Rektors opningstale studiestart august 2026

Dear students, new and returning. Dear colleagues and guests. Welcome to a new academic year at Volda University College. To those of you who have come here from abroad: you have travelled a long way, and from today this is your place too. The rest of my speech will be in Norwegian. You will find it in English on the screen beside me.

Lat meg byrje med ei lita tilståing: Eg har aldri vore særleg oppteken av fotball.

Men i sommar var eg og mannen min på ferie i Grimstad, og han tok meg med på fotballpub for å sjå Noreg mot Brasil. Eg gjekk mest for hans skuld. Puben var stappfull, kanskje hundre menneske, og dei fleste var framande for kvarandre.

Så skjedde det noko eg ikkje var førebudd på. Då dommaren blåste av, og Brasil var slått ut av VM, reiste heile lokalet seg. Vilt framande menneske kasta seg om halsen på kvarandre. For fyrste gong i historia var Noreg sitt herrelandslag i ein VM-kvartfinale – men det var ikkje det folk jubla for der inne. Midt i jubelen gjekk det opp for meg kva fotball handlar om. Det er ikkje ballen. Det er samhaldet, på tvers av om ein kjenner kvarandre eller ikkje.

Kanskje kjende du på det same i sommar. Det er den kjensla eg ønskjer for deg her i Volda: å høyre til, å dele noko med andre. Ikkje berre no i studiestarten, men gjennom heile studietida.

Men vi lever i ei uroleg tid. Dei fleste av oss fekk råda frå styresmaktene i postkassa: vi bør kunne klare oss sjølve i ei veke. «Du er ein del av Noregs beredskap», heiter det.

Det kan kjennast tungt å vere ung i ei slik tid. Kanskje har du tenkt: Kva kan vel eg gjere med alt dette? Då vil eg fortelje deg om ein mann som levde her i Volda, og som i år ville fylt 300 år.

Hans Strøm var prest i Volda på 1700-talet, og ein av dei fyrste naturforskarane i landet. Mange av dykk skal ha undervisning i huset som ber namnet hans. Tida hans var minst like uroleg som vår: uår og svolt, stormar som tok fiskarar på havet, sjukdom utan legehjelp.

Kva gjorde han med uvissa? Han svara med kunnskap. Medan andre lærde skreiv ned det dei fekk høyre, gjekk han sjølv ut og såg etter, og skreiv ned korleis folk på Sunnmøre dreiv jordbruk og fiske. Kunnskapen delte han med folket her og med heile det lærde Europa.

Kunnskap var beredskapen til Hans Strøm. Opplysning handla ikkje om luksus for han, det handla om å overleve.

Og det, kjære studentar, er grunnen til at de sit her i dag.

For kva er beredskapen til eit samfunn, når det kjem til stykket? Det er ikkje berre hermetikk og batteri i eit kjellarskap. Den djupaste beredskapen er folk. Planleggjaren som veit kvar vatnet tek vegen lenge før elva stig. Kulturarbeidaren som gjev oss samhald, det som gjer at vi vil stille opp for kvarandre.Læraren som byggjer dømmekraft hos ungane våre. Journalisten som held informasjonsrommet reint når løgna flaumar. Sosialarbeidaren som held lokalsamfunnet saman når krisa råkar. 

Alt dette utdannar vi ved Høgskulen i Volda. Nokre av dykk som sit her i dag, skal stå i desse rollene om få år. Så når styresmaktene seier at du er ein del av Noregs beredskap, vil eg seie det endå sterkare: De er Noregs beredskap.

Men ikkje i dag, og ikkje åleine. Det er nettopp difor de studerer her, med folk rundt dykk som har som jobb å gjere dykk klare.

Og så eit ord om det de kjem til å bruke kvar einaste dag: kunstig intelligens. De kan meir om desse verktøya enn mange av oss som står her, så eg skal ikkje bruke tida på kva maskina ikkje kan. Eg skal seie kva vi ber dykk om: Gjer som Strøm. Gå ut og sjå etter sjølv. Sjekk kjelda. Og ver i stand til å gjere greie for korleis de kom fram til det de leverer – for eit svar du ikkje kan forklare, er ikkje kunnskap. Danning kan ikkje lastast ned. Ho må øvast opp, saman med andre.

Og så skal eg seie éin ting som ikkje står i studieplanen.

Eg er homofil, og eg har vore open om det i mange år. Likevel må eg framleis tenkje gjennom det kvar gong eg møter nokon nye: skal eg seie det no, seinare, eller ikkje? Etter alle desse åra – framleis det same spørsmålet. Og eg er rektor. Eg har ein tittel og eit heilt hus i ryggen når eg tenkjer på det.

Nokre av dykk sit med det same spørsmålet i dag. Andre sit med noko anna: at du ikkje kjenner eit einaste menneske du skal studere saman med. At du er femten år eldre enn resten av kullet. At ingen heime har studert før.

Difor skal eg vere tydeleg på kva som gjeld her: Du er no student i Volda. Du skal ikkje måtte gjere deg mindre for å vere det. Dette er ikkje høflegheit, det er eit fagleg krav. Eit akademisk fellesskap lever av at folk seier det dei faktisk meiner. Og det gjer ingen som samstundes må halde att på kven dei er.

Volda er ein liten stad. Det gjer det tettare enn der mange av dykk kjem frå, og det kan bli to ting: godt, eller trongt. Kva av dei to det blir, avgjer vi i lag – frå i dag.

Og hugs laget frå i sommar. Sigeren mot Brasil vart til i alle åra med arbeid før den kvelden vi jubla. Og bak dei elleve på bana står eit heilt støtteapparat: trenarar, fysioterapeutar, analytikarar, kokkar. Ingen kjem dit åleine.

Du har eit apparat òg: fadrane dei fyrste vekene, medstudentane dine, faglærarane og samtaletenestene våre. Bruk dei. Å be om hjelp er ikkje eit nederlag, det er ein studieteknikk. For studietida vert ikkje avgjord i eksamensveke, men i alle dei vanlege dagane de møter opp, studerer og hjelper kvarandre vidare.

Det de sit igjen med til slutt, er meir enn eit vitnemål. Det er danning: evna til å tenkje sjølv, og til å bere eit demokrati vidare. Danning og demokrati – det er visjonen til Høgskulen i Volda. I dag er det eit løfte til dykk.

Så la oss byrja der. På puben i Grimstad kjende eg ingen utanom mannen min. Likevel jubla hundre framande som om vi hadde kjent kvarandre heile livet. Ingen hadde planlagt det. Det berre skjedde.

