Rektor si orientering til styret 27.10.2023

Styret ved Høgskulen i Volda.

Masteren «Natur, kultur og sosial berekraft»
Det er ei glede å kunne informere styret om at kommisjonen og NOKUT har akkreditert masteren i «Natur, kultur og sosial berekraft». Rett før sommaren fekk vi tilsendt den foreløpige rapporten, som hadde til dels store spørsmål knytt til ei eventuell akkreditering. Fagmiljøa på AKF arbeida svært godt og svarte desse spørsmåla godt ut, og det førte mellom anna til ei namneendring, ein fekk inn sosial berekraft i staden for berekraft for å gjere samanhengen mellom namn og læringsutbytteformuleringar tydelegare. I starten av oktober kom den gledelege meldinga om at masteren vart akkreditert. Vegen vidare no vert å vurdere økonomien knytt til masteren, og styret har eksplisitt bedt om ei sak knytt til dette. Reelt sett må nok dette skje ved omprioritering internt, då våre tidlegare søknadar om nye studieplassar til denne masteren til Kunnskapsdepartementet ikkje har nått fram. Dette er også slik HVO tidlegare har finansiert dei fleste av dei to-årige masterane vi har. Vidare må vi også søke Kunnskapsdepartementet om godkjenning til å starte opp masteren. Ein eventuell oppstart ser vi for oss fyrst i 2025. Les meir om innhaldet i masteren her.

Søknad om akkreditering av doktorgraden Utdanning, språk og kultur
Her er ikkje noko nytt frå sist styremøte, vi ventar framleis på den foreløpige rapporten frå kommisjonen, der signala var at den skulle kome i løpet av oktober.

Studentar utanfor EU/EØS
Regjeringa har, som venta, fortsett økonomisk trekk for studentar utanfor EU/EØS. Målet er at desse studentane no skal betale for å studere i Noreg. HVO har vore svert kritiske til dette, saman med resten av UH-sektoren. Det har kome eit framlegg til ei stipendordning frå regjeringa på inntil 200 masterstudentar med som skal bøte på utfordringane som har oppstått i kjølvatnet av kravet om eigenbetaling for studentar utanfor EU/EØS vart innført. Innrettinga på stipenda har større preg av å vere bistandsarbeid enn internasjonalt kunnskapsarbeid. På masteren vår i Media Practices har eit mangfald av studentar vore viktig for å få ei breidde av erfaringar frå ulike land. Dette studentmangfaldet har også vore ein viktig del av studentmiljøet i Volda. Eit mangfald vi no i stor grad mister, som er ei stor bekymring. Stipendordninga kom på ei svært kort høyringsrunde, og HVO har svart og peikar mellom anna på nettopp dette, samt utfordringa med at stipend for inntil 200 studentar ikkje kjem i nærleiken av å kunne erstatte alle dei studentane UH-sektoren har mista. Per no er status på HVO at vi har 8 betalande studentar fordelt på studieprogramma Master in Media Practices, Norsk for internasjonale studentar og barnehagelærarutdanninga. Les meir om stipendiatordninga her.

Prosjekt på høgskuleområdet
Som vi kjem tilbake til seinare i ei sak i dag, så er oppussinga av Hans Strøm-huset i rute. Denne veka er det gjennomføring av ferdigbefaring, og vidare vert det handsaming av avvika. Det ser ikkje ut til at der er store avvik, men ein del små som må rettast opp. Fasaden vert ferdig i løpet av november. HVO er allereie i gang med å montere AV-utstyr og det er planlagt at dei tilsette kan flytte inn frå 20. november. Ein vil ta huset i fullt bruk med undervising frå januar 2024.

Statsbygg har også sett gang ei oppussing av idrettsbygget, der er eit større prosjekt for å nå reglane for universell utforming. Det er samtidig fleire andre opsjonar som Høgskulen ser på som moglegheiter, men som vi eventuelt må stå for sjølv økonomisk. Dette er til dømes eit treningsrom for studentane i ein del av bygget, jamfør at HVO måtte stenge det treningsrommet vi hadde for ei stund tilbake. Her må ein eventuelt prioritere investeringsmidlar til dette om det skal gjennomførast. Det er ikkje planlagt å stenge idrettsbygget i perioden arbeidet skjer, og vi har vore tydeleg på at det må takast særleg omsyn til eksamensperiodane, då store skuleeksamenar vert avvikla i bygget.  

