Takk for åtte år som rektor Johann Roppen!

Kjære Johann!

Johann Roppen, rektor på Høgskulen i Volda frå 1.8.2015 til 31.7.2023.

Takk for 8 år som rektor. Du har vore rektor i snart 8 år, og har lagt ned ein enorm innsats i denne perioden for Høgskulen i Volda. I løpet av denne perioden har HVO hatt ei enorm vekst på mange områder. Vi har vorte fleire studentar, har vorte fleire tilsette og mykje utvikling har skjett. Doktorgrada i helse og sosialfag tok vel opp sine fyrste stipendiatar omtrent då du var rektor, eller kanskje litt før, og like viktig, HVO sine fyrste heilt eigenproduserte stipendiatar har disputert i din periode som rektor. Og samtidig har vi i løpet av din rektorperiode også søkt om ei heilt ny doktorgrad i Utdanning, språk og kultur. Vidare har vi over dobla talet på stipendiatar, og også talet på masterstudentar auka kraftig, og om ein tel med master i grunnskulelærarutdanning så har talet masterstudentar meir enn dobla seg i din periode som rektor.

Symjehallen har vorte riven medan Johann Roppen har vore rektor.

No kan jo du som rektor ikkje få æra for alt positive som har skjett, men likevel så er det ei viktig rolle som rektor å legge til rette for at fagmiljøa får utvikle seg vidare, og det har du verkeleg gjort. Du har støtta opp under gode initiativ til utvikling og latt dei blomstre. Og det er jo ikkje berre i tal tilsette og studentar HVO har utvikla seg, vi har også utvikla høgskuleområdet. Mykje oppussing har skjett, Kaarstad-huset vart pussa opp ganske tidleg. Vi fekk Vesle Strøm og ikkje minst er heile Hans Strøm-huset no under oppussing. Men vi har også mista eit bygg. Men sjølv om vi har mista symjehallen, så har vi jo også fått nytt bygg. Ja opp til fleire faktisk. Men kanskje det viktigaste nye bygget er jo Siver Aarflot-huset. Dette huset vert på ein måte ståande som eit monument over din rektorperiode. Og når ein ser på det så er jo Sivert Aarflot og du ikkje så ulike. Begge er mediepersonar og begge er opptekne av å spreie nyhende. Og eit av dine viktigaste bidrag som rektor er jo nettopp nyhendebrevet. Du har verkeleg fylt eit tomrom i Høgskulen her. Med nyhendebrevet har du greitt å binde saman organisasjonen og tilsette på tvers, og bidrege til at ein veit meir om kva som skjer både her og der på dei ulike einingane både internt og eksternt. Du har lagt eit veldig godt grunnlag for å vidare byggje opp under HVO som ein høgskule.

Og med nyhendebrevet og måten du arbeidar på har du også vore ein svært synleg rektor. Eg trur det er svært få som ikkje veit kven du er, og både studentar og tilsette tek gjerne ein prat med deg. Du er ofte å sjå i prat med studentar i kantina, eller i prat med tilsette over ein kopp med noko varmt i i lunsjkroken. Og i desse samtalen så er du ein god lyttar, du er har merksemd mot den som snakkar, og stiller gode og reflekterte oppfølgingsspørsmål noko som alle set pris på. Du er ein leiar på HVO som er svært synleg, og eg trur alle vågar å ta ein prat med deg, og det er eit stort forbilde for meg.

Johann Roppen og Kong Charles den tredje.

Du har vore HVO sin øvste leiar no i snart 8 år. Og du kan nok ikkje heilt måle deg i popularitet med han andre på biletet her, men så trur eg likevel at her på HVO så går du nok Kong Charles den tredje ein høg gang. Men klart det å vere HVO sin øvste leiar har sin pris. Du har lagt ned ein enorm arbeidsinnsats for HVO, og har vore å sjå på høgskulen både seint og tidleg, men heldigvis ofte avbrote med ei pause for å springe deg ein tur dei seinare åra. Og springinga angrip du analytisk, testar ut nye sko, du les deg opp på forsking, planlegg kosten fram mot eit løp og set deg grundig inn i ting. Og det er også eit viktig kjenneteikn med jobben din. Du er analytisk, og set deg så grundig inn i ting som du kan og stiller gode oppfølgingsspørsmål som i alle fall hjelper meg til å reflektere vidare. Ein eigenskap som eg er viss på at du no vil få god bruk for når du skal tilbake til ei stilling som professor på mediefag etter eitt år med fagleg oppdatering.