Her skjer det ikkje av seg sjølv. Eit studiemiljø blir til av folk som gjer det fyrste trekket, gong på gong, gjennom heile studietida.

Ein eller annan gong desse åra kjem du til å trenge nokon. Ein annan gong er det du som er den nokon treng. Du veit ikkje på førehand kva som blir din tur, og difor gjeld dette alle.

Sjå deg rundt. Kven kan du seie hei til i dag?

Godt studieår!

English version:
Dear students, new and returning. Dear colleagues and guests. Welcome to a new academic year at Volda University College. To those of you who have come here from abroad: you have travelled a long way, and from today this is your place too. The rest of my speech will be in Norwegian. You will find it in English on the screen beside me.

Let me begin with a small confession: I have never been particularly interested in football.

But this summer my husband and I were on holiday in Grimstad, and he took me to a football pub to watch Norway play Brazil. I mostly went for his sake. The pub was packed, perhaps a hundred people, and most of them were strangers to one another.

Then something happened that I was not prepared for. When the referee blew the final whistle and Brazil were out of the World Cup, the whole room rose to its feet. Complete strangers threw their arms around each other. For the first time in history the Norwegian men’s team were in a World Cup quarter-final – but that was not what people were cheering for in there. In the middle of it all, I understood what football is really about. It is not the ball. It is the sense of belonging together, whether or not you know the person beside you.

Perhaps you felt the same thing this summer. That is the feeling I want for you here in Volda: to belong, to share something with others. Not only now, during these first days, but throughout your studies.

But we live in an unsettled time. Most of us received the government’s advice through our letterboxes: we should be able to manage on our own for a week. “You are part of Norway’s preparedness,” it said.

It can weigh on you to be young in a time like this. Perhaps you have thought: what can I possibly do about any of it? Then let me tell you about a man who lived here in Volda, and who would have turned 300 this year.

Hans Strøm was a priest in Volda in the eighteenth century, and one of the first natural scientists in Norway. Many of you will have classes in the building that carries his name. His time was at least as unsettled as ours: failed harvests and hunger, storms that took fishermen at sea, illness with no doctor to call on.

What did he do with that uncertainty? He answered it with knowledge. While other scholars wrote down what they were told, he went out and looked for himself, recording how people in Sunnmøre farmed and fished. That knowledge he shared with the people here, and with learned Europe.

Knowledge was Hans Strøm’s preparedness. For him, enlightenment was not a luxury. It was a way to survive.

And that, dear students, is why you are sitting here today.

Because what is a society’s preparedness, when it comes down to it? It is not only tinned food and batteries in a cupboard. The deepest preparedness is people. The planner who knows where the water will go long before the river rises. The cultural worker who gives us the sense of belonging that makes us willing to show up for one another. The teacher who builds judgement in our children. The journalist who keeps the information space clean when lies are flooding in. The social worker who holds a community together when crisis strikes.

All of this we educate for at Volda University College. Some of you sitting here today will hold those very roles within a few years. So when the authorities say that you are part of Norway’s preparedness, I will put it more strongly: you are Norway’s preparedness.

But not today, and not on your own. That is precisely why you are studying here, surrounded by people whose job it is to get you ready.

And a word about something you will use every single day: artificial intelligence. You know more about these tools than many of us standing here, so I will not spend my time on what the machine cannot do. I will tell you what we ask of you: do as Strøm did. Go out and look for yourself. Check the source. And be able to account for how you arrived at what you hand in – because an answer you cannot explain is not knowledge. Formation of character and judgement cannot be downloaded. It has to be practised, together with others.

And now I want to say one thing that is not in any course description.

I am gay, and I have been open about it for many years. Even so, I still have to think it through every time I meet new people: do I say it now, later, or not at all? After all these years, still the same question. And I am the rector. I have a title and an entire institution behind me when I think about it.

Some of you are sitting with that same question today. Others are sitting with something else: that you do not know a single person you are about to study alongside. That you are fifteen years older than the rest of your year group. That no one in your family has studied before.

So let me be clear about what applies here: you are now a student in Volda. You should not have to make yourself smaller in order to be one. This is not politeness, it is an academic requirement. A scholarly community lives on people saying what they actually think. And no one does that while holding back who they are.

Volda is a small place. That makes it closer-knit than where many of you come from, and it can turn into two things: warm, or narrow. Which of the two it becomes, we decide together – starting today.

And remember the team from this summer. The victory over Brazil was built in all the years of work before the evening we cheered. And behind the eleven on the pitch stands an entire support team: coaches, physiotherapists, analysts, cooks. No one gets there alone.

You have a support team too: your mentors in these first weeks, your fellow students, your lecturers, and our student support services. Use them. Asking for help is not a defeat, it is a study technique. Because your years here are not decided in the exam week, but in all the ordinary days when you turn up, study, and help each other along.

What you are left with in the end is more than a diploma. It is formation: the ability to think for yourself, and to carry a democracy forward. Formation and democracy – that is the vision of Volda University College. Today it is a promise to you.

So let us begin there. In that pub in Grimstad I knew no one except my husband. Even so, a hundred strangers cheered as though we had known each other all our lives. No one had planned it. It simply happened.

Here it does not happen by itself. A student community is made by people who take the first step, again and again, throughout their years of study.

At some point during these years you will need someone. At another point you will be the one someone needs. You cannot know in advance which turn is yours, and that is why this applies to everyone.

Look around you. Who can you say hello to today?

Have a good academic year!

Rektors orientering til styret 18.06.2026

Prosessane og økonomi

Vi har eit krevjande år bak oss, og økonomien er stram både i sektoren og hos oss. Heile universitets- og høgskulesektoren er inne i ein periode med stramare rammer og sterkare statleg styring. For HVO er løyvinga frå Kunnskapsdepartementet, som utgjer rundt 90 prosent av inntektene våre, redusert vesentleg dei siste åra. Vi har mellombels dekka mykje av dette ved å flytte dei strategiske midlane våre frå satsingar og investeringar til drift og ikkje minst godt arbeid med å redusere utgifter i alle einingane. Men med dagens balanse mellom inntekter og kostnader er ikkje det ei løysing vi kan leve med på sikt. Vi må difor både tilpasse kostnadene og arbeide for å styrkje inntektene framover. Det er dette biletet som ligg til grunn for arbeidet med organisasjonsstrukturen. Ei arbeidsgruppe med representantar frå dei tillitsvalde, studentane, dekanane og høgskuledirektøren er sett ned for å vurdere organisasjonsstrukturen vår, for å vurdere om vi kan organisere oss meir robust og effektivt. 