Leiarsamling – UH-Nett Vest
Den 10.-11. oktober var rektor, direktør, dekanane, forskingssjef og personalsjef på leiarseminar saman med andre leiarar i UH-Nett Vest. UH-nett Vest er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda. Vidare er NLA Høgskolen og VID vitenskaplige høgskole assosierte medlemmer i nettverket. Nettverket sitt mål er å styrke forsking og utdanning på Vestlandet, og oppstod i forkant av regionsreforma, saman med fleire andre regionale nettverk i UH-sektoren. Konferansen hadde eit variert og godt program, og er ei viktig kontaktflate mot både regionen og politiske aktørar. Statsråd Sandra Borch opna konferansen, og fleire medlemar av Utdannings og forskingskomiteen var deltakarar på heile konferansen. Konferansen har vorte ein viktig arena for samarbeid mellom institusjonane på Vestlandet og også med tanke på å bygge relasjonar med nasjonale politiske aktørar. Heimesida til UH-nett Vest finn de her.

Rektorane i UH Nett Vest frå venstre: Odd Helge Mjellem Tonheim (HVO), Klaus Mohn (UiS), Margateth Hagen (UiB), Sigbjørn Sødal (NLA), Bård Mæland (VID) og Gunnar Yttri (HVL).

Statsbudsjettet og nytt finansieringssystem frå og med 2025
Til slutt nokre ord om statsbudsjettet og nytt finansieringssystem frå og med 2025. Statsbudsjettet for 2024 kjem vi tilbake til ei eiga sak seinare i dag. Rektor har også skrive eit eige blogg-innlegg om dette, som de finn her.  Kort oppsummert er dette er eit budsjett der HVO får ein realnedgang i løyvingane. Rett nok er nedgangen delvis varsla på førehand, men det endrar ikkje på realitetane med tanke på at HVO får nedgang i løyvingane. Vidare er det også skjult ei anna utfordring i budsjettet, nemleg at det som er gitt som rammeauke er i realiteten midlar HVO delvis allereie får eller har fått via søknad til HK-Dir. Desse midlane er også til dels øyremerka (den eine delen til lærarutdanning og den andre til desentrale og fleksible utdanningar). Eg tenker det er positivt at vi får pengane direkte i ramma, i staden for at vi må søke via HK-Dir, då dette fører til ei reell avbyråkratisering, men samtidig fører ikkje dette til meir pengar til sektoren. Den store utfordringa for HVO framover er utfasinga av koronastudieplassane, rektor er bekymra for at denne utfasinga vil føre til at dei 2-3 neste budsjetta for HVO vil sjå endå raudare ut, noko vi må førebu oss på.

Det er også gitt nokre signal om korleis det nye finansieringssystemet kjem til å sjå ut frå og med 2025. Det er planen at vi vil kome tilbake til dette i neste styremøte. Regjeringa skrur på mange knappar i det nye finansieringssystemet, og det gjenstår å sjå kva som vert resultatet her. Ein del resultatinsentiv forsvinn, som til dømes publisering og internasjonale studentar. Vidare vert det ei forenkling ved at ein går frå seks kategoriar (A-F) innan finansiering av studieplassar til 3 kategoriar, og det ser ut til at studiepoengproduksjonen kan få ei svak auke i finansieringa, og det vil vere avgjerande korleis HVO sine utdanningar plasserer seg inn i dei nye kategoriane. Vidare ser det ut til at kandidatindikatoren vert gjort om til ein ganske komplisert indikator knytt til gjennomstrøyming på grader, der institusjonane får eit økonomisk insentiv om ein har betre gjennomstrøyming på normert tid i grader enn gjennomsnittet i sektoren og også auka gjennomstrøyminga, men økonomisk nedgang om ein ligg under snittet i sektoren eller går tilbake. Den økonomiske storleiken på denne indikatoren, og korleis dette vil slå ut er framleis usikkert. Styret har tidelgare bedt om ein gjennomgang av dette, og eg tenker det er naturleg at det i neste styremøte vert sett ned ei gruppe som skal vurdere budsjettmodellen til HVO opp mot justeringane i den nye finansieringsmodellen.

