Vegg i vegg – med eller utan leigeavtale

Dei siste dagane har det vore mange nyhender om Aasenkvartalet, og det er mykje som er uvisst. Ein ting som ikkje er uvisst, er Høgskulen i Volda si interesse i og velvilje til prosjektet. Prosjektet vil styrke både regionen og høgskulen. 

Høgskulen i Volda er ein statleg etat. Det vil seie at vi ikkje kan leige areal utan å gå via utlysing av anbod med Statsbygg som rådgjevar. Aasenkvartalet ville vore ein naturleg kandidat i ein slik konkurranse. Men sjølv om Aasenkvartalet leverte inn eit tilbod, så måtte alle innleverte tilbod nøytralt vurderast opp mot kriteria i utlysinga. Høgskulen har altså aldri kunna garantere ei framtidig leige i Aasenkvartalet. Signala om at høgskulen trengde nye areal har tidlegare vore tydelege. Men gitt dei noverande økonomiske utsiktene og dei kjende behova til høgskulen, så ser vi ikkje for oss å leige meir areal enn det vi allereie har. Kunnskapsdepartementet forventar også at vi brukar areala vi har betre framfor å byggje nytt, og for ein statleg høgskule er det ikkje valfritt. Så per i dag er det vanskeleg å sjå for seg at høgskulen skal auke arealet vi disponerer i den næraste tida. 

Vi er like fullt svært positive til Aasenkvartalet. Med næringsliv og offentlege verksemder rett ved sida av høgskulen kan kvartalet gje høgskulen og arbeidslivet fleire og tettare møtepunkt. Der kan ein gründer finne forskaren som har arbeidd med det same spørsmålet, og ei bedrift kan verte kjend med studentane ho seinare vil rekruttere. Slike møte skjer lettare når folk er naboar. Det vi kan bidra med til eit slikt miljø, er fagfolk og kunnskap.

Det vil vere svært positivt med eit hotell med konferansefasilitetar. Der vil vi verte hotellkundar, både med konferansar, med gjestar til høgskulen og med studentar på samling i Volda. Og vi kan endå betre få vise fram høgskulen for fleire. Det viktigaste vi kan gje aktørane i Aasenkvartalet, er likevel ettertrakta kompetanse, gjennom samarbeid og forsking som kjem heile regionen vår til gode.

Aasenkvartalet er planlagt vegg i vegg med høgskulen. Den nærleiken er eit fortrinn for alle som vil etablere seg der, anten det er eit hotell eller eit innovasjonsmiljø. Studentane og forskarane våre er her uansett. Vegg i vegg, med eller utan leigeavtale.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Rektor Høgskulen i Volda

Lesarinnlegg i Møre og Møre-Nytt 9. oktober 2026