Spørsmålet er ikkje om HVO skal endre seg, men korleis vi byggjer oss for å møte dei ytre endringane med eigne, gjennomtenkte val. Saman med arbeidet med studieporteføljen, som styret får som eiga sak i dag, høyrer dette til dei store prosessane vi står midt oppe i. Det må merkast at ei eventuell endring av organisasjonsstrukturen i seg sjølv truleg ikkje vil spare nok pengar, men om strukturen skal endrast så må det gjerast på ein måte som fører til at vi kan drive ulike delar av organisasjonen meir effektivt, og det er nettopp denne effektiviseringa som må vere ein del av løysinga på økonomien. Dette løyser truleg ikkje heile biletet, og difor heng dette saman med dei andre grepa vi må arbeide med framover. Gruppa arbeide levere sitt arbeid i mot slutten av august og det er planlagt høyring i slutten august og september, og organisasjonsmodellen kjem til styret som sak 29. oktober. Eg er klar over at slike prosessar skaper uro, og det tek vi på alvor. Eg vil vere ærleg om at vegen vidare vil bli krevjande, men eg held fast ved målet om å bevare fagmiljøa våre og på kva slags institusjon vi er saman. Det er viktig at høgskulen står samla i denne prosessen. 

Etatsstyringsmøtet

Møtet med Kunnskapsdepartementet var prega av ein open og konstruktiv dialog. Eg opplevde at departementet møtte HVO med ei tydeleg vilje til å bidra og vere ein støttande part. Samtalen bar preg av gjensidig respekt og forståing for institusjonen sin situasjon, og det var rom for å drøfte både utfordringar og moglegheiter på ein god måte.

Samtidig var departementet tydelege både på HVO sin autonomi og på dei forventningane som ligg til institusjonen. Dei peika særleg på behovet for tydelegare strategiske prioriteringar i studieporteføljen, betre gjennomstrømming i utdanningane og ein meir balansert og realistisk framstilling av resultat og utfordringar. Vidare understreka dei behovet for å styrke forskingsaktiviteten og tilslaget på eksterne midlar, samt å halde fram arbeidet med organisasjonsutvikling og sikre ein berekraftig økonomi. Desse føringane gir eit tydeleg rammeverk for det vidare arbeidet ved HVO, samstundes som dei bekreftar institusjonen sitt handlingsrom i dei strategiske vala som skal gjerast framover.

Utviklingsavtale

Leiinga hadde 28. mai eit møte med Kunnskapsdepartementet om den nye utviklingsavtalen, der vårt første utkast vart presentert. Departementet gav tilbakemeldingar på at mykje er på rett veg men også  mellom anna at vi må heve ambisjonsnivået i måla, nytte fleire indikatorar til kvar styringsparameter og arbeide vidare med ein tydelegare raud tråd i mål 3, eventuelt stryke mål 3. Frist for endeleg tekst er 1. oktober 2026, og styret får saka til handsaming i september. Vi vil sende referat frå møtet til styret så snart vi har fått endeleg referat frå departementet. 

Leige av kontor som erstatning for lettbygget og paviljongane

HVO har ikkje avtale om bruk av paviljongane og lettbygget etter medio 2028. Gitt den økonomiske situasjonen vil høgskulen ikkje gå ut på den eksterne marknaden og leige erstatningsareal, og dei bygningane vi mister, blir ikkje erstatta. Vi må difor utnytte eksisterande areal på ein annan måte. Dei gjennomførte kontorkartleggingane viser at det er rom for å nytte den eksisterande romkapasiteten betre, og Eigedom vil saman med avdelingane sjå på løysingar som tek vare på både forsking og undervisning på best mogleg måte framover.

A- og C-paviljongane er allereie tømde, og D-paviljongen er neste ut. Tilsette er flytta over i nye kontorlokale, og paviljongen vart klargjord for overlevering 29. mai. B-paviljongen og lettbygget vil vere i bruk som i dag ut 2027, før dei blir rydda og tømde våren 2028.

Rektors orientering til styret 7. mai 2026

Sett frå Kaarstad-parken. Foto: HVO/Tone Solhaug

Studentombodet
Som styret har vore orientert om tidlegare sa HVL opp avtala om studenombod frå og med januar 2026. Vi har ei mellombels løysing på plass slik at ombodsrolla er fungerande. Det er ei glede å melde at HVO har inngått Studentombod OsloMet frå august, og ser fram til eit samarbeid med OsloMet om denne tenesta.  

Kompetansebudsjett
Regjeringa sitt varsla «kompetansebudsjett» vert eit nytt styringsverktøy frå 2027 der noko av målet er å kople utdanningstilbodet tettare til samfunnet sine behov. Arbeidet skal skje innanfor eksisterande økonomiske rammer gjennom tydelegare prioriteringar, dimensjonering og arbeidsdeling mellom institusjonane. Departementet varslar auka bruk av behovsanalysar og indikatorar for å sikre at sektoren leverer den kompetansen arbeidslivet faktisk etterspør. 

Studiesenter Søre Sunnmøre
Leiinga har hatt møte med ein aktør som arbeidar for å søke om midlar til å etablere eit studeisenter på Søre Sunnmøre, kanksje med sete i Volda. Dette kjem av at det er sett av statlege midlar til fylka for etablering av studiesenter. Møre og Romsdal har ein søknadsfrist for midlane den 15. mai. Leiinga vurderer det til at det truleg vert etablert eit studeisenter på Søre Sunnmøre i lys av dess emidlane, og at vi må syte for at dette vert ei styrke for HVO med godt samarbeid mellom HVO og eit eventuelt nytt studiesenter. 

Studenthuset Rokken
Studenthuset Rokken har utfordringar. Tidlegare har vi snaka om at dei har slitt med frivilligheita blant studentane, men dette er betre og fungerer på eit tilfredsstillande nivå. Utfordringa no handlar om økonomi. Det heng saman med auka kostnadar i tråd med inflasjonen i samfunnet, vesentleg auke i artisthonorar og også at ein etter korona generelt går mindre ut. Studentsamskipnaden har ett ned ei arbeidsgruppe som ser på kva eventuell tiltak ein kan gjere for å sikre drift i Rokken framover. Mi vurdering er at Rokken har ei veldig viktig betydning for studentmiljøet i Volda. 

Revisjon
HVO har denne veka motteke revisjonsberetninga frå riskrevisjonen, denne vert lagt fram på neste styremøte. Men det er godt å kunne informer om at HVO har motteke ei rein revisjonsberetning. 