Framlegg til statsbudsjett for 2024

Fredag den 6. oktober la Forsknings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch fram framlegget til den delen av statsbudsjettet som gjeld universitet og høgskulesektoren. I sin presentasjon brukte statsråden ord som meir tillit og meir ansvar. (khrono.no). Borch peikar på at det er eit godt budsjett for sektoren. Mottakinga i UH-sektoren er nok meir lunken, med omgrep som “lite ambisiøst”, “totalt ubegripelig” og “eit svik” (khrono.no). I dette blogginnlegget vil eg prøve å gå litt meir inn korleis dette budsjettet vil påverke Høgskulen i Volda.

Statsbudsjettet er den største enkelt faktoren som påverkar økonomien til HVO. Dei mest konkrete tala, justeringane og endringane finn ein i Kunnskapsdepartementet si orientering om statsbudsjettet til UH-sektoren, heretter kalla UH-budsjettet. Men også Kunnskapsdepartementet sitt overordna budsjettframlegg vil kunne gje oss nokre peikepinnar, og heilt overordna kan der vere ting i dei andre departementa sine budsjettframlegg og også det overordna statsbudsjettet til det overordna Statsbudsjettet for 2024 som kan påverke økonomien til HVO direkte eller indirekte.

I UH-budsjettet finn vi dei overordna tala for HVO, og den viktigaste tabellen (s. 15) er gjengitt under her. I den nedste rada ser vi tildelinga til HVO forklart i korleis den endrar seg basert på tildelinga i statsbudsjettet for året vi no er i. Vidare legg KD til eller trekker frå basert på faktorar som prisjustering, resultatbasert utteljing og andre faktorar som vert justert i statsbudsjettet.

Ein tek altso utgangspunkt i at HVO fekk tildelt om lag 435 millionar i statsbudsjettet for 2023. Vidare gjer Kunnskapsdepartementet følgjande justeringar med korte forklaringar basert på kva KD skriv i UH-budsjettet:

  • Prisjustering: pluss 28,656 millionar. Denne posten inkluderar vidareføring av prisjusteringa på om lag 9 millionar som vi fekk i revidert statsbudsjett i sommar, og vidare ein forventa prisvekst på om lag 4,4 %.
  • Studieplassar 2019-2023: minus 4,246 millionar. Dette er justering ut frå tildelte og inntrekte studieplassar i dei siste fire åra. I 2020 fekk HVO 100 studieplassar for å motverke arbeidsluese i samaband med koronapandemien, og desse vart vidareført med nytt opptak i 2021, men frå og med 2022 så vart desse studieplassane ikkje forlenga. Dette er altså ei venta nedtrappinga basert på at UH-sektoren omtrent skal tilbake til det nivået som var på studieplassar i 2019. Dette er ein post som vil stå på budsjettet frammover fram til alle dei fleirårie studieplassane er inndregne. I praksis handlar dette om inndraging av basisløyvingane for studieplassane. For HVO sin del vil dette føre til ein vesentleg minus i frammover, fram til basisløyvinga for studieplassane på HVO er tilbake til eit 2019-nivå. Til samanlikning budsjetta betydde dette i statsbudsjettet for 2023 ein pluss på litt over 5 millionar, då dei fleirårige studieplassane fortsatt var i opptrapping. Vi forventar ein større minus på denne posten i 2025.
  • Utfasing rekr.-stillingar: minus 3,048 millionar for HVO. I 2020 fekk HVO også seks stipendiatstillingar i samband med Utdanningsløftet 2020. Og dette er ei utfasing av dei seks  stipendiatstillingane som HVO fekk som ein del av Utdanningsløftet 2020. For heile sektoren er det utfasing av 250 stipendiatstillingar.
  • Resultatbasert utteljing: minus 0,18 millionar for HVO. Dette er den resultatbaserte utteljing for HVO, til dømes studiepoeng- og kandidatproduksjon, publiseringspoeng og anna resultatbasert uttlejing.
  • Inndekning satsingar: minus 5,562 millionar for HVO. Dette er ein reduksjon i løyvinga for å frigjere midlar til nye satsingar og omprioriteringar i sektoren. Til samanlikning var denne posten minus 2,3 millionar i statsbudsjettet for 2023.
  • Rammeauke: pluss 7,978 millionar for HVO. Dette er ei flytting av midlar frå det som tidlegare var søknadsbaserte ordningar i HK-Dir, og som no vert lagt direkte inn i ramma til UH-institusjonane.
  • Studieavgift: minus 0,95 millionar for HVO. Dette er ei vidarføring av inndraging av løyvinga knytt til at det vart innført studieavgift for studentar frå land utanfor EU/EØS.