Så er det jo ein ting som har skjett medan du har vore rektor og HVO sin øvste leiar som KD, som strengt teke vert din sjef om du har nokon, ikkje har fått med seg. HVO har jo ein tradisjon med å dele ut eit gåvekort når du har vore tilsett på HVO i 20 år. Ja strengt teke byrja du vel her i 1994 trur eg, men forsvann ganske fort ut igjen i ei stipendiatstilling ved UiB også kom du tilbake i etterkant av dette. Men personalkontoret har i alle fall reknar ut at du no i løpet av denne siste rektorperioden har passert dei 20 åra med god margin. Slik at eg har då med meg gåvekortet til deg, som markeringa på at du har arbeida på HVO i over 20 år.

Kjære Johann, tusen tusen takk for innsatsen du har lagt ned som rektor og HVO sin øvste leiar, og nyt svevet over til ei akademisk stilling som professor på avdeling for mediefag.

Avtroppande rektor Johann Roppen i svevet over til ei akademisk stilling som professor på Avdeling for mediefag

Valplattforma til det påtroppande rektoratet

Det overordna målet i denne plattforma er å skape gode vilkår for utdanning, forsking, akademisk fridom og institusjonsdemokrati ved Høgskulen i Volda. 

Påtroppande prorektor Eirik Søvik (professor) og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim (førstelektor).

Kvalitet i forsking og utdanning

Det er kort avstand menneske og fagmiljø på Høgskulen i Volda. Det er ein av dei største styrkane for HVO. Det at vi er tett på kvarandre gjer HVO til ein god stad å utdanne seg og arbeide. Vi ønskjer å arbeide for ein endå meir levande campus for studentar og tilsette.

Høgskulen i Volda driv viktige profesjonsutdanningar, fagutdanningar og har ei særleg rolle i å styrkje nynorsk fagspråk. For å sikre utdanninga for framtida må vi auke omfanget og kvaliteten i forskinga vår. Vi har mange einskildforskarar som gjer framifrå forskingsarbeid, men samla sett er forskingsmiljøa våre for sårbare. Vi vil utvikle forskingskulturen og fagmiljøa vidare. God forsking gjer utdanningane betre. 

Styrka forsking og utdanningar gjer oss meir relevante for Nordvestlandet, Noreg og verda. Høgskulen i Volda skal framleis vere tett på dei sektorane vi utdannar til og forskar på. Eit tett samspel mellom verda ikring og høgskulen gjer HVO meir attraktiv for studentar, tilsette og styrkjer vår posisjon, både regionalt og nasjonalt.

Éin høgskule

Vi meiner Høgskulen i Volda har valt rett ved å stå aleine som sjølvstendig institusjon. For å kunne halde på posisjonen og fridomen i framtida må HVO arbeide meir i hop og på tvers av avdelingar, fag og administrasjon. Vi har trua på ein høgskule der alle ser verdien av kvarandre, og der vi saman skapar ein god stad å vere for studentar og tilsette. Ein slik kultur må HVO byggje i lag. Vi vil ha med alle, både studentar og tilsette, på tvers av einingar og tilsett-kategoriar for å finne vegen framover som éin høgskule.

Demokrati

Ingen einskild leiar, tilsett eller student har dei beste svara for Høgskulen i Volda. Dei beste svara finn vi saman. Derfor må demokratiet framleis stå sterkt ved Høgskulen i Volda. Ved vår kunnskapsinstitusjonen arbeider studentane og tilsette kvar dag for å skape eit best mogleg utdannings- og forskingsmiljø. Rektoratet skal ikkje ha alle svar og løysingar. Leiinga skal lytte til og få innspel frå studentar og tilsette.

Visjon 

Høgskulen i Volda er ein høgskule der studentar og tilsette på tvers av fag og avdelingar arbeider i lag for styrka forsking, gode utdanningar og eit levande høgskuledemokrati.