Rektors appell – Rauma Pride 2026

Rektor deltok på Rauma Pride i Åndalsnes og holt appell.

Kjære alle saman – og gratulerer med dagen!

Eg er ikkje frå Rauma. Eg har reist hit frå Volda, som granne på Nordvestlandet – og det er ei ære å få stå på denne scena saman med dykk. For det som skjer her i dag, er noko av det finaste eit lokalsamfunn kan få til: folk som møter opp, heiser flagget og seier til kvarandre at her er det rom for alle.

Eg står her med fleire hattar på ein gong. Eg er Odd Helge. Eg er rektor og styreleiar ved Høgskulen i Volda. Og ja – eg er homofil. At eg kan seie dei tre tinga høgt, i same andedrag og med rak rygg, er ikkje noko eg alltid har kunna. Vegen dit var lang.

Lat meg byrje med noko som har skjedd no i vår. Medan vi gjer oss klare til å feire, har det rent inn pengar i to folkeinnsamlingar – nokre for å forsvare Pride i skulen, andre for å stoppe det. Til saman er summen over tre millionar kroner.

Tenk litt på det. Over tre millionar kroner – brukte på å krangle om born og unge skal få kjenne seg trygge på den dei er. I ei betre verd hadde dette vore unødvendige pengar, brukte på noko klokt og godt i staden. Men diverre er behovet der. Og det behovet har eit andlet.

For meg har det andletet alltid sett ut som ein gut på tolv–tretten år, med ei lærebok open framfor seg. I den boka las eg at «seksuell adferd og forplantning hører naturlig sammen». Eg las at folk som meg oftast valde å «leve som skjult homofil». Bodskapen var ikkje til å misforstå: det eg kjende, var det unaturlege. Eit avvik frå naturen sin orden. Det eg sat att med, var ei kjensle av å vere feil.

Den guten – det var meg. Og eg hadde trunge Pride i mitt klasserom, på 90-talet. Eg hadde trunge eit flagg, eit ord, eitt einaste menneske som sa høgt at det fanst rom for meg òg.

Men det fanst ikkje. Og det sette djupe spor. Då eg byrja å arbeide ved Høgskulen i Volda i 2006, gjekk eg faktisk inn att i skapet. Ikkje fordi nokon var vonde mot meg – det skjedde aldri. Men fordi det var heilt stilt. Eit vakuum. Og i det stille vakuumet vart skapet den tryggaste staden å vere.

Difor reagerer eg når nokon i dag seier at det er sjølve synlegheita som er problemet. At eit regnbogeflagg er tvang. For den guten i klasserommet fanst det ikkje noko flagg. Det fanst berre stille. Synlegheit er ikkje tvang. Synlegheit er det motsette av vakuumet. Det er nokon som seier, høgt nok til at du høyrer det: du er ikkje åleine.

Og her kjem rektoren inn. Mange unge frå Rauma og Romsdal studerer hjå oss i Volda. Vi utdannar lærarane som skal stå i klasseromma og møte born som den eg ein gong var. Ved høgskulen har vi nettopp vedteke ein ny visjon: «Danning og demokrati». Danning er ikkje å fortelje folk kva dei skal meine – det er å lære dei å tenkje sjølve, og å sjå mennesket i den andre. Demokrati er ikkje berre at fleirtalet får viljen sin; det er like mykje at vi vernar om dei få.

Eg veit at ikkje alle er samde med meg, og det skal det vere rom for. Eit ope og tolerant ordskifte er kjernen i det vi driv med på ein høgskule, og eg forsvarar gjerne retten din til å meine noko anna enn meg. Men kor mykje eit menneske er verdt, er ikkje ei meining vi skal krangle om. Det ligg fast.

For berre nokre veker sidan fekk Høgskulen i Volda Bygdeprideprisen. Då eg takka for han, sa eg at den prisen ikkje var min, som rektor. Han høyrde til dei som sit på hybelen og er usikre på om dei vågar å seie høgt at dei elskar nokon. Det står eg ved. Vi er stolte av prisen – og endå stoltare av det han står for.

Så når vi ser alle flagga her i dag, er det eit løfte. Til kvar einaste ein av dykk: Her er du velkomen. Her er du trygg. Her høyrer du til.

Vi står her for dei som framleis må gøyme seg. Vi står her for guten med læreboka. Og mest av alt står vi her for kvarandre – fordi kjærleik er kjærleik, og fordi vi saman byggjer eit varmare og opnare samfunn.

Riktig god Rauma Pride!

Rektors orientering til styret 12.03.2026

Leiar av Studentparlamentet Tale Rørvik Lejon leia samtala med statsmsinister Jonas Gahr Støre på ein framifrå måte. Foto: HVO/Steinarr Sommerset

Statsministerbesøk

Torsdag gjesta statsminister Jonas Gahr Støre høgskulen, i eit arrangement som verkeleg sette studentane våre i sentrum. Kantina var fylt til randa, og statsministeren tok seg god tid til å lytte og svare på spørsmål om alt frå pressa studentøkonomi og psykisk helse til rekrutteringsutfordringane i lærarutdanningane. Samtalen vart leia på framifrå vis av studentparlamentsleiaren vår, og særleg journaliststudentane fekk vist seg fram og utfordra statsministeren i pressesamtalene etterpå. Det var eit svært vellukka besøk som verkeleg syner at HVO er ein levande og viktig arena for nasjonale avgjerdstakarar.

HMS-dagen

HVO gjennomførte nett ein svært aktuell HMS-dag der hovudtemaet var endringane og dei økonomiske utfordringane høgskulen står i. Det vart lagt opp til ein open dialog om vegen vidare, der både leiinga, tillitsvalde, verneombod og bedriftshelsetenesta delte refleksjonar kring korleis vi saman kan takle reaksjonar og skape sunne endringsprosessar. Eit konkret og viktig poeng som vart trekt fram frå HR i denne samanhengen, er at talet på nytilsetjingar har gått kraftig ned dei siste åra. Dette viser tydeleg att ved at saksmengda i tilsetjingsutvala, TUFO og TADM, no er meir enn halvert, og for TUFO sin del handlar i dag fleirtalet av sakene om faglege opprykk heller enn nye tilsetjingar.