Samla sett fører dette til ei løyving til HVO på kroner 457,757 millionar i budsjettet for 2024. Om ein tek utgangspunkt i løyvinga i statsbudsjettet 2023 på 435,109 millionar og legg til den forventa prisveksten på 28,656 millionar så vert summen på 463,765 millionar. Dermed ser vi at løyvinga for HVO har ein realnedgang på om lag 6 millionar.

I det vidare vil eg gå litt sjupare inn i dei enkelte delane og reflektere litt over moglege konsekvensar for HVO .

Resultatbasert utteljing
Resultatbasert utteljing baserer seg på dei konkrete resultata HVO har levert i 2022. Og den fordelar seg på opa og lukka ramme. Skilnaden på open og lukka ramme kan forklarast med at det som ligg under opa ramme så aukar finansieringa i takt med auka produksjon. Om sektoren til dømes hadde dobla talet på produserte studiepoeng, ville denne budsjettposten i statsbudsjettet vorte dobbelt så stor. Medan i lukka ramme er det ein fast budsjettpost der totalen ikkje aukar. Om sektoren produsererer til dømes fleire publiseringspoeng, så vert kvart publuseringspoeng mindre verdt. Og for HVO sin del må vi auke like mykje som dei andre for å fortsatt få “vår del” av den lukka ramma. Den resultatbaserte utteljinga innan:

  • Tal på studiepoeng (open ramme)
  • Tal på utvekslingsstudentar, inkludert Erasmus+-studentar (open ramme)
  • Tal på ferdigutdanna kandidatar (open ramme)
  • Tal på doktorgradskandidatar (open ramme)
  • Midlar frå EU (lukka ramme)
  • Midlar frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond (lukka ramme)
  • Inntekter frå bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) (lukka ramme)
  • Vitskapleg publisering (publiseringspoeng) (lukka ramme)

Om vi til dømes ser nærare på studiepoengproduksjonen, så har en utvikla seg slik, i tal produserte 60 studiepoengseiningar/heiltidsekvivalentar (kjelde DBH):

2019202020212022
Høgskulen i Volda2 6912 6432 8002 707

Vi ser at HVO produserte om lag 100 færre 60-studiepoengseiningar/ heiltitdsekvivalentar i 2022 enn i 2021, altso ein vesentleg nedgang. Dette viser igjen om ein går inn i detaljane på den resultatbaserte produksjonen i tabellen under (UH-budsjettet side 25):

Litt forenkla ser ein altso at ein nedgang på rundt 100 produserte 60-studiepoengseiningar fører til ein nedgang i resultatbasert løyving knytt til studiepoeng på nesten 5 millionar i løyvinga. Litt forenkla, fordi dette avheng jo også av kva av finansieringskategoriane (A-F) det eventuelt er nedgang og/eller oppgang i. Dette viser igjen i kandidatproduksjonen til HVO, der vi samla sett har produsert færre kandidatar i 2022 enn i 2021, men sidan 2022 var det fyrste året vi utekasminerte kandidatar etter dei femmårige grunnskulelærarutdanningane, så auka vi i kandidatar i ein høgare finansieringskategori og dobbel utteljing på grunn av at den er femmårig, og dermed gjekk vi likevel i pluss på kategorien. Vi aukar i tal publiseringspoeng i 2022, noko som medfører at vi aukar i denne delen av løyvinga. Og det aller mest gledelege er jo at det er tydeleg at doktorgrada i Helse og sosialfag er i full gang, og det var det heile fire disputasar, noko som fører til ei tydeleg auke i denne delen av den resultatbaserte løvinga. Og saman med ei auke av utveksling studentar og nokre av dei andre så “demmer” desse kategoriane opp for nedgangen i studiepoeng, og den totale resultatbaserte utteljinga til HVO som heilskap går om lag i null. Men dette vil jo fordele seg ulike nedover på einingane, basert på kvar eining si resultatbaserte utteljing.

