte til val.