Studiebarometeret

Den generelle tilfredsheita blant studentane våre har auka frå 4,0 til 4,1. Det betyr at vi no ligg over landssnittet på 4,0, og vi held fram den solide framgangen frå 2023, då vi låg på 3,8. Vi må særleg trekkje fram biblioteket, som igjen gjer det svært skarpt. I tillegg er det spesielt gledeleg at vi skårar så høgt på studentmedverknad. Det syner at vi lukkast med eit av dei aller viktigaste satsingsområda i strategien vår, nemleg visjonen om å verkeleg vere «Tett på»

Arbeidsgruppe for kvalitetssystemet

Arbeidsgruppa for revisjon av kvalitetssystemet godt i gang med å forenkle systemet og gjennomgå prosessane våre. Eit sentralt grep er at dei føreslår å redusere kvalitetsområda frå åtte til seks, med tydelegare mål og betre operasjonalisering. Akkurat no jobbar gruppa særleg med å forbetre malar og heile rapporteringsløypa frå emne- til HVO-nivå, før dei i neste omgang kjem til å ta føre seg rutinane for akkreditering og revisjon av studietilbod. Arbeidet skal på høyring når det er sluttført og eit revidert kvalitetssystem vert lagt fram til styret for godkjenning.

Studentombodet

Som styret tidlegare er orientert om, har HVL sagt opp avtalen om studentombod. Vi har no fått på plass ei mellombels ordning, og arbeider parallelt med å få i stand ein ny, fast avtale med ein annan institusjon. Målet er å få på plass ei ordning som er langt mindre sårbar og meir robust for studentane våre enn den vi har hatt til no.

Kontorkartlegging

HVO har gjennomført ei kontorkartlegging for å ha betre oversikt over eventuelt leigebehov i det nye Aasenkvartalet, og departementet sitt krav om arealeffektivisering, og med tanke på behov når vi framover skal ut av paviljongane og lettbygget. Kartlegginga syner at vi kan optimalisere vesentleg betre når det gjeld lite brukte arbeidsplassar, noko som igjen vil redusere det framtidige behovet vårt for tilleggsareal når paviljongane vert fjerna. Eigedom er no i tett dialog med alle einingane for å finne gode løysingar for optimal bruk av eksisterande areal. Framover må vi forvente å i større grad ta i bruk dei kontorlandskapa vi allereie har på HVO, og då vil bookingkontora fungere glimrande som stillerom eller for intensive skriveperiodar.

Saker til etatsstyringsmøtet

Så langt har leiinga vurdert at vi har ei sak å melde inn til etatsstyringsmøtet i den 27. mai, nemleg lokaldemokratisenteret og det arbeidet. Dette for å få reflektere over behov et for dette saman med Kunnskapsdepartementet. Det vil vere fleire tema som er naturleg å diskutere, som fråfall, gjennomstrøyming, økonomien framover med meir, men alle desse kjem naturleg ut av årsrapporten. Så det er ikkje naturleg å melde det som eiga sak. 

Rektors orientering til styret 11.12.2025

Årets Erasmus+-institusjon 2025
Eg vil gjerne starte med ei god nyheit: Høgskulen i Volda er tildelt prisen for «Årets Erasmus+-institusjon 2025». Dette er ein prestisjetung anerkjenning blant alle høgskular og universitet i Noreg. Prisen viser at vår internasjonaliseringsinnsats – med høgt trykk i utveksling, god mottaking av internasjonale studentar, arbeid med mobilitet, integrering og internasjonalt samarbeid – blir lagt merke til nasjonalt. Den stadfestar at HVO er i front når det gjeld å gi studentar og tilsette eit ekte internasjonalt lærings- og utviklingsmiljø.

Demokratisenter
Eg vil også framheve ei svært positiv utvikling i forskings- og samfunnsengasjementet vårt: Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har vedteke å gje 2 millionar kroner til Høgskulen i Volda for utvikling av eit demokratisenter i Volda. Dette prosjektet skal kartlegge lokale utfordringar og legge til rette for tiltak som styrkjer medborgarskap, inkludering og demokratisk deltaking – særleg blant barn og unge. Dette viser at vårt samfunnsoppdrag og engasjement for lokaldemokratiet blir sett pris på, og gir oss gode moglegheiter til reell påverknad i regionen. Prosjektet er i samarbeid med Norsk Innovasjonssenter.

10 millionar til språkforsking
Eg vil gjerne trekke fram ei svært viktig forskings-nyheit: Førsteamanuensis Jade Sandstedt ved HVO har fått tildelt nær 10 millionar kroner frå Noregs forskingsråd til prosjektet «MInDReading». Over dei neste fire åra skal forskargruppa undersøke korleis dialektvariasjon – mellom ulike norske dialektar, nynorsk og bokmål — påverkar språkprosessering i hjernen. Dette er ei sterk anerkjenning av kompetansen i HVO-miljøet, og løftar HVO innan forsking.

Rekruttering lærarutdanningar
Vi har også fått ei god nyheit knytt til lærarutdanningane: Høgskulen i Volda er tildelt 1 million kroner til rekrutteringstiltak for både barnehagelærarutdanninga og lærarutdanningane. Midlane skal bidra til å styrke søkinga til desse utdanningane, som er kritisk viktige for regionen og der det nasjonalt er store rekrutteringsutfordringar.
Dette gir oss handlingsrom til å utvikle tiltak som kan treffe nye søkarar og støtte kommunane sitt kompetansebehov.

Arbeidsgrupper
Vi har no fleire viktige arbeidsgrupper i gang ved Høgskulen, mellom anna: arbeidet med kvalitetssystemet, strategiarbeidet og gjennomgangen av studieporteføljen. Dette er store og langsiktige prosessar som må sjåast i samanheng.

I tillegg har vi også peika ut ei arbeidsgruppe for kunstig intelligens på plass. Med tanke på å gi råd om bruk av KI i utdanningane, forskinga og forvaltninga og kome med framlegg til retningslinjer.

På bakgrunn av den økonomiske situasjonen vi ser i budsjettsaka og langtidsbudsjettet, og i tråd med styret sitt vedtak i Planar 2025 om ein gjennomgang av avdelingsstrukturen, vil leiinga no òg setje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på organiseringa av HVO på fleire nivå. Dette omfattar både avdelingsstruktur og organiseringa av dei administrative tenestene, og arbeidet skal munne ut i eit framlegg til styret i juni.

Vi planlegg å kome tilbake allereie i januar med ei samla styresak som gir ei løypemelding for arbeidsgruppene, framdrifta deira, og korleis desse tre linjene – strategi, portefølje og organisering – må koordinerast og sjåast i samanheng.

Påtroppande direktør Jan Olav Baarøy
Rektoratet hadde denne veka eit svært positivt og konstruktivt seminar med påtroppande direktør Jan Olav Baarøy. Han er godt i gang med å setje seg inn i organisasjonen og dei viktigaste utviklingsområda våre.