Utfordringa for HVO er at denne resultatbaserte løyvinga har to års forseinking. Det vil sei at ei auke eller nedgang fyrst kjem to år etterpå. Vidare er det også varsla store endringar av den resultatbaserte tildelinga frå og med 2025, noko som eg kjem tilbake til i eit seinare blogginnlegg.

Studieplassar 2019-2023
Dette er ei varsla utfasing av studieplassane som vart tildelt i samband med korona i justert statsbudsjett 2020. Utfasinga har vore varsla, men sidan mange av studieplassane som var tildelt var treårige og vi fekk lyse ut studieplassane både i 2020, i 2021 og dei fleste i 2022, så var det i statsbudsjettet for 2023 fortsatt ei opptrapping knytt til desse ekstra studieplassane, med ei opptrapping på vel 5 millionar. Desse studieplassane har vorte gradvis opptrappa frå 2020 og frammover. Norke av studieplassane er framleis under opptrapping, då dei er femårige (GLU) medan for dei fleste av desse studieplassane er vi no byrja nedtrappinga på, med eit fråtrekk på litt over 4 millionar, og for dei fleste er dette ei halvårseffekt. Så her ventar vi større summar vert trekt inn i åra frammover, fram til alle dei 100 studieplassane er ute av rammeløyvinga vår. Det vi snakkar om her er utfasing av “basisdelen” av løyvinga knytt til studieplassane, altso det som går direkte i rammeløyvinga vår. Då eventuell studiepoengproduskjon knytt til plassane fyrst vil kome to år på etterskot.

Utfasing rekrutteringsstillingar
Dette er det som for min del er mest uventat i årets budsjett, og kanskje får størst konsekvenser for HVO. Dei seks stipendiatstillingane som vi fekk i samband med Utdanningsløftet i 2020 vert no trekt inn igjen, og så vidt meg bekjent, skjer dette utan forvarsel. Denne inndraginga gjelder i heile sektoren, og er ikkje unik for HVO. For HVO betyr det i praksis at vi har finansiering for seks færre stipandiatstillingar frå og med 2024.

Inndekning satsingar
Sitjande regjering tok vekk avbyråkratiseringskuttet som vart innført tidlegare. Men så snart dei tok vekk dette, så la dei inn eit anna kutt, som heiter “Inndekningar satsingar”, som altso handlar om at heile UH skal vere med på å finansiere nye satsingar og omprioriteringar i sektoren. Slik at ein trekker inn ein del løyving frå alle i sektoren, for så å gje dei tilbake til sektoren med med nye eller justerte føringar på dei. Til dømes kan det truleg handle om nye studieplassar eller andra satsingar. For HVO utgjer dette eit minus på vel 5,5 millionar, noko som er over dobbelt så mykje som HVO vart trekt i statsbudsjettet for 2023 på den same posten. Dette er i praksis ei nedjustering av rammeløyvinga til HVO, men med eit håp om at vi kan få det igjen med auke i rammeløyvingane, om vi treff dei nye eller justerte satsingane til Kunnskapsdepartementet. Per no er eg svært usikker på om HVO har greitt å få ta del i dei nye eller justerte satsingane godt nok til at vi har fått dekt inn igjen det HVO har vorte trekt.  Slik eg ser det så langt, så har dette ført til lågare rammeløyvingar for HVO dei siste åra. Her kan moglegeins ei oppstart av eventuell sjukepleie- og/eller vernepleieutdanning på HVO kunne vere med på å snu dette biletet for ein periode, om HVO bestem seg for å gå for det, og får tildelt studieplassar frå Kunnskapsdepartementet.