I januar og februar vil Baarøy kome til HVO ved fleire høve for å møte leiarar, tillitsvalde og studentar, slik at han får ein god start og eit breitt innblikk i organisasjonen.
Han vil vere klar til oppstart 1. mars som planlagt.Studentombod
Høgskulen på Vestlandet har sagt opp avtala vi har hatt om delt studentombod. Dette betyr at HVO no må finne ei ny og varig løysing for studentombodstenesta, noko studiedirektør er i gang med saman med resten av organisasjonen.

Kriseøving
Kriseleiinga gjennomførte i går ei vellukka kriseøving. Øvinga gav oss nyttige erfaringar og viste at både rutinar og samarbeidslinjer fungerer godt, samtidig som vi ser nokre område vi vil jobbe vidare med. Sikkerheit og beredskap er eit stort fokus i sektoren no, og direktøren deltok nyleg på det årlege sikkerheitsmøtet i Kunnskapsdepartementet, der dette vart løfta som eit av dei viktigaste utviklingsområda framover.

Utdeling FoU-prisen 2025

Prorektor Eirik Søvik delte ut FoU-prisen til forskingsprosjektet MANREPORT-IPV den 19. september 2025. Under føl helsinga til prisvinnaren.

Tre av forskarane som fekk FoU-prisen 2025 ved Høgskulen i Volda (f.v.): professor Silje Louise Dahl, professor og prosjektleiar Kjartan Leer-Salvesen og forskar Anita Dyb Linge. Foto: HVO

Det er ei stor glede for meg å stå her og dele ut FoU-prisen for 2025. FoU-prisen, oppretta i 2005, har vore delt ut til mange dyktige forskarar og forskingsmiljø på Høgskulen i Volda (HVO) opp gjennom tidene, og slik er det også i år. Med denne prisen ynskjer vi å rette merksemda mot FoU-arbeidet ved høgskulen og heidre framifrå innsats. Prisvinnarane våre er førebilete og modellar som bidreg til å auke kvaliteten til og omfanget av FoU-arbeidet på HVO.

I dag skal vi heidre innsatsen i eit særdeles viktig forskingsprosjekt. Årets pris går til prosjektet MANREPORT-IPV. Forskinga i prosjektet grip tak i eit stort folkehelseproblem – vald i nære relasjonar. Prosjektet set spesifikt søkelys på avverjeplikta i møte med partnarvald. Det er eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt med forskingsresultat som vil bidra breitt i samfunnet gjennom publisering og formidling.

Forskarane i prosjektet er nasjonalt og internasjonalt leiande på fagfeltet. Prosjektet er framleis undervegs, men har allereie ført til publikasjonar av svært høg kvalitet. Dette har mellom anna resultert i professoropprykk, og det er fleire disputasar i emning frå ph.d.-stipendiatane i prosjektet.

Eit moment som eg ynskjer å trekke fram, er det store fokuset på formidling i prosjektet. Sidan prosjektet forskar på eit område der forskingsresultata direkte kan omsetjast i førebygging, er det godt å sjå kor mykje av innsatsen som har vorte retta mot å nå ut til dei som avverjeplikta vedkjem i det daglege.

HVO er ein institusjon med mange profesjonsutdanningar, der vi utdannar kandidatar som skal møte menneske i mange sårbare situasjonar. Derfor er det særskilt flott å kunne løfte fram forsking som bidreg til at profesjonsutøvarar kan ta betre vare på dei menneska dei møter.

HVO-professor Kjartan Leer-Salvesen leier prosjektet i tospann med Solveig Vatnar. Dei har også fått med seg forskarar frå Oslo Universitetssjukehus, Politihøgskulen og Høgskulen i Molde i prosjektet. Det er godt å sjå korleis ein samlar naudsynt kompetanse for å kunne undersøke ein slik samansett tematikk. Tidlegare år har det vore mange enkelt forskarar som har vorte heidra, men med dette prosjektet syner ein verkeleg kva som er råd å få til når fleire dreg i same retning.

Høgskulestyret, som er dei som tildeler prisen, har understreka kor viktig det er at tilsette ved høgskulen dreg i gang ambisiøse prosjekt som dette. MANREPORT er eit godt førebilete som viser kva som er råd å få til her hjå oss.

Det vert spanande å sjå kva som kjem ut av dette viktige prosjektet, og ikkje minst: kva forskarane i prosjektet finn på etterpå.

Med dette vil eg gratulere MANREPORT som årets FoU-prisvinnar. Takk for bidraget dykkar og for det de bringar til det akademiske fellesskapet vårt.

Rektors orientering til styret 30.10.2025

Dekan Jorunn Sem Fure har sagt opp
Dekan Jorunn Sem Fure har sagt opp si stilling som dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie og vil fråtre ved årsskiftet. Jorunn seier sjølv at ho har hatt gode år ved HVO og ASH, og legg vekt på det sterke kollegiale fellesskapet og gode arbeidsmiljøet i avdelinga. 

Årsaka til endringa er ønsket om å vere meir til stades for familien, og ho tiltrer på nyåret som museumsleiar for Festningsmuseet på Bergenhus, ein del av Forsvarshistorisk museum under Forsvarsdepartementet. 

Leiinga er i gang ein prosess for å konstituere ein dekan for avdelinga. Og vi håper å kunne gjennomføre eit omframt styremøte så snart som råd for å få på plass ein dekan.

HVO og Høgskulen i Molde går inn i NorPal
Høgskulen i Volda har saman med Høgskulen i Molde valt å gå inn i Norsk konsortium for palestinsk høgare utdanning (NorPal). Konsortiet er etablert for å støtte gjenoppbygginga av høgare utdanning og forsking i Palestina, og samlar ei rekke norske universitet og høgskular i eit felles akademisk solidaritetsarbeid.

Valet om å delta er forankra i ønsket om å bidra til internasjonal akademisk ansvar og støtte studentar og tilsette som er ramma av krigen. Gjennom NorPal vil HVO og HiMolde kunne delta i mobilitetsordningar, forskingssamarbeid og dialog med norske myndigheiter om eventuelle tiltak.

Arbeidsgrupper
Arbeidsgruppene knytt til strategi og kvalitetssystemet er sett ned og i gang med sitt arbeid. Og vi planlegg med at styret vil få ei løypemelding på neste styremøte. Leiinga ser også behov for å setje ned ei arbeidsgruppe knytt til bruk av KI på Høgskulen i Volda, mellom anna med eit blikk på bruk av KI i utdanningsverksemda, til dømes i arbeidskrav og eksamen. Men også knytt til bruk av KI i forvaltninga. I desse daga arbeidar leiinga også med å setje ned eit språkpolitisk utval, som er ei oppfølging av dei språkpolitiske retningslinjene som var vedtekne i det førre styret. 