Rammeauke
Dette er i og for seg ei gledeleg tildeling, som gjer at HVO si rammeløyving aukar med nesten åtte millionar i år. Men i realiteten er dette inga auke av finansiering av UH-sektoren. For midlane vert teke frå ein del av dei søknadsbaserte ordningane hå HK-dir, og dermed er dette ikkje friske midlar inn i sektoren. Men det er likevel gledeleg og positivt, då dette er midlar vi no slepp å søke på frå år til år. Samtidig er det jo ei tydeleg bestilling med denne tildelinga, slik sett kan ein også peike på at regjeringa styrer sektoren sterkare. Dei nesten åtte millionane til HVO er fordelt slik:

  • 2,978 millionar til lærarutdanning. Dette er midlar som HVO også har fått tidlegare knytt til partnarskap for å styrke praksis i lærarutdanning. Hovudskilnaden no er at desse er lagt inni ramma, men Kunnskapsdepartementet tydeleggjer at midlane fortsatt skal nyttast til å føre vidare partnerskap og anna kvalitetsutvikling av lærarutdanning.
  • 5,0 millionar til desentrale og fleksibel utdanningar. Dette er midlar som i hovudsak er tildelt for å gjere utdanning tilgjengeleg og å styrke desentrale og fleksible utdanningstilbod. Dette er i hovudsak midlar som var søknadsbaserte hjå HK-dir, gjennom søknadsordninga knytt til fleksibel og desentral utdanning.

Studieavgifta
Dette er også ei forventa vidareføring av inndraging av midlar knytt til at studentar frå utanfor EU/EØS no skal betale for å ta studier i Noreg. I statsbudsjettet for 2023 var det halvårsverknad, i år er det heilårsverknad, og basert på informasjon i UH-budsjettet for 2024 er det grunn til å tru at denne inndraginga vil ha halvårsverknad i 2025, og dermed vil inndraginga vere fullført. Dette basert på at Kunnskapsdepartemtnet preseiserer at inndraginga baserer seg på at dei fleste studentane dette gjeld tek to-årige masterutdanningar. Realiteten i sektoren er at ein ikkje har greitt å fyllt opp plassane som vi her får inndregne med betalande studentar, noko som i praksis fører til ei nedjustering av tal studieplassar. Det er varsla  ei stipendordning, som vil dekke studieavgifta for 200 studentar (nasjonalt).

Andre endringar i statsbudsjettet
I eit statsbudjsett er det mange små og store justeringar, og det tek tid å få oversikt over kva knappar regjeringa trykker på og kva justeringar dei gjer. Difor er det fortsatt mykje som er uvisst. Men ei justering som kan vere positiv for HVO er at regjeringa i framlegg til statsbudjsett har funne midlar til ei halvering av maksprisane i dei såkalla FOT-rutene frå 1. april 2024 (dei regionale flyrutene som får statstøtte). Dette vil i praksis kunne bety vesentleg billegare flybillettar til og frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden, noko som kanskje vil kunne gjere det rimelegare for å reise for dei studentane som kjem langevegsfrå, samt at det gjere det enklare for ein del tilsette å delta på konferanser og andre viktige arenaer for samarbeid og utvikling.

Vegen vidare?
Vidare peikar budsjettet på korleis den nye finansieringsmodellen vert for UH-sektoren frå og med 2025 og frammover. Dette vil vil eg kome tilbake til i eit seinare bloginnlegg. Men, dette er berre eit framlegg til eit statsbudsjett. Det endelege statsbudsjettet må verte vedtatt av eit fleirtal i Stortinget. No må regjeringa forhandle. Endringar kan skje, men eg tvilar på at det vil medføre store endringane for Høgskulen i Volda.

Oppsummert
Dette er eit budsjett HVO der HVO får ein realnedgang i løyvingane. Rett nok er nedgangen delvis varsla på førehand, men det endrar ikkje på realitetane med tanke på at HVO får mindre løyving. Vidare er det også skjult ei anna utfordring i budsjettet, nemleg at det som er gitt som rammeauke er i realiteten midlar HVO delvis allereie har eller tidlegare har fått via søknad til HK-Dir. Desse midlane er også til dels øyremerka (den eine delen til lærarutdanning og den andre til desentrale og fleksible utdanningar). Eg tenker det er positivt at vi får pengane direkte i ramma, i staden for at vi må søke via HK-Dir, då dette fører til ei reell avbyråkratisering, men samtidig fører ikkje dette til meir pengar til sektoren. Den store utfordringa for HVO frammvoer er utfasinga av koronastudieplassane, eg er bekymra for at denne utfasinga vil føre til at dei 2-3 neste budsjetta for HVO vil sjå endå raudare ut, noko vi berre må førebu oss på.