Utdanningsdagen 2025 (tysdag 28. oktober)

Gjennom ein heil skuledag fekk drygt 750 elevar frå vidaregåande skular og folkehøgskular teste ut og høyre om kva ein lærer og gjer på dei ulike studia ved Høgskulen i Volda – og ikkje minst kva studentane fyller fritida si med i Volda. 

Utdanningsdagen er ein viktig av rettleiinga for yrkesval i skulane i regionen. Frå Søre Sunnmøre kjem alle vidaregåande skular, men vi har også avtalar med mange skular på Nordre Sunnmøre og i Nordfjord. På Utdanningsdagen fekk vi besøk av lærarar og rådgjevarar frå Ålesund, Borgund, Volda, Spjelkavik, Stranda, Vestborg, Ulstein, Stryn, Firda, Eid, Akademiet Ålesund og Ørsta, og dessutan Ålesund og Møre folkehøgskule. Arrangementet er Høgskulen i Volda sitt største enkeltståande rekrutteringstiltak.

Dei ulike utdanningane presenterte seg i dei forskjellige husa ved høgskulen. Med det fekk ungdommane sett mykje av høgskuleområdet og ein del av fasilitetane som finnast. Den siste delen av dagen var også sett av til å gjere nettopp det, bli kjend med campus og treffe studentorganisasjonar som stod på stand.

 Vi gler oss til å ønske neste kull velkomen til neste års Utdanningsdag.

Lønsforhandling i mål
Årets 2.5.1-forhandlingar er i mål, innan fristen. Og direktør og HR-sjef melder om gode og reelle forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane. Det vart ein kombinasjon mellom generelle og individuelle tillegg. 

Budsjett
Som tidlegare informert om og som styret ser av sakspapira i dag, så er peikar pilene nedover når det gjeld økonomien. Det vert gjort ein stor innsats i organisasjonen på alle nivå, for å legge gode budsjett og dobbeltsjekke desse. Einingane har nettopp gått gjennom budsjetta på nytt med kritisk blikk og året 2026 vert svært stramt økonomisk. I tillegg til god budsjettstyring må vi også arbeide for å auke inntektene, med mellom anna auka studiepoengproduksjon, utan at det går på kostnad av kvalitet og eventuelle nye BOA-inntekter. Vi startar også i desse dagar å gå gjennom studieporteføljen kritisk, for å vurdere denne framover. Når det arbeidet er gjennomført vil vi sjå vidare på organisering og avdelingsstruktur, slik det er signalisert i planar 2025. 

Rektors opningstale studiestart august 2025

Velkomne til eit nytt studieår ved Høgskulen i Volda!

Kjære studentar – nye og gamle.

Det er ei stor glede å sjå dykk her i dag. Studiestart markerer eit nytt kapittel – fullt av forventningar, håp og kanskje litt uro. Nokre av dykk er heilt nye her, andre er tilbake etter sommarferie. Nokre kjenner seg trygge, andre meir usikre og bekymra. Alt dette er heilt normalt.

Samtidig som vi samlast her i Volda, skjer det mykje ute i verda.

La oss møte ei ung kvinne som sit ved kjøkkenbordet ein morgon. Ho sjekkar nyheitene medan ho et frukost. Krigen i Ukraina er inne i sitt tredje år. Den humanitære katastrofa i Gaza dominerer oppslaga. I USA vert demokratiske verdiar  og akademisk fridom utfordra. Autoritære leiarar bruker frykt og splid som politiske verktøy.

Ho skrur av telefonen og ser lenge ut vindauget.
«Kva slags verd er det eigentleg eg lever i?» tenker ho.
«Kan eg stole på at det eg trur på framleis gjev meining?»

Det kan kjennast overveldande. Men midt i denne uroa finst det stader der fellesskap og omsorg får blomstre.

Volda er ein slik stad.

Her lærer du ikkje berre fag. Du lærer å sjå menneske. Å forstå. Å bry deg.

Og det er nettopp det verda treng – meir enn nokon gong.

La meg fortelje dykk historia om ein student som kom til Volda.

Første veka gjekk han mykje for seg sjølv. Han sat åleine i kantina, på lesesalen, på hybelen. Men ein dag i ein pause kom ein eldre student bort:
«Er du ikkje ny her?» spurde han.
«Eg heiter Mathias. Kom og sit med oss andre.»
Gjennom Mathias vart han kjent med Elin og Tormod. Tormod var frivillig på Rokken og inviterte han med. Det vart starten på eit fellesskap – og etter kvart også ein jobb på biblioteket.

Seks år seinare ser han framleis på Volda som ein heim, sjølv om han har flytta herifrå.

Alt fordi Mathias såg han – og sa hei.

I ei verd prega av polarisering og uro, treng vi folk som byggjer tillit.

Vi treng journalistar, sosialarbeidarar, kulturarbeidarar, lærarar – ja menneske som ser andre og skapar samhald. Dette er utdanningar som ikkje kan erstattast av algoritmar. Dei byggjer på det mest grunnleggjande menneskelege: evna til å sjå, forstå og hjelpe.

Ved Høgskulen i Volda utdannar vi menneske som skal stå i møte med andre – i klasserom, på institusjonar, i lokalsamfunn, i mediebiletet. De skal bli dei som lyttar, som formidlar, som støttar og som utfordrar. De som gjer samfunnet meir inkluderande, meir rettferdig og meir opplyst.
Ein god lærar kan endre eit liv.
Ein god journalist kan avsløre urett og styrke demokratiet.
Ein god sosialarbeidar kan hjelpe eit menneske til å finne tilbake til seg sjølv.
Ein god kulturarbeidar kan skape rom for identitet, fellesskap og forståing.

Dette er ikkje berre yrke – det er samfunnsbygging.

Og det startar her, med dykk, og med den kompetansen de utviklar i Volda.
Her byggjer vi ikkje berre fagleg kompetanse, men også relasjonar og vennskap.

Sjå rundt deg i dag: Kven kan du vere ein Mathias for? Kven kan du inkludere? Kven kan du spørje om hjelp?

Studietida handlar om å lære seg å samarbeide, å diskutere, å lytte og å forstå. Men også om å ta ansvar for eiga læring. Å stille spørsmål. Å vere nysgjerrig. Å utfordre – både andre og deg sjølv.

Dette tek du med deg frå Høgskulen i Volda: Kompetanse i å sjå, forstå og hjelpe andre. I ei verd som endrar seg, er dette ei investering i framtida – både for deg sjølv og for samfunnet. Så når du møter motgang, hugs: Verda treng deg. Akkurat slik du er. Saman med kompetansa du byggjer her i Volda.

Saman skal vi skape kompetanse for eit betre samfunn.

Og hugs – eit enkelt hei kan endre eit liv. Kanskje blir det du som gjer Volda til heim for nokon.

Lukke til med studielivet!

Rektor si orientering til styret 19.06.2025

HVO – miløjøfyrtårn

HVO er Miljøfyrtårn, ei sertifisering som skal bidra til meir miljøeffektivt arbeid. Det blir årleg utarbeida årleg rapport som dokumenterer miljøarbeidet, og det vert utarbeida konkrete tiltak. Høgskulen i Volda har det siste året redusert totalt energiutslepp med 24 prosent, færre reiser og tekniske oppgraderingar i bygningsmassen forklarar nedgangen. Vi ser også ein reduksjon på 19 prosent i flyreiser og 23 prosent i bilbruk, meir bruk av digitale alternativ, slik reisepolicy oppmodar om, kan vere årsak. Arbeidet med avfallshandtering er styrka, det er sette opp sorteringsstasjonar fleire plassar ved HVO.  Søppelsortering er eit prioritert tiltak i 2025, det er etablert samarbeid med kantina som fekk sertifisering i februar 2025, eit tiltak HVO har arbeidd for å få til. Møblar som har vore til over har blitt levert til Volda kommune for gjenbruk. Det er sett i verk  grønne tiltak på campus, som etablering av blomstereng og biehotell. Styret vil på neste styremøte få ei styresak om miljøfyrtårnarbeidet.

KI-senter

Høgskulen i Volda er no partnar i eitt av dei seks nasjonale sentera for forsking på kunstig intelligens, som del av regjeringa si KI-milliardsatsing. Senteret, «The Norwegian Centre for Trustworthy AI» (TRUST), skal utvikle ny teknologi og sikre ansvarleg bruk av KI i samfunnet. Deltakinga gir HVO ei unik moglegheit til å styrkje forskingsprofilen vår og vere ein aktiv aktør i eit nasjonalt kunnskapsfellesskap. Samstundes vil dette aktivisere stipendiatstillinga som Sparebanken Møre har støtta, og dermed knyte regional finansiering til nasjonal forskingssatsing.

Sparebank1-stifitnga

Høgskulen i Volda har motteke over 1,1 million kroner frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til eit nytt forskingsprosjekt innan førebyggjande folkehelse. Prosjektet, leia av førsteamanuensis Øyvind Arne Høydal, skal undersøkje korleis fysisk aktivitet kan førebyggje og behandle mentale og nevrodegenerative lidingar som depresjon og demens. Forskinga skjer i samarbeid med Volda sjukehus og DPS Ålesund, og vil nytte både fysiologiske data og kunstig intelligens – noko som kan vekkje internasjonal merksemd og styrkje HVO si rolle som regional forskingsaktør.

I 2026 markerer vi at det er 300 år sidan Hans Strøm blei fødd – ein viktig folkeopplysar, naturforskar og prest med sterk tilknyting til Volda. Høgskulen planlegg eit jubileum i hans namn, og vi har allereie fått 200 000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til dette arbeidet. Jubileet vil vere ei moglegheit til å løfte fram både lokal historie og HVO si rolle som kunnskapsinstitusjon i Strøm si ånd.

Studiestart

Studiestart er 19. august, og planlegginga går svært godt. Alle avdelingar og fagmiljø er engasjerte i arbeidet med å ta imot både nye og tidlegare studentar på ein god måte. Faddervekastyret har gjort ein imponerande innsats, mellom anna med ei grundig ROS-analyse, og har utvida fadderveka til to veker for å gi betre rom for både organiserte og sosiale aktivitetar. Vi ser fram til ein trygg, inkluderande og livleg studiestart – i eit studiemiljø som vi veit mange studentar trekkjer fram som noko av det beste med å studere i Volda.

Sommar

I mai og juni har mange studentar fullført utdanninga si, og det har vore gjennomført ei rekkje avslutningar for avgangsstudentar. Vi er stolte av både studentane og våre tilsette som har følgt studentane fram til mål. Trass i ein travel periode med eksamen, sensur og planlegging av nytt studieår, har mange også funne tid til sosiale sommaravslutningar – noko som vitnar om eit sterkt og godt arbeidsmiljø ved høgskulen. Vi har mange dyktige tilsette som gjer ein framifrå jobb til det beste for studentane og forskinga. I tillegg vart Fjordkonferansen nyleg arrangert med temaet Tid – eit viktig samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde, NTNU og HVL.

Utviklingsavtalene med KD

På møtet med Kunnskapsdepartementet 18. juni blei det understreka at utviklingsavtalane skal vere eit strategisk styringsverktøy som både gir institusjonane handlingsrom og samtidig støttar nasjonale mål. Det blei peika på at tett kopling mellom utviklingsavtale og institusjonell strategi er avgjerande for at avtalen skal ha reell verdi. Samtidig er det behov for å tydeleggjere formål, mål og rapportering, og å vurdere korleis ein kan balansere autonomi med meir samordna styring. Departementet varsla endringar i rammeverket, med færre og meir målbare styringsparameter, og signaliserte eit sterkare fokus på utdanningskapasitet og dimensjonering inn i utviklignsavtalane. Det blei også diskutert korleis utviklingsavtalane kan bidra til betre arbeidsdeling i sektoren, og fleire tok til orde for at styringsdialogen må bli meir strategisk og mindre detaljstyrt. For Høgskulen i Volda betyr dette at vi må vere tydelege på vår eigen profil, og sikre at utviklingsavtalen er godt forankra i vår strategi og organisasjon. Institusjonane får ei bestilling i desember, og må i løpet av mars sende eit utkast til utviklingsavtale som skal vere styreforankra. Dette vil verte naturlege tema på fleire av styremøta i haust, januar og mars og passar sånn sett godt inn i strategiprosessen.

Utlysing direktør

I slutten av mai, før søknadsfristen var ute, valte innstillingsutvalet å utsetje søknadsfristen på studiedirektørstillinga. Bakgurnnen for dette var tilbakemeldingar får firmaet som leitar etter kandidatar at dei anbefalte meir tid til den prosessen. Vurderinga vart då at vi utsette fristen til etter sommaren. Ny frist er 25. august.